Gå til hovedinnhold

Landbruksdiktatoren: Lars Peder Brekk og behovet hans for å undertrykke kunnskap og meiningar

Lars Peder Brekks landbrukspolitikk er på sikt ikkje forenlig med eit etisk forsvarlig landbruk.


Svenn Arne Lie har presentert tal på det som lenge har vore openbart for oss som jobbar i landbruket: Dagens utvikling går i motsatt retning av dei landbrukspolitiske målsetningane. Bruk legges ned med stor fart, matproduksjonen sentraliseres, jordbruksareal legges brakk, sjølforsyningsgraden svekkes, importen av kraftfôr aukar, realinntektene synk, kostnad og gjeld veks. Vidare hevder Lie noko som også er innlysande, nemlig at mykje av denne utviklingen kan forklarast av landbrukspolitikken som føres, og som fremmer strukturrasjonaliseringen.
Dette får landbruksministeren til å fullstendig miste hovudet i eit innlegg som representerer et foreløpig lågmål fra LMD.

Etter å ha lese Lars Peder Brekks svar til Lie i Nationen 4.juni er det freistande å spörre seg kor mykje kjenneskap ministeren har til norsk landbruk. Brekk maktar, som venta, ikkje å svare på Lies kronikk, og går heller til eit pinleg personangrep der han forsöker å så tvil om Lies kompetanse og analytiske innsikt. Eg tek meg i å trekke på smilebandet. Har virkelig ein landbruksminister ikkje anna å servere Nationens lesarar? Vi ser ein eldre kar som på tampen av sin karriere desperat kjempar for eit falmande bilete av eit norsk landbruk, ein minister som ikkje liker, og ikkje maktar gå i debatt med langt yngre, meir skarpskodde og bedre informerte stemmer som i motsetning til Brekk kan levere både statistisk materiale og analyser. Spar energien, Brekk.


Retorisk inkompetanse er i media blitt Brekks merkevare. Han har ei grenselaust naive tilnärming til framtidsutsiktene. Det kjem ikkje til å vere småskala, distriktslandbruk i Norge om eit lite tiår om trenden ikkje snur. Å sei noko anna, er å ikkje sjå verken konsekvensane av eigen politikk, samt å ta seg sjölv ute av ein internasjonal kontekst.


Kvifor vil ikkje landbruksdepartementet ha ein debatt om konsekvensene av landbrukspolitikken? Det virker som om Brekk og hans sverddragarar i LMD lever langt frå norsk landbruksvirkelighet. Vi har sett det gong på gong. Når ein er ute som veterinär, ser ein skuggesidene i landbruket som skuldast den elendige ökonomien mange slit med. Når ei heil yrkesgruppe (böndene) går for lut og kaldt vatn, må det nödvendigvis bli mykje som ikkje er ideelt. Mange deltidsbönder har full jobb på si med dei dyrevelferdsmessige konsekvensane det mange stader medförer, og den reduksjonen i kvaliteten på drifta. Det er ingen hemmelighet at deltidsbönder ikkje alltid er eit pent syn.

Produksjonspress og effektivitetskrav förer også med seg ei brutalisering og eit större press på dyra. Det er ikkje noko som heiter individ. Farmen der eg har hatt praksis på i USA, har 2 500 melkekyr, og er tilknytt eit universitet som utdannar veterinærar. Dei har ansvar for å lære opp morgondagens landbruksforvaltarar. Fleire kyr vert haldne i live som levande skjellett. Beingrinder med tynt skinn på, håra avskalla i store områder, ligg strekk ut i sjukebingen. Her ligg dei og ventar på at medisinane dei er behandla med skal gå ut av kroppen slik at dei kan løftast opp av ein gaffeltruck og tippast inn i ein lastebil og serverast på Mac Donalds. Kvar krone tel. Å innbille seg at ei slik industrialisering, og at slike ting som dette ikkje kjem til å bli tilfelle i Norge når gardane blir större og ökonomien tar strupetak, er å totalt mangle perspektiv på politikken ein förer.

Det er ingen tvil om at ordet dyrevelferd, av ökonomiske årsaker, er på veg til å bli tappa for innhald i store delar av landbruket. Denne utviklinga vert forsvart av Brekk, antageligvis i stor grad grunna sterkt sviktande kunnskap om dei faktiske realitetane i landbruket. Brekks fornektelse av konsekvensane av eigen politikk er på sikt ikkje forenlig med eit etisk forsvarlig landbruk.


Lat oss kikke mot Sverige, slik Brekk sjölv gjer i sin kronikk. Eg köyrer for tida kombinertpraksis som veterinär med storfe i dette landet. Eg trur ikkje ministeren vet spesielt mye om landbruket her, og han er herved velkommen til å köyre veterinärpraksis med meg for å sjå korleis det kjem til å vere i Norge om få år med den politikken han i dag står i spissen for: Mjølkebørs, samdrift, selskap, beitefritak for lausdriftsfjösar. Å innbille seg at vi ikkje vil få "svenske tilstandar" i Norge om utviklinga får fortsette som idag, er naivt. Som Brekk seier: "slik er utviklinga i alle rike land". Eg tilföyer: sjölv om Norge heldigvis, enda i dag, heng litt etter. Antalet gardar i Sverige har rast kraftig siste åra.

Det kan vere at norske landbruksorganisasjonar, i tillegg til å sei at vi treng norsk landbruk fordi det er så flott og reint, og at det difor bör bevarast, bör gå ut og vise fram korleis det faktisk går når bonden må jobbe deltid, når dyra må stå utan tilsyn. Alt av ökonomiske årsaker. Dei kan fortelle oss om korleis effektivisering og kostnadsbesparingar pressar fram eit på sikt stadig meir brutalt landbruk.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...