Gå til hovedinnhold

Falske profetar i landbruket

I ei kjöttfarse av eit innlegg, tydeligvis skrive etter oppskrift til korleis ein kvernar kjötdeig (ein veit ikkje kva som er kva og kva som er i deiga til slutta) kvernar sjefen for kjöt, XX (eg har ikkje navnet her pga ei latterlig internettilkobling som ikkje lar meg lese verken nettaviser eller epost), ut ei remse av eit innlegg (ein kronikk i Nationen som komisk nok heiter "ikkje mobb Brekk, eller noko i den dur), som får meg til å tru at han skriv i rein kjöttfarserus. Diverre er ikkje dette malen for korleis skrive ein god kronikk. Gode kronikkar er som heil steik: ein veit kva ein har lese, eventuelt: ein veit kva som står der etter at ein har lese det. Eg har hevda det för og eg hevdar det igjen: landbruks-Norge og deira organisasjonar manglar gode retorikarar. Det blir platt, det blir flåsete og ei mengde klönete ord utan innhald. Kort sagt: det blir pinlig. Men alright. Til saken, eller kjöttfarsen om du vil.

Lat oss ta det punktvis på eit realt nakkebiffnivå:

1) Brekk bedriv tåkelegging av utviklinga. Om årsaka er reinspikka vankunne eller ein naivitet vi sjeldan ser makan til, er meg ukjent. Han forsöker dekke over utviklinga og det blir stadig meir påtatt og falskt.

2) Det er på hög tid å snakke högt om falskmakeriet Brekk bedriv. Brekk, og hans navngitte kronikkforfattarar, driv klappjakt på sine kritikarar (frie forskarar) og sår tvil om deira kompetanse. Dette bidreg til å undergrave tiltrua til Brekks dömmekraft, all den tid han tydelig framstår som skeptisk til fri debatt. Det er spesielt korleis Brekk önsker å hindre at fakta lek ut. Eg seier det mange seier, også i maktas korridorar: Brekk skadar Sp og han skadar landbruket i Norge.

3) No må ikkje X koke kjöttfarse på ein fiskepinne: ha det heilt klart: dagens utvikling kjem ikkje som ei overrasking på meg eller Lie. Den er sjölvsagt gitt politikken som föres: sentralisering, större bruk og industrialisering. Eg önsker meg ikkje bakover i tid teknologisk og kunnskapsmessig, men er skeptisk til ei utvikling der dyrevelferd, etikk og miljö blir ofra på alteret for profitt og effektivisering. Dette er sjeldan pent, og det er eit syn få forunt å sjå. Folk kjem ikkje lenger frå ein gard, kunnskapslöysa om landbruket er stor og difor kan Brekk og hans tåkeleggande kjöttdeigkameratar lire av seg mykje svada utan å bli gjennomskoda. Eg er skeptisk til at Brekk, som påstår han forsvarar eit småskala norsk landbruk, utnyttar dette kompetanseholet for å lure velgarane til å tru at landbruket går bra, på same tid som han piskar utviklinga i retning industrialisering.

4) Utviklinga må sjåast i eit internasjonalt perspektiv. Å sjå på Norge, og tru at vi får ei utvikling ulik alle andre, gitt politikken, blir heilt feil. Difor stiller eg meg undrande når Brekk viser til f.eks. Sveriges utvikling og påstår at Norge er så mykje ulikt. Ja, idag er det ulikt, men utviklinga går i eksakt same retning. Vi ligg berre nokre år bak. Alt anna er reinspikka kjöttdeigtåkeprat. Om få år er ikkje norsk landbruk lenger unikt og småskala. Difor er det parodisk å sjå på Brekk og hans sverddragarar som rabiat herjar i spaltane i forsvar for eigen politikk/ utviklinga. Det er eit underleg og lite truverdig skue som bidreg til å undergrave både tilliten til LMD og Brekks politikk og kunnskap. Om retorikken var betre: kanskje vi lot oss lure, men per idag er den tomme kramperetorikken frå Brekk og hans kjöttfarsekompisar like truverdig som å tru på at ein pakke kjöttdeig skal kunne gjenoppstå som ku. Reint kjöttfarsevrövl.

Anne Viken, journalist, bloggar og veterinär med stordyrpraksis i Sverige
anneviken.blogspot.com

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...