Gå til hovedinnhold

The Hamburger Trail

Eg hadde her om dagen den store gleda av å køyre bil frå Oslo til Bygstad i Sunnfjord. Eg veit av erfaring at bussen frå Oslo til Førde stoppar på Gol ved ei tragisk hamburgersjappe der alle som ikkje har tre kilo niste med seg i sekken må tvangsete i seg ein burger eller to, samt køyre i seg tilstrekkelige mengder brus og ketchup.

Å køyre bil frå Oslo til Bygstad er ikkje stort betre. Langs vegen er det spekka med hamburgersjapper. Ein kvar liten fillestad med respekt for seg sjølv, eventuelt mangel på sådan, har gatekjøkken linja opp der du får kjøpt den eine burgeren meir shabby og klissete enn den andre til røvarprisar som ikkje lignar grisen. Mitt enkle spørsmål er: kor gørr kjedelig må det ikkje vere å bruke livet sitt på å severer dårlig overprisa drittmat til folk som forsøker å ha det litt kjekt på tur, og som desperat stoppar bilen for å stille svolten. Eg har mange gongar tenkt at det må vere ein meiningslaus tilværelse.

Og det andre: vi har jo så mykje god mat her i dette landet, kvifor serverar vi den ikkje til folk som kjem forbi? På Viksdalen har dei den unike kafeen Osabua. Den liker eg godt, dei har sine eigne fruktdrinkar Viksdalen Hawaii, men trur du ikkje at også dei serverer BURGER og PØLSE og COLA??

Sommarferie langs vegane her er TRASHmat av langt verre kvalitet enn det vi får om vi tilbakelegg liknande distansar i trashmekkalandet USA. Dei har i det minste opphavsrett på mykje av trashmaten. Her serverer vi berre dårlige kopiar, utvaska burger, dvaske pølser og poomfrites som flyt utover golvet til allmenn skrekk og advarsel.

The Hamburger Trail legg eit kvalmt luktande, feitt og trashaktig belegg på merkevara Fjords og Fjells. Det er ikkje gjennomført. Mat er trass alt noko av det som eksempelvis middelklassen legg vekt på. Kulinariske reiser står høgt i kurs, og våre pensjonistar har pengar. Vi oppsøker stadar som serverer god mat. Vi dreg ut av landet for å få tak i god mat. Vi er stadig høgare utdanna med dei stadig sunnare og betre vanane, og lengre livsløp det visstnok medfører, men når vi legg oss på vegen får vi hamburger gafla ned i halsen.

Det er til å spy av.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...