Gå til hovedinnhold

Forskningsdirektör ved Universitetet i Stavanger spreier faktafeil om ökologisk landbruk. Interessant/ pinlig/ komisk

I Stavanger Aftenblad har forskningsdirektör ved Universitetet i Stavanger gått ut med ei rekke grove faktafeil og påstander om ökologisk landbruk. Eg synest det er ganske grovt når ein forskningsdirektör på denne måten vel å fronte stygge faktafeil i media. Dette trur eg er nokre av dei grovaste faktafeila om landbruk eg har sett i media på ganske så lenge.

Eg stiller meg undrande til at direktören ikkje har makta sjekke opp elementäre nettsider om ökologisk landbruk som ligg lett tilgjengelig på nettet. Eg stiller meg også undrande til at ein forskningsdirektör, som burde ha internasjonal forskningserfaring og som dermed også burde vere klar over at regelverk og krav varierer mellom land, vel å basere seg på ei amerikansk bok. Eg har nesten lyst til å spörre: kor naiv går det an å bli? Kanskje Bernt Hagtvedt har rett når han seier det går inflasjon i universitet i dette landet. Det kan kanskje faktabruken, eller faktafeiloverflommen, vitne om.

Blant anna uttaler forskningsdirektören dette til Stavanger Aftenblad (utdrag):

"... det er et kjempeproblem at mer og mer av landbruket er basert på kraftfôr. (Men det er det ingen som tør å ta tak i, sier Bergesen, som også understreker at han uttaler seg som cancerianer, altså en person som lever med en kreftdiagnose, men som ikke er pasient, og at han ikke er noen ekspert på området (er ikkje ekspert, men som forskningdirektör har han eventuelt ein viss pondus?) – Men alt det Servan-Schreiber skriver om, er godt dokumentert (kanskje i USA). For meg var det oppsiktsvekkende at det finnes så mye dokumentasjon, men at den ikke har blitt gjort mer kjent, at man må grave etter den selv.

– Hvorfor er det sånn, tror du?

– Dette er et vanskelig område å ta tak i, fordi det ligger sterke økonomiske interesser bak. Men her ligger det også muligheter for det norske markedet. Vi må få på plass merkeordninger som viser om produktene er basert på kraftfôr eller ikke. Myndighetene må være mye mer offensive med informasjon. Det er viktig at forbrukerne får muligheten til å velge. Myndighetene burde også bruke prisene, blant annet ved å sette høyere avgifter på sukkerholdige varer. Jeg ser en klar parallell til røykeloven. Det tok 50 år fra man påviste de helseskadelige virkningene av røyking, til vi fikk effektive politiske tiltak mot røyking, sier Bergesen.

Generaltabben Bergesen gjer, er å anta at det han har lese i den amerikanske magiboka, er direkte overförbart til Norge. Hadde ein eventuelt i artikkelen, dersom boka han har lese er basert på fakta vel å merke og ikkje like sleivete i faktaomgangen som Olesen sjölv, hadde det vore noko anna. Feks om det faktisk er sant at ökologisk mat i USA er produsert utan kraftfor, noko den IKKJE er i Norge. Ein kan også legge til at i USA er det forbode å behandle ökologiske kyr med antibiotika. Du kan jo sjölv tenke deg om du får lungebetennelse men inga legehjelp. Etikken er med andre ord svärt betenkelig.

Denne artikkelen fekk meg til å riste godt på hovudet over naiviteten i forskningsmiljöet. På tide med litt meir kaffe. Fakta er kort og godt dette: både ökologiske og konvensjonelle dyr i Norge og Sverige og ei rekke andre land får KRAFTFOR. Men ökologiske dyr får ökologisk kraftfor og konvensjonelle konvensjonelt.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...