Gå til hovedinnhold

I Bjørnstjerne Bjørnsons kampånd

Utkast til min folketale på Bjørnsonfestivalen 31.august 2010, kl 15 i Alexanderparken, Molde.
Eg leser også frå min boksingle XXX på Bjørnsonfestivalen kl 22.15-23, på Skybar Rica Seilet Hotell i Molde same dag. XXX kan kjøpes på nett eller hos Norli, Audiatur osv. Bestill XXX på nettet.

I år er det hundre år sidan Bjørnstjerne Bjørnson døde. Bjørnstjerne Bjørnson er med sin produktivitet og sitt utrøttelige arbeid for det han trur på, eit førebilete for meg som skribent og samfunnsdebattant. Vi opererer i dag i ei, vil eg tru, langt tøffare og meir kompleks medievirkelighet enn Bjørnson gjorde, og i den massive informasjonsflyten vi blir utsett for, er det ofte både vanskelig å nå gjennom og vanskelig å vite kva ein skal tru på eller ikkje av det ein får servert.

Og medan Bjørnson var ei eldsjel på vegne av samfunnet i sine bidrag til debatten, ser dagens skribentar i stor grad ofte ut til å eksistere utelatande for å underhalde oss. Det er langt mellom dei oppeldnande sjelene i spaltane. Det er langt mellom dei store skribentane, slik må det vere, ellers var ingen store, men vi har eit problem: Ein er meir opptekne av å dyrke imaget, få inngang på Aschehougs hagefest og ha tilgang til spalteplass enn å faktisk gi jernet i samfunnsdebatten. Difor er samfunnsdebatten i Norge ofte ganske dvask.


Dette blir sjølvsagt utnytta av ei rekke aktørar, slik vil det også nødvendigvis vere i eit samfunn med demokratisk debatt, men ei av sidene ved demokratisk debatt, er at ein sjeldan har krav til sannhetsgehalt og kompetent argumentasjon. Sjølv er eg naturvitar og samfunnsvitar, utdanna veterinær og har jobba både som veterinær og journalist. Eg er opptatt av landbruk, klima og miljø og naturvitenskap, tema som media har svak om ingen kompetanse på. Media har heller, med få hederlige unntak, inga interesse av å sette seg inn i tema som til eksempel landbruk og bønder, tema som var blant Bjørnstjerne Bjørnsons kampsaker.


Ofte føler eg at media går på tomgang, og for meg blei avislokala i Oslo for oksygenfattige, for lite utfordrande, for stilleståande. Den som trur at det er meir action å jobbe i Dagbladet enn i lokalavisa mi i Sogn og Fjordane, Firda, tek feil.


Dei svekka økonomiske betingelsane som finst i norsk presse idag er med på å undergrav mulighetene for ein informert debatt, er med på å undergrave tilfanget av gravejournalistikk og svekke den demokratiske informasjonsflyten som er må til for å få ein informert og kompetansebasert debatt.


Det er ofte underlig å kikke på norske medier og debatt. Journalist Aslak Nore var i juni ute og erklærer kulturkrigen for vunnet på same tid som han seier at det er viktig å sjå Norge utanfrå. Det blir parodisk. Eg er freista foreslå at Nore må sjå sin eigen kulturkamp utanfrå. Sjølv om kulturkrigens kamerater debatterer hefig på kvarandres Facebook-sider og klappar kvarandre på skuldra og erklærer kulturkrigen som vunnen over eit par pils ein fredagskveld, betyr ikkje dette nødvendigvis at slaget er vunnet, med mindre det var eit par nye pilskompiser ein ønskte seg, vel å merke. Nores påstand, dersom den er seriøs og ikkje berre eit forsøk på å spikre ei skapt sanning inn i lesarens hovud, fortel oss mykje om tilværelsen in the box, i mediebobla eller kulturkampbobla, om du vil. Der inne er det lite luft.


Eg meiner ikkje å ildne opp under eit elitehat, eller å auke avstanden mellom media og folk, men påpeiker nokre heilt enkle fakta. Det eine er dette: det er svært stor avstand mellom media og folk. Dette bidreg til at debattar foregår lausrivne frå realitetar, utan input.

Lat oss sei det slik:


Eg er ingen motstandar av kulturkamp, lat det vere sagt. Det har vore mange interessante stemmer og synspunkt ute, men saken er: kven kjempar ein om og mot og har ein mista perspektivet? Kven er det ein ønsker å overbevise i kulturkampen, kven er det ein kjempar mot? Kjempar ein om antal spaltemeter, eller kjempar ein om innflytelse? Og innflytelse på kven? Sine Facebook-venner og den såkalte medieeliten, eller på «folket»? Vil ein endre opinionen eller kun vise sine meiningsmotstandarar «at vi er mektige»?


I boka «Bråk» trekk Marie Simonsen og Ingunn Yssen fram nett denne problemstillingen: medias fokus på Erna Solbergs vekt. Dei legg denne til grunn for hysteriet rundt kvinnelige politikarars utsjånad. Spørsmål: kven er det som er hysteriske rundt dette? Medierådgivarane eller velgarane? Kven si virkelighet baserar dei sine problemstillingar på? Medias virkelighet, eller medias skapte virkelighet? Kven si virkelighet er relevant? Ofte ikkje folks virkelighet, men «på vegne av folk», det ein trur er viktig, for dei. Basert på den kunnskapen ein har, som ofte er ganske tynn. Jamfør dekningen av landbruksoppgjeret: melka blir dyrare. Shit. Dei same mediene er motstandarar av redusert dyrevelferd og seier nei til E.coli i maten. Samanhengen er kvar? Den finst i mangelen på kunnskap om tematikken matproduksjon.


Medieeliten, eller kva ein skal kalle dei, lever i ei eige avsnitt av verda. Kor relevante er dei egentlig? For kven er det eigentleg eit problem at Erna Solberg er overvektig? For medierådgivarar eller for velgarane? Og er det riktig å påstå at slankepress er ein trend i tida dersom trenden kun er påpeikt av medierådgivarar og mediene? Er det i såfall ein medieskapt, eller mediepåstått trend, eller ein sjølvoppfyllande profeti?


alle norske skribentar med respekt for seg sjølv har skrive ein kronikk eller minst ein kommentar om Knausgård. Det er tidvis freistande å påstå at mange norske skribentar ser ut som om dei sit innesperra i ein boks store delar av døgnet. Tilgangen til verda foregår gjennom eit kjapt google-søk: kva skriv alle andre om no? Ok, eg hiv meg på.


Eg etterlyser, i Bjørnsonsk ånd, modige samfunnsdebattantar som tørr å tenke sjølv, som vågar å sjå si eiga rolle og som tørr å tenke utanfor opptrekte rammer, gå eigne vegar, velge eigne tema.


Det er tidvis svært kjedelig å lese skribentar som går på tomgang, største input-kanal ser ut til å vere Twitter og Facebook. Kven er desse kommentarane meint å underhalde? Kompisar og mora til skribenten, er eit freistande svar. Det er forståelig at det er gøy å kaste seg på ein debatt, eller eit tema, alle andre skriv om, men kor originalt er det. Konformitetspresset i media, alle må sjå det og det programmet på tv, alle må lese Knausgård, alle må delta i Birkebeinern, er nesten litt parodisk. Få ser ut til å velge tema sjølv. Lite overraskar. Ingenting sjokkerar. Kvar er den intellektuelle tankekrafta, for å stille eit lett parodierbart spørsmål. Kvar er kreativiteten, nysgjerrigheten? Det kan sjå ut til at behovet for å lese og gjere som alle andre, går framfor behovet for å vere original og interessant. Behovet for å vere interessant for sine venner i pressa går på bekostning av behovet for å vere relevant utanfor eigen omgangskrets. Eventuelt er media dominert av folk som har levd seg mette på nytt og helst tek det som er lettast tilgjengelig: det alle andre skriv om.

Som journalist har eg ofte vore oppgitt over medienes manglande interesse for resten av landet. Og manglande forståelse for resten av landet. Men kor mykje kan ein interessere seg for og forstå, når ein for det meste sit benka godt rundt pcen sin i Oslo? Dette er ingen Oslo-kritikk. Dette er ein realitetespåpeikning. Dei fleste journalistar ikkje reiser rundt i Norges land for å sjekke tilstanden. Dei føler den over telefonen, over internett. Distansen mellom by og land er stor, og eg liker det ikkje. Vil den verte større når økonomien skrantar med nedlegging av lokalkontor og nedskjering på reisebudsjetta til journalistane?


Under eit møte med debatt og julegløgg på Stopp Pressen i VG-huset 10. desember 2008 spurte NRK-profilen Håkon Haugsbø: «Kva skjer med innhaldet når norske mediebedrifter kuttar over ein milliard?» Aftenpostens Kjersti Løken Stavrum gav eit interessant svar: Ho påpeika at det i framtida ville bli vanskelegare å bli journalist, fordi ein berre vil kunne hyre inn dei beste. Årsaka er naturleg nok pengar. Eg tenkte omtrent dette: Å behalde dei beste er vel og bra, men kva skal desse beste brukast til?


Journalistikk eller underhaldning? Navlebeskuande egotrippande kommentarstoff eller skarp samfunnsanalyse? Just asking.


Sentrale medier dyrkar biletet av distrikts-Norge som idyllisk og pitoresk med ekstremsport og historier om folk som flyttar til bygda for å pusse opp gamle gardar og lage smør på sætra. Historiene er langt på vei bullshit, men det krev ressursar å sjå gjennom mytene. Dette er ikkje det reelle distriktet, men det reelle har lita interesse i media. For mange store medier er utkantstrøk ei kjelde til underhaldning: nyoppussa bondegardar i livsstilsmagasina, kyr som får fire kalvar og ein hund som et agurk. Kva slags bilete skapar dette av norske utkantstrøk? Som banale turistkoloniar fulle av pitoreske greier. Her skjer ingenting, bortsett frå når Vest Tank går i lufta eller rein svelt ihjel på Finnmarksvidda. Slike ekstreme saker interessserer sjølvsagt, og bør sjølvsagt også, interesser media.


Tom Wolfe skreiv i boka «The New Journalism» at ein journalist som ikkje forlet kontoret eller skaffar seg ny informasjon på anna vis, vil ha lite val anna enn å kannibalisere andres stoff, uttørka som dei er på eigne idear. Mange i den norske kommentator- og journaliststanden bør føle seg treft midt i magen av Wolfes rammande karakteristikkar av sultefôra journalistar som prøver å klemme saft ut av gråstein.


Eg har ofte hatt lyst til å av barmhjertighet, fjerne ein del norske skribentar frå spaltane. Eg har ei liste med navn på dei mest uttørka. Dagbladet husar fleire.


Men navlelo og navleblikk er i stadig større grad legitimt i media. Når såg du sist ei nyhetssak utan case? Det personlige er blitt viktig, men det personlige kan også vere ytterst kjedelig. For alle andre enn mora di, sjølvsagt.


Vi veit at avstanden mellom media og folket er stor. Til tider parodisk stor. Fokus ser ut til å mest av alt vere å tilfredstille sine kollegaers krav til underhaldning. Er det også tilfelle? Det ser ofte slik ut. Vi veit at avstanden mellom folkevalgte og folket kan vere stor. Det ser også ut til at avstanden mellom kulturkjemparane og folk utanfor mediebobla er stor. Det heile minnar tidvis om eit svært show. Vi veit jo alle at publikum sit ganske adskilt frå scena. Når showet er over, går dei heim. Det meste ein har sett, vil snart bli gløymt. Kor mange av vår tids skribentar og journalistar vil stå att når historiebøkene skal skrivast?


Bjørnstjerne Bjørnson vil ikkje bli glømt.


Eg trur blant anna norske utkantstrøk taper på kompetanseløysa og mytebygginga som i stor grad regjerer grunnen i debatten om blant anna kraftutbygging og landbruk. Nye argument kjem ikkje på bana all den tid ingen har spesiell interesse av det, og sterke politiske krefter ønsker ikkje nye argument på bana. Eg vil påstå kompetansemangel i media og politikk, og også i den offentlige debatten, bidreg til å skugge over faktiske realitetar, samt hindre ei gunstig utvikling.


Eg vil i Bjørsons ånd, ta opp to brennheite tema: kraftlinja på Vestlandet, dei såkalte monstermastene, og produksjon av økologisk mat. I Bjørnsonsk ånd ønsker eg at debattar skal foregå på kompetent og informert grunnlag.


Eg tenkte innta eit distriktsperspektiv på fleire myter og problemstillingar som eg meiner heng saman, og tenkte snakke om myter rundt distrikts-Norge, myter som det står sterke interesser bak å oppretthalde og som ikkje nødvendigvis er til distrikts-Norges beste. Ei forvaltning av distrikts-Norge krev kunnskap og kompetanse, men ofte ser det ut til at ein legg meir vekt på myter enn fakta.


Eg vil ta opp fleire med fokus på kraftutbygging og landbruk, to ting som heng tett saman med klima og miljøforvaltning, store tema internasjonalt som også har store konsekvensar lokalt.


MASTENE
ØKOLOGISK MAT


SANNE HISTORIER OG KOMPETANSEBASERT ARGUMENTASJON


La oss tenke på Hardanger-debatten: mast eller kabel.

Der finst utvilsamt gode grunnar til å meine at vestlendingar syt. Det finst utvilsamt gode grunnar til at vestlendingar syt. Forstå det den som vil, men ein ting er sikkert. Offerposisjonen er lite kledelig, motmaktstrategien til Senterpartiet fungerer mot si hensikt. Ein blir mindre og mindre attraktiv. Stakkars oss, overkjørt av “makta i Oslo”, er eit mantra ein må slutte å gjenta, Hardanger-master eller ikkje. Det tjener ingen.


MEN det er veldig god underhaldning, underhaldning på norske utkanstrøks bekostning? For er det egentlig slik at utkanstrøk i Norge idag blir overkjørt så totalt av sentrum som mange vil ha det til? Eg er optimistisk, eg trur svaret er nei, men sanninga kjem ikkje gjennom det tjukke mytespinnet om bygd mot by.


Misforstå meg riktig. Eg seier ikkje ja til kraftlinjer i Hardanger. Eg seier nei til den destruktiv «bygd mot by»-debatten. Hardangersaka handlar ikkje om bygd mot by, men om at unik natur møter problemstillingar knytt til moderne samfunnsutvikling. Det er dette ein må diskutere. Her har ein ein real mulighet til å diskutere klima, miljø og natur, ikkje krangle om bygd versus by. Det bør vere i norske utkantstrøks interesse å ta den reelle debatten, ikkje føre skinndebatt som tjenar få andre føremål enn underhaldning.


Distrikts-Norge må ikkje redusere seg sjølv til turistområder og nasjonalromantiske utstillingslokale. Ein må ha betre sjølvtillit enn som så. Vi har ikkje vore det før, kvifor skal vi bli det no?


Ein må stille høgare krav til at samfunnsdebatten rundt distrikts-Norge skal vere kompetansebasert.


Lat meg ta nokre eksempel:


Turistargumentet har vore kraftig framme i debatten om Hardanger. Det har ikkje mykje med virkeligheten å gjere.


Ein må ta innover seg det faktum at dei færraste turistar vil unngå eit unikt område berre fordi det er berørt av menneskelig aktivitet. Den handfulla med turistar som eventuelt held seg borte, er i seg sjølv ikkje argument godt nok verken mot vindmøller langs kysten eller master i Hardanger. Difor er det underlig å sjå korleis store delar av debatten blir bygd opp rundt det svært svake turistargumentet. Eit argument som ein, om ein vil, kan plukke ned på fem minutt.


Dersom ein vil verne naturen må ein ta i bruk ein argumentsjon som held vatn og legge vekk dei innhaldslause. Debatten må dreie seg om korleis skape leve- og konkurransedyktige lokalsamfunn. Først då blir den matnyttig. Ein må også heile tida endre og utfordre, og følge med på korleis ein kan utvikle, ikkje stoppe, samfunnet. Ein må heile tida drive ein kompetansebasert debatt, ikkje ein mytebasert. Men dette er ikkje lett, mytene om distrikts-Norge er mange og dei er hardt innarbeida.


Ei satsing på turisme tilseier også at ein satsar på ein sektor som i liten grad treng høgt utdanna arbeidskraft. Det er ein sektor som i stor grad baserer seg på ufaglært arbeidskraft og sesongarbeid, medan det i framtida vil vere høgt utdanna arbeidskraft som vil utgjere geografiske områders konkurransekapital. Områder som vil vekse, treng høgt utdanna arbeidskraft, men å tiltrekke seg denne, krev satsing på moderne samfunnsutvikling og kultur mynta på fastbuande. Turistargumentet er lite framtidsretta, og konkurranseargumentet er i seg sjølv eit argument mot turismesatsinga. Men turismeargumentet er dessverre den lettvinte løysinga ein ofte grip til i utbyggingsdebattar. Det er tafatt og lite framtidsretta. Dette betyr ikkje dermed at ein ikkje skal ha turisme. Ein kan ha både og, men legge mindre vekt på turismeargumentasjonen.


SPØRSMÅL: Kan vektlegginga av mytespinning og den mytebaserte retorikken rundt utkanstrøk vere ein hemsko for utviklinga?


Kvifor flaggar ein i stor grad falske historier om distrikts-Norge? Kvifor snakkar ein i stor grad som om utkant-Norge er ein turistkoloni ein forsøker å presentere, ikkje eit sivilisert og moderne samfunn?


Lat oss gå frå den eine naturressursen til den andre, frå kraft til landbruk.


Eg er utdanna dyrlege i Norge der vi alle er hjernevaska til å tru at Norge er verdas beste land for husdyr og produksjon av mat. I sommar jobba eg som veterinær med stordyr i Sverige, og ein treng ikkje meir enn nokre få månader i Sverige for å forstå at historia om Norge som verdas beste land for husdyr, er basert på myter og kunnskapsmangel. Eg hadde kanskje håpa å finne ut at norsk er best, men må diverre sei at det ikkje alltid stemmer.


SPØRSMÅL: kan vektlegginga av mytebygging og falske historier om norsk landbruk vere ein hemsko for ei modernisering og framtidsretta utvikling av den norske landbrukssektoren, og i andre omgang: distrikta der landbruket held til?


Då eg kom til Sverige, venta eg meg tøffare forhold, men møtte kyr på beite. Svenske bønder har pålegg om å ha kyr ute i 3 månader. I Norge kan kyr på lausdriftsfjøs stå inne heile året. Det er også lov i Norge å halde økologiske kyr i båsfjøs, stikk i strid med EUs anbefalingar.


Kvar vart det av dyrevelferden som økolandbruket påstår at dei flaggar så høgt? Den tapte i kampen mot økonomien. Økologiske landbruksprodukt er per idag i stor grad ein merkevarebløff. Kvifor er det ingen som grev i dette? Ønsker vi ikkje naturvennlig mat?


Dette gjeld både i Sverige og i Norge. Problemet er at det kreves mykje kunnskap for å sjå gjennom regelverket, ein kunnskap som media manglar. Kven skal då avdekke regelverket for oss når det frå politisk hald er eit mål om at ein auka andel av mat produsert i Norge skal vere økologisk? Kven skal vise fram sanninga når den blir fordekt av Brekk og hans våpendragarar?


Når forskarar som publiserer artiklar som viser at økologisk landbruk ikkje er betre enn konvensjonelt landbruk vert kalt inn på teppet hos vår landbruksminister og imøtegått i media med politisk argumentasjon? Korleis skal ein då klare å produsere økologisk og naturvennlig mat når det er viktigare å forsvare ei merkevare enn å produsere økologisk mat?


Og kvifor er vi så opptatt av å få opp andelen såkalt «økologiske» landbruksvarer i Norge? Ikkje av miljøhensyn, men av konkurransehensyn. Ein fryktar at om vi ikkje sjølv klarer dekke etterspørselen etter økomat i Norge, vil ein måtte importere den.


SPØRMÅL: kva er poenget med ei økologisk merkevare som ikkje er økologisk? Kva tjener distrikts-Norge på produksjon av falsk økomat? Just asking.



Økologisk landbruk påberoper seg dyrevelferd men anbefaler homøopati som førstevalg i behandling av sjuke dyr, stikk i strid med veterinære anbefalingar. Det finst ingen dokumentasjon på at homøopati og alternativ medisin virkar på dyr. I USA har dei gått så langt at ein i økolandbruk nektar skulemedisinsk behandling av økologiske landbruksdyr. Du kan jo tenke deg sjølv korleis det ville gå om du ikkje fekk antibiotiak mot lungebetennelse. Du kunne dø, men det ville tatt litt tid. Du ville ligge og plagast i dagesvis først. Økologisk landbruk står per idag i front for tvilsom dyrevelferd og tvilsom etikk.


Kvifor tillet vi dette, om vi ønsker oss naturvennlig, berekraftig, økologisk mat og sanne merkevarer? Jo fordi vi ikkje veit betre, og ingen fortel oss det. Eg etterlyser gravande samfunnsbevisste journalistar og politikarar som ikkje berre er ute etter å halde fasaden, men som tørr å sei at dette er ikkje godt nok.


Eg meiner at når ein seier at maten er økologisk, så skal den også vere økologisk.


Men økologisk merka mat er ikkje økologisk i dag. Underlig nok er det naturforkjemparar og forkjemparar av økologisk og naturnær som påstår at økologisk er økologisk. Hadde dei virkelig vore opptatt av naturvern, miljø og klimahensyn hadde dei fillerista det eksisterande regelverket for produksjon av økologisk mat.

Men dette ansvaret tek ikkje miljøvernaktivistar og media. Dei ser ut til å mangle den grunnleggande kunnskapen som kreves for å avdekke bløffen.


Kven skal ta samfunnsansvar og miljøansvar når dei som påstår at dei skal gjere det, sviktar oss?


Ja til kompetansebasert samfunnsdebatt.


Der er andre myter ute og går. Mange trur at deltidsbonden er eit ideal. Det er han ikkje.


Nei til deltidsbønder.


Skal vi ha eit småskala landbruk i Norge må vi sørge for at det går an å leve av det på fulltid. Av hensyn både til arbeidstakarens arbeidsliv som bonde, miljø, matkvalitet og dyrevelferd. Det vil vere i forbrukaranes interesse å profesjonalisere landbruket, men enn så lenge lever mange forbrukarar i den villrede at småskala og deltidsbonden er det som er best.

Det er på tide å get down to bissniss og profesjonalisere det norske landbruket.

Deltidsbønder er ingen idyll. Det er ofte det stikk motsette. Ein hobbybonde vil aldri oppnå den oversikten og den kunnskapen om landbruk som ein som har mulighet til å fokusere fullt og heilt på det han driv med, som har mulighet til å følge opp dyra sine heile dagen, ikkje berre før åtte og etter fem.


Ein må ta fram dei sanne historiene om distrikts-Norge i kombinasjon med kompetansebasert og fornya, framtidsretta argumentasjon. Ein må slutte å argumentere som om naturnære næringar og kraft og utbygging skal drivast på same måte i år 2010 som for hundre år sidan, men då må ein rive ned ein del av mytene som finst.



Småskala deltidsbønder er ikkje best.
Turistar skyr ikkje vindmøller og kraftutbygging.
Det blir ikkje produsert økologisk kjøt og melk i Norge idag. Så korleis kan ein få dette til?


Framskaff fakta, dropp mytene. Det er på tide å moderniser debatten om distrikts-Norge i Bjørnstjerne Bjørnsons kampånd.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys