Gå til hovedinnhold

Å neeeei! Ikkje den evige debatten om bygd mot by no igjen!!!

Arvid Andenäs, banksjef i Sogn og Fjordane, har skrive nokre vettige ord. Bloggposten hans ligg her. Eg siterer direkte: "Utan eit oppegåande näringsliv over heile landet, heller ingen store leverandörar og kompetanseverksemder og verdiskapning i Oslo".

Seriöst. MÅÅ vi virkelig ha det inn med teskei at både by og bygd er viktig i dette landet? Herre, fri meg frå dumskapen i debatten.

Ein ting eg ofte her lurt på: naturvernaranes paradoks. Dei er nei til vindmöller og dei er nei til vasskraft (nei til rein energi). Dei er ja til naturvern og ja til rein kraft (nei til vindmöller og rein energi). Mange naturvernarar er, i likheit med ei rekke dyrevernarar, utan kunnskap om natur (dyr). Til gjengjeld renn dei over av usaklige fölelsar. Dyrevernarar er ofte ei gruppe for seg, og nokre gonger treff dei spikern, andre gongar bommar dei og drit seg ut og set heile dyrevernargruppa i vi-löfter-på-augnebryna-av-dykk gruppa kalt ekstremistiske tullingar som ikkje hadde venner för dei vart dyrevernarar. Er det slik også med miljöaktivistar? EG er rimelig sikker på at det er slik med målrörsla. Vennelause söker saman og dannar ei ekstremistisk gruppering.

Nei no spora det heilt av her. Poenget mitt er vel at denne agurkdebatten (det er sommar) om bygd mot by er god underhaldning der den eine etter den andre kan rykke ut og sei bokstavleg talt KVA SOM HELST i avisa: Årebrot og Neumann samt alle som kjenner meir enn tre skribenar på Facebook. Hardanger har blitt den nye Knausgård. ALLE må meine noko om det. Eg også. Les min side tre-kommentar i Klassekampen lördag.

Det var ein gong Hardanger det handla om, men ein eller anna informasjons-medie-tryllekunstner har snudd den til å handle om by mot land, atter ein gang. Applaus.

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...