Gå til hovedinnhold

Tine-debatt fekk masse mediedekning, men bønder sjølv møtere Tine-debatt med drittkasting. Landbruket må tåle å bli sett i saumane.

Det er med forundring eg har fulgt debattar på diverse origo-forum. Ein del bønder har levert den eine sure glosa etter den andre. Grov sjikane og personangrep er desse webdebatterande bøndene gode på. Dei tolererer ikkje at andre enn bønder har meiningar om landbruk, og dei angrip og høvlar i veg i ordelag som egentlig ikkje tåler dagslys. Dei tolererer ikkje at folk som bur i Oslo kan meine noko om landbruk, og dei tolererer ikkje at folk som er yngre enn dei sjølv, og betre utdanna, men har mindre erfaring med å melke kyr, meiner noko om landbruk. Dei tolererer i det heile tatt ikkje annan kunnskap, elller kunnskap og fakta frå eksempelvis Sverige, og dei tåler ikkje at dei sjølv ikkje har kunnskapens makt i orden til å motbevise argument og dokumentasjon som blir lagt fram. Det er eit alvorlig problem for landbruket.

Fleire av trådane på nett har eg no måtta sperra avdi bøndene går totalt av skaftet, slenger drit og argumenterer på eit sånt nivå at det ikkje er forsvarleg å fortsette debattane. Dei må beskyttast mot seg sjølv. Desse få, som går amok, ødelegg for ei heil næring. Eg har sperra alle mine trådar, og Kubonde har måtta sperre nokre også. Det er berre heilt utrulig å følge med på kva mange skriv.

*Det er med god grunn til å sjå på landbruket. Landbruket mottek store statlege overføringar og må kunne svare for seg i offentleg ordskifte. Vi har krav og rett på innsyn i kva dei driv med og korleis det blir drive, men dette blir hindra. Istaden tar ein i bruk grove personangrep når ein vågar å sjå inn bak kulissene. Dette er ikkje akseptabelt. Det er heller ikkje grove personangrep som er vegen å gå dersom ein vil ha ei framtid for landbruket i Norge. Eg har sterk faglig støtte for mine påstander og innlegg, og dei står seg svært godt sjølv om vi får ein storm av skittkasting. Det ein bør tenke på, er tunge argument og saklig debatt, dersom ein vil at merkevara norsk landbruk skal vere ei god og sterk merkevare, vel og merke.*

Lenke til debattane finn de her. Sitata er svært drøye, og det er lite å respektere.

Nei til Tines løgnaktige produktreklame
Tine vedgår løgner i sin kampanje
Anne Viken parkerer Tines kampenje
Ja til kyr på beite, nei til deltidsbønder

Ikkje eit ord maktar enkelte levere av saklig kvalitet. Det er kun personangrep og karakterestikkar, som denne, som eg mottok på epost no nylig. Eg er heldigvis van i debatt og godt herda, ellers hadde eg nok teke det meir innover meg, men mest av alt synest eg det er svært trist for dei som ikkje maktar skrive anna enn drit.

Eg siterer "Du er ikkje akkuratt flott å sjå på. Og så virkar du litt tom i pappen. Blaapp"
Sitatet er sendt til meg på privat epost frå bonde Steinar Hjartholm i Sogn. Det talar for seg.
Og vidare, frå same mann: "Eg synes litt synd på deg Anne Viken. Trur nok at da skjedde noke i barndomen din som heng igjen. Var da ein bonde som var litt “tafsete” på deg? Er da derfor du ikkje likar bøndar? I så fall følar eg med deg."

Det er grove saker denne mannen lirer av seg, bonde i sogn, som han kallar seg.

Slik går det når bønder skal argumentere for det norske landbruket. Det finst ikkje eit einaste argument, utover seriøs drittslening.

*Min Tine-kritikk står fast som fjell. Den har gått gjennom mediamuren, og er lesen av stort sett dei fleste. Det er godt. Informasjon om landbruket må ut til folket, og det må ein tolerere. Ikkje ein einste av mine påstandar har verken Tine eller bønder tilbakevist. Ein har fått ei god mediedekning, samt eit lite respektabelt show frå webbøndene her på origo-bloggen med ein sjeldsynt mangel på argument i møte med ekstern kritikk. Dette er faktisk ei alvorlig sak for eit landbruk som slit så i motbakke som det mange bønder opplevere å gjere i dag. Ein stad å begynne, er å gå i dialog med forbrukarar og fagfolk. Om ein ikkje tåler dette, eller maktar det, har ein langt på veg tapt.*

No finst det jo mange bønder som kan debattere, og argumenterer godt for seg, men det har her vore eit fleirtal av det motsette i webbloggen. Fasinerande nok.

Eg siterer frå mediedekninga:

Kudos til Anne Viken, dog. Det var ganske tøft å se hvordan en skarve blogger kan sette hele meierisamvirket i rød beredskap

"Tine biter i beitegresset":
"NRKMener Tines snakkende kyr lyver":
ABC-nyheter "Tine lyver":

Nationen: "Løgnaktig Tine-reklame":
De Grønne "Tine får tyn":
"Tine reklame undergraver økosatsing":

Ukeavisen ledelse "Tines løgnaktige produktreklame":
E24 "Tines kyr slipper ikke ut av fjøset":

Dagligvarehandelen "Tines reklame til forbrukerombudet":
"Hvorfor jeg er motstander av nyt Norge":
BT kronikk "Tine spreier faktafeil":

Og mykje meir, men det var eit utvalg.

Denne bloggposten er sperra for kommentarar, all den tid debattnivået har vore såpass lågt blant dei nettdebatterande bøndene her, beklager å sei det, at den bør foregå i meir saklege forum. Eksempelvis i media eller på seriøse bloggar.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...