25. sep. 2010

Feminisme som underhaldning og feministar som lar seg bruke. Forslag: at Marianne Aulie malar norske feminsitar som klovnar

Spørsmål: kvifor er det flott at Vaagland viser kropp og teit at Aulie viser kropp? Eg er ingen Aulie-fan, men altså. Er årsaka at Vaagland ikkje har fin kropp, mens Aulie har fin kropp? Er det det som er skilnaden? Er det altså ok å vise dvask kropp, men ikkje ok å vise fast kropp? Skjønner ikkje. Debatten er komisk.

Atter ein gong har Marianne Aulie kasta kleda, kanskje som ein parodi på Demi Moore, og atter ein gong har Dagbladet fått forutsigbare feministar, denne gongen Charlotte Myrbråthen og Hanna Helseth, til å uttale seg og sei at "Aulie er uoriginal og ikkje fri og det her er teit", og så har VG fått Kadra til å gå ut og sei at dette er jålete luksusfeminisme , what ever, ja ho har seff rett i det, men kvifor gidd ho la seg bruke i ein artikkel om ho er seriøs, og at vi har andre ting og tenke på. Jajaja, gi oss fleire selvfølgeligheter. Og det samme seier jo sjølvsagt Amal Aden, og så har vi det gåande. Debatten bevegar seg ca ingenting og det er kanskje meininga når målet er UNDERHALDNING ved bruk av rumper, damer, Aulie og litt feministar. Gjesp.

Feminisme som dårlig underhaldning, og feministar som lar seg bruke. Kort og greit. Det er saken. Gjesp. Eg har eit forslag til Aulie: mal norske feministar som klovar. Det er det dei ofte framstår som. Kall ei rumpe for ei rumpe og ein feminist for ein klovn. Case closed. Har dei ikkje betre greier å komme med, og gidder dei bruke tid på saker som dette, så ja, då er det eit symptom på at dei ikkje tek seg sjølv på alvor, ikkje vel sine kampar - eventuelt har dei ingen kampar, eller så liker dei simpelten å vere i media. Synd det framstår som plump underhaldning. Så kva har vi feministar til? Just asking.

Her er ein liten saueflokk til:

Hyllet av kjente kvinnelige kommentatorer:
VGs Elisabet Skarsbø - "Herlige Helle!"
Marte Michelet (som jeg skjønner du er så glad i): "Helle Vaaglands Twitterbilde er en spektakulær frihetshandling."
Trude Ringheim (jada...): kaller bildet "en befriende kommentar"

Eg tilføyer: Anne Viken: "Slank deg. Du har bilringar og ser dum ut." men eg er litt kroppsfiksert da. det skal jo innrømmes. Det er kanskje på tide å sjå at fin kropp også kan vere heilt alright, ikkje berre stygg og dvask.

Til slutt: eg kan ikkje forstå at aulie er uoriginal men helle original. Er det fordi aulie er tynn og vaagland dvask og stygg? Og dette betyr ikkje at eg er ein Aulie-fan, eg syns heile saken er tåpelig frå alle partar, men seriøst. Eg ser ikkje andre skilander på Vaagland og Aulie sine stunts. Kanskje er årsaken til positiv respons på Vaagland at kommentatorane kjenner seg att i ulekkerheita. Men assa, er det ikkje lov å vere litt sexy da, frøkens? Eg liker fine damer. Det er ingen motsetning mellom å vere stram og sexy, og det å vere naturlig sjølv om enkelte visstnok trur det.

.