Gå til hovedinnhold

Knock out på Tine i dagens Dagbladet


LYG TINE? spør Dagbladet. Her er mitt svar. Tines svar er det same gamle informasjonsskrivet som dei har pøst ut i fleire medier, og som også dokumenterer det eg skriv her under. Det fine er at Tine viser til nøyaktig same statestikk som meg sjølv;) Og ja, Tine lyg.


Mitt innlegg:


Eg er veldig usikker på om Tine lyg bevisst, har behandla lett tilgjengelige fakta med ein harelabb eller rett og slett har sett bort frå fakta. Tine påstår dei har solid faktagrunnlag. Dette har dei derimot ikkje brukt i utforminga av reklamekampanjen. Då hadde eg ikkje vore i stand til å avdekke ei rekke feil i løpet av fem minutt.


Tine påstår på melkekartongar og i avisreklamer at alle Tines 242 000 melkekyr har åtte veker sommarferie, altså åtte veker på beite. Dette er de fakto løgn. Det er ikkje eit krav at konvensjonelle kyr som lever i lausdriftsfjøs (fjøs der kyrne går lause, ikkje står på bås) skal ut på beite. Nye tal, som Tine sjølv har gitt meg, viser at 29 prosent av desse heller aldri slepp ut på beite. Tine kjenner altså fakta, men har likevel gått ut med feil tal i kampanjen.


Tine har i sitt forsvar også uttrykt at antal kyr som står inne heile året «er så lågt» at det ikkje er feil å påstå at «alle går ute». Dette er ein underlig argumentasjon. At berre nokre tusen står inne forsvarer altså, ifølge Tine, å påstå at alle går ute.


Tine forsvarer seg også med at det frå og med 2013 blir påbod om utegang for alle kyr. Problem: dette er ikkje eit krav i dag.


Tine har ein sterk posisjon som dei utnyttar i reklameøyemed, og dei fører ein lettvint retorikk i møte med kritikken. Ein del av svara dei har gitt på kritikken er så feil at det kan mistenkast at dei manglar grunnleggande kunnskap om melkeproduksjon, blant anna har kommunikasjonssjef Lars Galtung i eit intervju med ABC-nyheter hevda at det mest vanlige scenarioet i Norge, er at melkekyr går ilag med kalv. Dette er de fakto feil. Kvar skulle Tine då fått melka si frå? Melkekyr går ikkje med kalv. Eg har bede Tine dokumentere påstanden, men den uteblir. Kanskje ikkje så rart all den tid den ikkje finst.


Bøndene bør ikkje akseptere at konsernet bryt ned bøndenes omdøme med faktafeil. Sjølv om norsk landbruk er bra i internasjonal samanheng, forsvarar det ikkje faktafeilspekka reklamekampanjar.


Anne Viken, veterinær utdanna ved Norges Veterinærhøgskole, journalist og bloggar.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...