Gå til hovedinnhold

Nei til Tines lögnaktige produktreklame, ja til kyr på beite

Tine melks nye produktreklame «kanskje verdens fineste melk», viser oss tydelig at Tine a) anten manglar betydelig kompetanse på kva som foregår på dyrevelferdsfronten i andre land og difor trur at Norge er best, eller b) at dei simpelten spreier lögner, heilt bevisst. Både a og b er oppsiktsvekkande. Eg har, som veterinär, sett på kampanjen og kommenterer den utfrå ein faglig ståstad.

Denne artikkelen ligg også som sak hos Ukeavisen Ledelse.

Eg vil anbefale folk å tipse Forbrukerombudet, av faglige og saklige hensyn. Melk og mat er viktige miljömessige, politiske og ikkje minst internasjonale matpoliske felt som krev ei sannferdig og kunnskapsbasert framstilling om vi skal kunne ta stillling til etikk, produksjon, miljö og bärekraft i våre valg som forbrukarar. Tine bidreg med si reklame til å fordumme, tilslöre og spre feilinformasjon om viktige problemstillingar.

«Vi gjör alt for at kuene skal trives. Sånt blir det god melk av,» er avslutningsteksten på den förste filmen i Tines nye kampanje. Filmen viser kyr som går ute, saman med kalvar. Fakta er at det er lovleg i Norge å halde kyr som står i lausdriftsfjös inne heile året. Dei går aldri ute, og konvensjonelle melkekyr går nesten aldri med kalv. For ökologiske kyr er kravet at kalv skal gå med mor i minst tre dagar etter födsel, men kalvane på Tines film er langt eldre enn tre dagar. Det er kun kjöttfe og ammekyr som går ilag med så gamle kalvar som det Tine viser fram på filmen, ikkje melkekyr i Tines tjeneste. Bildet blir dermed ei total vrangframstilling med ganske grove faktafeil. Problem: det kreves langt meir kunnskap om landbruk enn det den jevne forbrukar har for å sjå desse feila. Ein kan heller ikkje forvente av ein forbrukar at den skal sitte på detaljkunnskapar om hald av kyr i Norge. Eg vil gå langt i å påstå at Tine utnyttar folks mangel på kunnskap om landbruk i Norge. Dette utnyttar Tine. Ein kan spörre seg om saka er ei sak for Forbrukarombodet.


Sitat Tine: «Via lykkelige kuer vil vi forsøke å øke forståelsen og kunnskapen om TINEs virksomhet.» Sanninga er at stadig fleire kyr i Norge lever på lausdriftsfjös. Det i Norge lov å halde kyr som lever i lausdriftsfjös inne heile året. Det er desse kyrne Tine omtalar som «lykkelige». Sanninga er også at det er lovleg å halde ökologiske melkekyr i besetningar opp til 35 kyr på bås i Norge, stikk i strid med EUs anbefalingar. Kyr på bås må gå ute åtte veker per år, men dette er ikkje dyrevelferd i verdsklasse. Vi ligg langt bak.

Når eg ser filmen, er det altså to ting som slår meg. Tine a) manglar anten vesentlige kunnskapar, ikkje berre om norsk landbruk, men også om at det finst strengare reglar og krav til dyrevelferd i andre land enn kva vi har her i Norge, eller at dei b) bevisst spreier falske historier om norsk landbruk.

Dette er bekymringsverdig av fleire årsaker: skal merkevara norsk mat vere truverdig, er vi avhengig av ein meir sannferdig presentasjon. Det krev betydelig internasjonal kunnskap om landbruk om ein vil kome fram til kva som må gjerast for å bli best i verda på matproduksjon. Årsaka er at mange land har betydelig strengare regelverk for hald av dyr, og dyrevelferd for ku, enn det vi har i Norge.

Dette vert eg ikkje overraska om Tine ikkje er klar over, all den tid kunnskapen i Norge om matproduksjon i andre land i stor grad er basert på fordommar, ikkje kunnskap, og fordi ein til stadighet gjentar mantra: Norsk mat er best i verda. Problemet er at det i dag let hult.

Eg skal her komme med ei rekke konkrete eksempel for å illustrere.

Eg har i nokre månader jobba som stordyrveterinær i Sverige for virkelig store bønder med rundt 300 kyr og ein gjennomsnittleg melkeproduksjon på opp mot 13 000 liter per ku. Den høgstytande kua eg møtte på, melka 18 000 liter. Norske kyr kan gå og legge seg, produksjonspresset er langt høgare og bransjen tøff. Skal du ha ein gard, må du betale kanskje tjue millionar kroner, minst.

Men ei profesjonalisering treng ikkje bety destruktiv industrialisering der dyrevelferden blir ofra på økonomiens alter, slik eg før har fortalt om basert på mine erfaringar som veterinærstudent i USA. Artikkelen «Bestialsk landbruk» kan lesast på min blogg og viser fram brutale sider ved det amerikanske melkeindustrilandbruket.

Ein skulle kanskje vente seg ei brutalisering når gardane blir større, men Sverige har dyrevelferdsmessig utvikla seg i ein ganske annleis retning enn det eg såg i USA, også svært annleis enn i Norge. Eg skal no fortelle litt om Sverige all den tid mitt inntrykk er at kunnskapen om landbruk i andre land er svært låg i Norge.

Men medan du som veterinær i Norge gjerne kjem heim til ein bonde og det heng ein lapp på døra: sjå på ku nummer 313, møter i Sverige fleire personar opp i fjøset når veterinæren kjem. Det er fleire ansatte, dei arbeider fulltid. Greit nok, små deltidsgardar har gått dukken og er solgt unna for lengst, her er det ikkje mulig å drive deltid med ku og ingen odelsrett, men det er svært vanskelig å sjå at dyrevelferden, som eg er svært opptatt av, blir forringa som ein følge av profesjonaliseringa som ein ser i det svenske landbruket. Det ein derimot ser, er profesjonelle fulltidsbønder som opererer innanfor eit regelverk som er langt tøffare på vegne av dyrevelferden enn det vi har her i Norge. Dette klarer dei på trass av at dei markedsmessige forholda er langt hardare enn i Norge.

Då eg kom til Sverige, venta eg meg tøffare forhold for dyra og industri, men eg møtte kyr på beite. Svenske bønder har pålegg om å ha kyr ute i 3 månader. I Norge kan kyr på lausdriftsfjøs stå inne heile året, kyr på båsfjøs må vere ute 8 veker. Det er også lov i Norge å halde økologiske kyr i båsfjøs, stikk i strid med EUs anbefalingar. I Sverige er det forbode å ha kyr om du ikkje kan tilby dei minst tre månaders utegang per år.

Pardoks: i dette området manglar ein utmarksressursar. Dyra må beite og gå ute på innmark, ofte med tilleggsfôring ute, men dei går på store areal utomhus. Dårlige beiter er altså ingen unnskyldning for å halde dyra inne. Ei heller regn. Du får halde kyrne inne nokre dagar om det blir for mykje søle ute. Dyrevelferden er i fokus på ein måte som er tilpassa ei profesjonell næring.

I Norge står lausdriftkyrne innomhus heile året medan store, ubrukte utmarksressursar ligg brakk og veks att like utanfor døra. Eksempla på dette er diverre mange. Kan ein kalle det latskap? Kan ein sei at konsekvensane av det framelska deltidslandbruket gjer at norske bønder ikkje har tid til å sleppe ut og ta inn kyrne sine kvar dag fordi dei må springe til lærarjobben? Eg berre spør. Eg har hørt argumentet: vi har ikkje tid til å sleppe kyrne ut og inn. Det er for billig. Det held ikkje.

Går deltidslandbruket utover dyrevelferden? Utan tvil er svaret ja.

Neste spørsmål: er det forsvarlig å halde kyr på ein stad der det ikkje er muligheter for at kyrne kan gå ute? Her står distriktspolitikk mot dyrevelferd. I ein internasjonal kontekst må vi bestemme oss for om landbruk skal vere ein profesjonell sektor, eller om det skal vere eit distriktspolitisk virkemiddel med dei dyrevelferdsmessige problema dette medfører. Enkelte stader er det vanskelig å få kyrne ut om sommaren, med den konsekvens at heile næringa får mulighet til å halde kyr som går på lausdrift inne heile året. Om ein bonde ikkje er i stand til å sleppe ut kyrne, eller manglar beitemarker, bør ein vurdere om det er forsvarlig å halde kyr på denne staden.


Mantraet: «vi er best», kan bli fatal for norsk landbruks konkurransekraft all den tid ein ikkje virkar vite kva ein måler seg mot. Problem: ein bygger ikkje merkevarer og solid bissniss på faktafeil. Eg ønsker ei sterk norsk landbruksmerkevare, men eg ønsker at den skal vere reell, ikkje berre bra målt opp mot seg sjølv. Den må vere sterk målt opp mot internasjonal kontekst.


Korleis kan vi som påstår vi er verdensmeistrar i dyrevelferd, tillate seg å halde kyrne inne heile året? Kunnskapsmangel er eit freistande svar. Eg vil tru ein neppe er klar over at andre land har tøffare krav. Eg har i sterk grad, via media og eiga erfaring, inntrykk av at sektoren i stor vesentleg grad manglar internasjonal kompetanse og kontekstkunnskap om eigen bissniss. Det er foruroligande.

Lat meg ta eit eksempel.

Eg har som journalist opplevd å ringe opp representantar høgte oppe i bondeorganisasjonane som har sagt at dei er svært skeptiske til Norturas engasjement i Afrika. Når eg så spør dei kva dei er skeptiske til og kvifor, viser det seg at dei ikkje veit kva det er Nortura foretek seg i Afrika. Det viser seg også at dei ikkje veit kva land i Afrika Nortura engasjerer seg i. På kva grunnlag er ein då kritisk?


Spørsmål: korleis kan representantar som ikkje kan særlig mykje om det som foregår utanfor eiga låvedør, finne fram til korleis vi skal sikre eit levedyktig norsk landbruk? Korleis kan dei same aktørane hevde at norsk landbruk er i verdsklasse?

Nei til deltidsbonden.

Ein hobbybonde vil aldri oppnå den oversikten og den kunnskapen om landbruk som ein som har mulighet til å fokusere fullt og heilt på det han driv med, som har mulighet til å følge opp dyra sine heile dagen, ikkje berre før åtte og etter fem. Det burde vere i forbrukaranes interesse med fulltidsbønder, men enn så lenge er forbrukarane blitt fortalt at deltids og småskala er det beste. Dei blir lurt. Bøndene blir også lurt. Dei trur kanskje at dette er best.

Det er på tide å sei nei til deltidsbønder. Det er på tide å sleppe kyrne ut på beite og finne ei nisje for norsk landbruk som best i verda. Still tøffare krav til dyrevelferden og la bøndene vere fulltidsaktørar. Då vil dei også få tid til å ivareta dyrevelferden betre, samt få ein betre arbeidsdag.

Når Tine snakkar om «kanskje verdas finaste melk», er det tydelig at dei ikkje veit kva som foregår to kilometer frå norsk grense. Det er heller ikkje dyrevelferden til kyrne som produserar denne melka dei siktar til med begrepet «fineste». Kanskje er det fargen?

Tine fortset å vatne ut merkevara «norsk mat» med å fortelle oss at «vi er best». Det let hult og lögnaktig. Vi har mykje å läre av andre, men vi er ikkje interessert i å sjå over grensene. Vi fortset å gjenta mantra «vi har verdas beste mat». Spörsmål: kven tjener på det? Neppe

Dei tomme merkevarehistoriene som Tine spröytar ut, undergrev merkevara norsk mat og appellerer til eit kunnskapslaus publikum. Merkevara «Norsk mat» framstår i stadig större grad som bygd på kunnskapslöyse.

Anne Viken er veterinär. Innlegget debatteres i fleire nettfora, blant andre Verdidebatt.no og på "Nationens nettforum":http://debatt.nationen.no/-/bulletin/show/593174_nei-til-tines-l-gnaktige-produktreklame

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys