2. sep. 2010

Skuffende om økologisk i Time

Av og til blir eg så deprimert på vegne av media. Kunnskapsløysa på mange felt, som tilsynelatande er akseptert i mediehusa, er trist. I går på Gardermoen, på veg frå Bjørnsonfestivalen til Oslo, såg eg overskrifta lyse mot meg frå framsida av Time: "The Real cost of Organic Food". Hurra, tenkte eg. Ei seriøs blekke som ser på eit viktig tema. Eg kjøpte Time, og leste den på flytoget, men blei svært skuffa. Ein av fordelane med økomat, som var lista opp, var fråver av antibiotikabruk på produksjonsdyr i økolandbruket i USA.

Det er heilt klart ein fordel å redusere antibotikabruk i landbruket, det er det ingen tvil om og ingen uenighet om, men det er eit stort steg å nekte sjuke dyr helsehjelp. Det er i mange tilfeller avgjerande at eit dyr får antibiotikabehandling for at det skal overleve, eventuelt sleppe å ligge og plagast i mange dagar før det stryk med.

Eg synest det er underlig at ein ikkje har kompetanse til å sjå gjennom dette heilt enkle faktum: å nekte dyr helsehjelp, er ikkje i tråd med økologiske prinsipp om auka dyrevelferd i økolandbruket.