Gå til hovedinnhold

Svar frå Tine

Eg har bede Tine om dokumentasjon på påstanden Tine har framsett her hos abc-nyheter:

- Veterinær Anne Viken skriver i et blogginnlegg at reklamen er misvisende fordi melkekyr og kalver går i samme innhengning?

- Det er nok forskjellig fra gård til gård. Men helt urealistisk er det ikke. Reklamen er et utsnitt av virkeligheten. Det er mange versjoner av den, og denne er den mest sannferdige, seier kommunikasjonssjef i Tine, Lars Galtung.

Responsen på Galtung-svaret lot ikkje vente på seg: Her er eit sitat frå den økologiske Fjærlandsbonden Johannes Eggen Mundals reaksjon på Galtungs løgn om at Tinekyr oftast går med kalv. Sitatet er gjengitt med tillatelse frå Nationens nettforum og seier vel det meste:


«Eg las akkurat det sitatet på abc-nyheiter, og reagerte sterkt på at han seier det er den mest sannferdige historien at kalvane går saman med kyr på beite. Galtung drit seg ut enten fordi han ikkje veit betre eller fordi han ikkje har forstått at det er dumt å fortelje halve sanningar. Dette er ikkje bra verken for Tine eller for oss som leverar mjølk til Tine. Mjølkekyr går på beite heime, i nærleiken av fjøset, på innmarksbeite eller på dyrka mark. Dei små kalvane går på innmarksbeite med dagleg tilsyn. Sjølv om eg sjølvsagt meinar at økologisk storfehald er mykje betre enn konvensjonelt når det gjeld krav om beite, så kan ikkje Tine sin reklame med leikande kalvar mellom kyrne eingong brukast til reklame for økomjølk. »



Eg har ikkje fått dokumentasjon, ei heller eit skikkelig svar frå Tine, men legg det her ut i si heilheit så folk kan lese sjølv.

Hei Anne, takk for engasjement og interesse for TINEs profilkampanje og ikkje minst, interesse for norske kyrs velferd og helsetilstand. Eg vil starta med å invitera deg til TINE i Oslo der du kan få stilt oss dei spørsmål du måtte ha. Det er eit ynskje for å få til ein god og grundig dialog/diskusjon rundt kampanjen, faktagrunnlag og kva som er TINEs mål innan dyrevelferd og helse for TINE. Dette er jo du interessert så me håpar du vil møta oss.

(Fyrst må eg få kommentera at me verken røyk eller drikk på jobben sidan dette er blitt eit hovedpoeng på bloggen din. Livet i TINE er nok ikkje så fargerikt, diverre.)

Så til spørsmålet ditt, ref ABC nyheter:

Kva dyregrupper som går sammen på beite bestemmes utfrå praktiske forhold på den enkelte gard. Vi meiner ikkje å hevda at dei fleste melkekyr går saman med kalvane sine på beite. Reklamefilmen viser tre kalvar på 4-6 månader på beite som spring for seg sjølv, men ingen ku-kalv relasjon. Det var andre melkekyr i innhegninga hjå denne bonden, mens andre gardar har andre løysingar. Vår hensikt er å visa livet om sommaren sett frå kyr si side med ein humoristisk undertone. Me håpar og trur folk både ser og skjønar det. Faktagrunnlaget for film og annonser er realistiske og me ser fram til eventuell dialog med Forbrukerombodet om dette. Med det meiner vi kva som kan visast som eit bilete på livet til 90 prosent av norske kyr om sommaren. Ein slik reklame kan ikkje bli ein dokumentar som viser alle livssituasjoner til kua, men det registrerar vi at du meiner vi burde gjort.

Kor lenge går lausdriftkyrne ute?
Ref forskningsprosjektet får Veterinærhøgskulen viser det at ingen beitetid vart registrert om dei ikkje var ute minimum 8 veker. Dvs 90 prosent av alle norske kyr er altså ute minmum 8 veker om sommaren. Dette gjeld altså 71 prosent av lausdriftkuer som er på beite.

Påstand på bloggen din: Tine lyg for å tjena pengar
Me prøver å visa eit realistisk bilete, ref over. TINE er et samvirke og er eigd av norske bønder. Det er også dei som får overskotet frå TINE. Det er ingen private investorar eller aksjeselskap som får utbytte fra TINE, kun bøndene. Dette set bøndene i stand til å kunne investera i eiga drift med oppgradering eller bygga ny driftsbygning med betre tilhøve for kyrne. At TINE derfor tjenar pengar som kan gå til utbytte, vil altså styrka bøndenes økonomi og dyrehelsa på sikt. Om du er opptatt av norsk dyrevelferd og melkeproduksjon er altså det eit faktum, TINE bidrar difor til betre kuhelse gjennom rådgiving, kvalitetssikring og økonomisk utbytte frå drifta.

Du er som sagt hjarteleg velkommen til å få en innføring i TINEs arbeid innen dyrehelse og samvirkenes betydning for norsk landbruk hjå oss om du ynskjer det. Ta kontakt så kan vi avtala eit møte!


Mvh Lars

Merk at det ikkje blir svart på kvifor han har svart de fakto feil på spørsmålet frå ABCs journalist. Der finst heller ingen dokumentasjon, kun påstander om erfaringar. Eg har forespurt dokumentasjon, frå veterinærar i Tine, på påstanden om at kyr vanligvis går med kalv, men den let vente på seg. Derimot mottek eg ei rekke nye bortforklaringar og påstandar om at udokumenterte erfaringar viser at.. Det er for lettvint gitt det faktum at norske kyr aldri går med kalv.

To be continued.

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys