Gå til hovedinnhold

Så kva er toleranse? Jon Michelet, Nabintu Herland og Arnulf Øverland i lett miks

Eg sit og les litt bøker i kveldens mulm og mørke, langt ute i gokken på den svenske landsbygda. Her er ikkje så mykje anna å ta seg til enn å lese, og ettersom eg ikkje vågar lese skrekkelig skumle bøker av hensyn til min frykt for gamle hus omgitt av store, mørke, hengande hagar fulle av grevling og andre skumliteter, så les eg Jon Michelets bok "Brev fra de troende. Ei bok om tro og tvil". Den har eg kjøpt på bakgardssalg i likheit med eit tonn andre bøker, eg måtte ta trikken to gonger, og boka skuffar ikkje.

"Brev fra de troende" er ein tolerant ateist si tilnærming til kristendom, eller til breva han får frå dei truande etter at han har stått fram som ateist i ein reportasje i avisa Vårt Land. Vårt Land er ei god og interessant avis, og Michelet er ein klok mann som les breva frå dei truande, ikkje uventa fleire gamle damer frå Vestlandet, med stor innsikt. Og ikkje minst toleranse. Michelet har ikkje tenkt å la seg frelse, han er og blir ateist, men trass sitt, vil eg kalle, bergfaste standpunkt, tek han dei truande på fullt alvor. Det slår meg at her hadde Nabintu Herland hatt noko å lære om kva som faktisk ligg i begrepet toleranse. Medan Nabintu Herland er aggressiv, dømmande, vulgære og det eg vil kalle for vondskapsfull og så grov i kjeften at mange berre må ta avstand frå brutaliteten i kjeftbruken ho legg for dagen, er Michelet audmjuk og reflektert. Til tross for at han er ein tidligare (eller noverande, kven veit) marxist.

Eg kan trygt anbefale boka. Den er fin, finurlig skreven og enkel. Ingen avanserte greier. Plain lesestoff for ein mørk høstkveld.

Idag står Nabintu Herland og påstår ho blir jaga som eit dyr til gasskammeret. For den som har sett eit dyr på veg inn i gasskammeret, eg er veterinær, blir samanlikninga banal. For den som veit kva folkegrupper som har blitt gassa, blir påstanden kort sagt pervers. Men tilbake til dyr. Kyllingar på veg inn i gasskammeret blir ikkje jaga, men lyfta og tømt ut på samlebandet frå store kassar der dei før gassing står stabla i store la i lagerrom. Grisar blir i små puljer jaga inn i ein slags stor kasse, som så blir senka ned i CO2 der grisene blir gassa, før dei heisast opp igjen, denne gongen bevisstlause. Å samanlikne den brutale og vulgære Nabintu Herland med ein stakkars gris eller kylling på slakteriet, blir litt kårni.

Eg trur kanskje dama skal vere glad videoen er fjerna. Den var så drøy og patetisk at eg veit ho mista ei rekke av sine sympatisørar i det dei trykte play og fekk sett nokre minutt. For ein stad må grensa gå for kva slags tøys ein skal måtte høyre på av skvalder. Greit nok, dama er underhaldande og eit alternativ i massemedia, ja det er bra, men seriøst. Oppslaget "- Jeg blir jaget som et dyr til gasskammeret" på Dagbladet.no idag, er ikkje spesielt imponerande. Det er lett å tenke seg kor journalistane godta seg på desken i valg av tittel (fy faen, sa ho virkelig det!) og i valg av bildet der Nabintu Herland står framoverbøyd, som skulle ho bli tatt bakfrå, eller som vil ho stikke ut rumpa, eller noko. iallefall blir kombien bilde-tekst i overkant komisk.

Og så har seff vi folks i sosiale medier ingen folkeskikk. Alt ifølge Nabintu Herland. Eg reknar med eg inngår sidan eg er frekk nok til å omtale Nabintu Herland som mindre belest og mindre reflektert. Men ærlig talt, slik framstår ho. Og er det nokon som er intolerant, så er det den dama.

Eg skal dra eit lite sitat. Det er frå Arnulf Øverlands pamflett "Hvor ofte skal vi skifte sprog?" utgitt av Aschehoug i 1948. Det er ei skrift for riksmålet, men uansett har han nokre fine formuleringar.

Eg siterer side 44: " Denne mann, hvis skrivemåte vitterlig tyder på svakt utviklede sjelsevner, - denne mann, som har gitt oss det dokumentariske bevis på, at han ikke er i stand til å uttrykke sig skriftlig, han er det som skal lære oss å skrive, og som skal bestemme over vårt sprog!"

Alt var betre før, ifølge visse. Men eg vil da påstå Øverland er passe frekk her, i sin omtale av en viss B. Ribsskog i Norsk Skuleblad. Men såpass frekk må ein faktisk ha lov å vere, når dumskapen blir for overveldande. Eg let det henge der.

Og tilføyer, sitat Jon Michelets "Brev fra de troende" side 11: Heller enn å skape fiendebilder, bør vi utvikle gjensidig solidaritet.

Noko å tenke på for ei viss Nabintu Herland. Dama har vore eit interessant innslag i offentligheten, men bør vise såpass respekt for at der finst andre meiningar, at ho tek seg bryet med å oppføre seg iallefall littegrann, om ho kan, så ho ikkje endar opp med å bli ein person ingen kan ta i. Ho tok eit svært stort steg i den retning med denne splætteropptredene sin hos Bistandsnemda. Toleranse, anyone? Er det motsette av det bodskapet den dama proklamerer.


.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys