Gå til hovedinnhold

Tolerer ikkje Økodirekt forskning som viser noko anna enn dei sjølv kan tolerere?

Om vi ser vidare på deltakarane i debatten om økologisk landbruk, ser vi at dei fleste som er pro har økonomiske eller politiske interessser. Dei aksepterer ikkje fri forskning og vil helst sjå den død. Les dette sitatet under, men først ein liten intro til den som har skrive innlegget:


Geir Ole Sætremyr skriv dette som svar på innlegget «Mer økologisk?» av Arne Grønlund i Dagsavisens debattforum «Nye Meninger». Merk deg at han ønsker at Grønlunds forskning død (forskninga hans viser at økologisk ikkje er betre for miljøet enn konvensjonelt landbruk), og at han ønsker at Grønlund skal ha blitt irettesett på kammerset. Kanskje ikkje så rart. Sætremyr jobbar i firmaet ØkoDirekt. Økodirekt sel økologiske produkt, slik namnet tilseier, nærmare bestemt ØkoDirekt, økologisk frukt og grønt rett hjem: «Geir Ole Sætremyr satser friskt på omsetning av økologiske varer på Sunnmøre. Bedriften hans står for levering av økologisk skolefrukt i kommunene Ålesund og Sula.» Sætremyr har økonomiske interesser i at økologisk skal behalde omdømet som «betre for miljøet».


«Registrerer at Arne Grønlund har funnet en ny arena for sine korstog etter at der forhåpenligvis hadde foregått noen samtaler på kammerset etter den oppmerksomhet han fikk gjennom spaltene i Nationen. Nå tror jeg egentlig at dette forumet treffer mye smalere og i så måte burde alle tilstrebe å la Grønlunds funderinger dø stille hen og havne der de egentlig hører hjemme, i ovnen. Komposterbare er de ikke.

Når jeg likevel finner å blande meg inn er det for å gi min fulle støtte til Tore Jardar J. Wirgenes, som med inderlig og ekte følt engasjement legger fram det som også er økologiens tankegods, nemlig omtanke for det totale liv på jorda, også mikrorganismene i jordsmonnet som ikke levnes vesentlig omtanke fra Grønlund & Co.

Men skal Grønlund og hans kampaner på statslønn få herje fritt i strid med politiske målsetninger er der stor fare for at spydspissene (ref LMD sine utsagn) dør ut. Men det synes vel Grønlud er greitt...»


kven sa demokratisk debatt? Ikkje Økodirekt. Flaut.


Oppdatering av bloggposten:

Anne Viken,

eg registrerer at du har vore frampå med ein blogg og link til ØkoDirekt AS.

Som eg indikerte tidlegare, kjeldekritikk og oppdaterte fakta er ikkje di sterke side. Også mykje vatn renn forbi deg utan at du heilt er med i svingane.

Men, "that is life" i di form for korstog.

Ei ære skal eg likevel gi deg, vi er langt på veg samde i temaet dyrevelferd. Men det høver seg vel ikkje å løfte seg ut av dynga.

Geir Ol Sætremyr

.

Igjen. Demokratisk debatt. FAIL.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...