25. okt. 2010

WTO - ein trussel mot human helse

Kjøre brasil litt hardare, meine meir sjølv.

WTO dukar bordet for big bissniss, stor farmar og multinasjonale selskap. I fotspora av auka konkurranse følgjer auka smittepress, matforgiftningar, antibiotikaresistens, hormoner, genmodifiserte plantar og dyr.

Anne Viken, veterinærstudent og journalist (artikkelen er skriven i 2006).

Det er slått fast ein gong for alle at Noreg er ein egoistisk landbruksproteksjonistisk kustat med bondefanga utanriksminister, norske bønder er rota til alt vondt og alle fattige bønder dør og svelt i skuggen av norske importmurar. Eit kjapt søk på Statistisk Sentralbyrå gir oss handfaste tal om fienden: Norske bønder eig 264 000 oversubsidierte melkekyr fordelt på 15 900 gardar. Desse utgjer altså eit formidabelt problem, eventuelt er problemet kraftig ute av proposjon, eventuelt har dei sjølv eit problem. Siste 25 åra har norsk melkeproduksjon gått ned med 15 prosent, antal jordbruksbedrifter med dyr i Noreg gjekk ned med 4,5 prosent frå 2005 til 2006.
Til samanlikning fanst det i den amerikanske staten Wisconsin i september 1 245 000 kyr fordelt på 14 490 farmer med gjennomsnittlig 86 kyr per farm. I tiårsperioden 1993 til 2003 vart antalet farmar her redusert frå 30 000 til 16 900. Årsaka er konkurranse.

I WTO-forhandlingane gjekk Brasil sin president Lula inn for reduserte landbrukssubsidiar. Dette får den sosialistiske presidenten trampeklapp for. Egoistnasjonen Noreg, går derimot inn for å behalde sine skyhøge tollbarrierar for å beskytte desse svinaktig godt organiserte bøndene som tassar i tog og bråkar for kvar krone dei misser i inntekt. Det same gjer USA.
I 2005 hadde norsk landbruket 2,4 prosent av den totale sysselsettinga og 0,5 prosent av BNP, og total sjølvforsyningsgrad på femti prosent. Noreg er ein nettoimportør av landbruksprodukt i likheit med resten av G10, blant anna Japan, Sveits, Island og Israel.
-- Dere ikkje-importørar forstyrrar ikkje det internasjonale markedet, sa Brasil sin landbruksminister Roberti Rodrigues i Hong Kong i sommar. Ein kan ta det som eit hint om at det potensielt finnast viktigare og meir konstruktive saker å bruke engergien sin på enn WTO dersom ein ønskjer å skape ein skilnad for fattig land. Potensielt er WTO eit feila prosjekt.

Kven vinn på WTO? spurte Shamali Guttal på Globaliseringskonferansen og svarte sjølv på spørsmålet. Rike utviklingsland som Kina, India og Brasil. At markedstilgang gir utvikling er ein absurd og farleg mantra, hevdar Guttal. Etter at IMF innførte landbruksreformer i India, får indiske farmarar ikkje lenger subsidier, noko som mellom anna har ført til mange sjølvmord blant farmarane. Dei minste farmane bukkar under.
Årsaka er at WTO ikkje gir utvikling. Guttal samanliknar WTO med IMF og Verdensbanken. WTO gir ikkje fordelar til dei fattige, små farmar må lide både i USA, Brasil og India. WTO dukar bordet for big bissniss, stor farmar og multinasjonale selskap. Og i møte med big bissniss og tøffare konkurranse bukkar dei svakaste under. Darwinisme i marknaden er uakseptabelt.

Miljø og helse må vike for profitt. I fotefara til store farmar og tettare populasjonar følgjer auka smittepress, auka medisinbruk med påfølgande antibiotikaresistens som kan overførast til humane konsumentar, auka antal matforgiftningar som eit resultat av større smittepress og meir handel, bruk av hormonsprøyter på dyr for å auke kjøt- og melkeproduksjonen, biotek-plantar og sprøytemidlar ein enno ikkje kjenner dei biologiske konsekvensane av. Gener er ein fin ting å ha når ein skal konkurrere.
På landsbygda i Wisconsin er du ein raritet om du ikkje nyttar hormonsprøyter kvar tiande dag. Du er ogå ganske spesiell om mindre enn halve buskapen din ikkje er infisert med paratuberkulose og brukar hornomer for å synkronisere brunst på kyrne. Men vil du henge med i konkurransen, er dette nokre av midla du må ta i bruk. Og nokre av konsekvensane.
Ein av vinnarane når marknaden hardnar til, er den multinasjonale giganten Monsanto med hovudsete i USA og store avleggarar blant anna i Brasil. På verdsbasis har Monsanto 16 500 ansatte, er verdsleiande på produksjon av genmodifisert frø til landbruket, produserar veksthormon for kjøttfe og melkehormon for ku, plantegifter og insektgifter, blant anna plantegifta Roundup. Monsanto har patent på dei genmodifiserte frøa sine, og farmarane må betale avgifter for å nytte frøa.

Globaliseringa heimsøker verda, skriv Thomas Hylland Eriksen og Halvor Finess Tretvoll i Kosmopolitikk, og meiner at ei viktig målsetting må vere reformering av WTO-systemet. Dei kjører på med billege eksempel som dansk sukker som blir subsidert i så stor grad at det vert selt til langt under produksjonskostnad, og skriv at Noreg i WTO-forhandlingane ønskte tollreduksjon på fisk, men tollbarrierer på landbruksvarer. Dette viser, ifølge forfattarane, korleis Noreg lar innenrikspolitiske hensyn gå framfor utviklingshensyn i handelsspørsmål.
Det er på tide å stille det politisk ukorrekte spørsmålet: Vil det gjere forskjell frå eller til på den globale marknaden om lille Noreg reduserte sine tollbarrierar, opna grensene for import av afrikanske eller brasilianske landbruksvarer og fjerna landbrukssubsidiane? Det er også på tide å sjå i augene at det er ikkje berre norske bønder som vil tape på ein WTO-avtale. Små og svake bønder i alle land vil bukke under til fordel for dei store, konkurransedyktige. Er dette utviklingshjelp?
For lat oss ta ein kikk på kva WTO faktisk er. Målet er å hjelpe produsentar av varer og tjenester, eksportørar og importørar å fremme sin bissniss.

Noreg har, i motsetning til blant anna Brasil og USA, forbod mot bruk av hormonbehandling for å auke produksjonen av kjøt og melk. Blant anna kan vi ikkje nytte melkehormonet POSILAC som ifølge Monsanto aukar kuas melkeproduksjon med ti til femten prosent. Selskapet reklamerar med at POSILAC hjelper små farmar med begrensa ressursar over heile kloden å produsere meir.
Men kvar dag pumpar Monsanto 1,5 millionar amerikanske dollar inn i forskning på bioteknologi som kan skape meir produktive og profitable plantar, plantegift og hormonpreparater. I Brasil ligg Monsanto sine største anlegg om ein ser bort frå anlegga i moderlandet USA. Roundup ugrasmiddel er Monsanto sitt flaggskip, og vert produsert i Brasil. Monsanto er eit av dei store multinasjonale konserna som også eig store delar av brasiliansk landbruk.
I 2005 opna Brasil for dyrking av Genmodifiserte planter (GMO). På dette tidspunktet kontrollerte Monsanto sin Roundup Ready-soya det svarte marknaden for genmodifisert soya, og utgjorde ein tredjedel av Brasil sine soyaavlingar, noko som plasserar Brasil som nummer to etter USA i dyrking av genmodifiserte soya, sjølv utan at Monsanto får lov til å selge soyaen lovleg. Når salget vert lovleg, vert det enklare for Monsanto å kreve inn avgiftene. Biotek-frø er det nemleg patent på.

WTO bidreg til hardare konkurranse på verdsmarknaden. Verkemiddel og konsekvensar kan vi berre spekulere i. Ein av desse må dø: Verdens små bønder eller WTO. Big bissniss banker på døra.