9. nov. 2010

Den store kyllingdøden

Eg hugsar då eg var ti år og bestilte ein kasse kyllingar frå Trøndelag. Selgar sende kyllingane i ein pappkasse i lasterommet på ein nattbuss i tolv timar. Det var midt på vinteren og eg betrakta skrekkslagen dei ihjelfrosne kyllingane som låg i pappkassa eg fekk frå bussjåføren. Eg ringde då busselskapet og spurde om dei ikkje tok med seg kyllingar i passasjersete. Dama i informasjonsskranken lo høgt og gjorde narr av spørsmåla mine. Eg vart sterkt kritisk til bussing av fjørfe etter dette og kjøpte seinare kun kyllingar viss mødre budde nær flyplass.

Min neste kyllingforendelse kom med fly. Åtte godt utvalgte rasekyllingar på spon i ein pappkasse. Flyturen hadde tatt ein time. Eg innstallerte dei i eit fuglebur, lufta dei på tunet, og ei veke seinare hadde dei søte små lagt ut på ein ny flygetur. Denne gongen i nebbet på kråker.