Gå til hovedinnhold

Det mange ikkje har fått med seg

.. er at eg har flytta ut av Oslo og ut på bygda. Riktignok ikkje ut på den norske, men på den svenske bygda. Dette kan eg sei med ein gong at er ein stor overgang, men det gir muligheter ein ikkje har i Oslo.

Ein må slutte med å bedrive moralisme, alla feig og modig, i debatten om flytting til og frå by og land. Det virker som om debatten i stor grad er driven av moralisme, heller enn realitetsorientering, samt at hatet mot Oslo er ei drivkraft bak distiktskonferansar. Klaging og syting og moralisme har teke overhand. Det er lite konstruktivt.

Ein faktor er at det er langt betre plass her. Stort hus kan ein leige til dumpingpris. Eg har god internettilgang, det er stille og rolig om natta. Ingen galningar som fulle spring rundt og brøler i gatene utanfor. Då eg gjekk opp Karl Johan forleden kveld, tenkte eg: gud for eit bråk. Eg liker det stille og rolig. Ein liten kåk i ein bygard var ikkje mi greie i lengda, og det har det heller aldri vore. No har eg hage, den er på fleire mål og full av epletre, og her kan eg også ha både hest og frittgåande høner og griser. Hest, høner og griser er mine favorittdyr, og då særlig høner.

Så det er veldig mykje penger å spare på å flytte ut, og når ein så da omsider finner seg noko å gjere her ute, no skriver eg og det tenker eg gjer ein del av men neppe på fulltid, er det like så bra livskvalitet som i Oslo, eller i storbyen. Det kjem heilt an på kva ein vil ha.

Eg er opptatt av miljø og natur og livskvalitet. Dette er for meg nøkkelbegreper. Om nøkkelbegreper i eins liv er teater eller urban kontekst i seg sjølv, som for min urbane fetter, eller om ein vil gå på nattklubb fire gonger i veka slik ein del av min kjenninger vil, eller skal feste natta lang med kunstnere, så er det ikkje greia å flytte hit. Eg var også relativt lei av denne forma for liv, uten at det er noko gale i det av den grunn.

Men eg trur faktisk at skal ein snu flyttetrendane, så treng ein ei endring i folks verdiar. Det er eit verdivalg å flytte ut av byen, iallefall for min del. Det handlar om kva ein vil bruke tid, energi og pengar på. Det er nok mange som har desse verdiane, men om vi skal tru Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, så finst det ikkje nok arbeidsplassar ute i distrikta til alle som vil bu der. Det er noko å tenke over. Ikkje alle kan eller vil lage sin eigen arbeidsplass. I første omgang er det dette eg gjer. Har mine eigne greier som eg driver med, og så ser vi på sikt, kva det blir til. Eg har nok å gjere.

Og mine synspunkter i distriktsdebatten endrar seg ikkje sjølv om eg flyttar frå byen. Dei er like relevante som før. Men heller enn å skravle bullshit på konferanser, anser eg tida som betre anvendt med å faktisk realisere eit interessant liv på bygda. Det held, som Drude Beer, peika på i sin dårlege kommentar i Nationen her forleden, ikkje med preik og rundstykker. Det må handling til, og kvar og ein må få velge sitt løp. I byen eller på bygda. Det er ikkje feigt eller spesielt modig nokon av delene. Det som er feigt oppi alt, er å ikkje gjere som ein sjølv ønsker. For min del hadde det vore feigt å bli i Oslo, men sidan eg ikkje er av den feige typen, testar eg no livet på bygda i Sverige. For andre er det feigt å ikkje kome seg vekk frå bygda. Trivsel er sentralt her, og å snakke om feigt eller modig i denne debatten, blir moralisme. Moralisme har ein lite å tjene på. Den bør difor også ut av debatten. Livsstil, verdivalg og folks eigne ønsker bør kunne styre kvar dei vel å slå seg ned.

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...