Gå til hovedinnhold

Hardhendt transport av dyr, og reinsdyr på reinsdyrskinn


Medan reinsdyr skal transporterast på eit reinskinn, kan stakkars fjørfe transporterast som sild i tønne. Det er skilnad på dyr.

Eg var på vakt då det hende. Fleire hundre dyr var i ferd med å brenne inne. Med hjartet i halsen la eg i veg. Eg har aldri før vore med på ein brann. På loftet låg nyhøsta høy frå fleire hundre mål mark, og på tjue minutt var det overtent.
Låven rasa etterkvart saman, men ein ga ikkje opp. Betongdekket over fjøsen heldt stand, og heile natta køyrde dyrebilar til og frå. Dyra vart lessa på lasteplana og transportert til andre fjøs i området. I dette tilfellet var dyretransporten god å ha. Ein flyttar ikkje hundrevis av store dyr med handemakt.

Hardhendt handtering?

Dyretransport er ellers eit omdiskutert tema. Spesielt transport av dyr til slakteri. I oktober blogga den økologiske Fjærlandsbonoden Johannes Eggen Mundal om å sende lamma til slakt. Her er eit utdrag av bloggposten «Mykje hardhendt handtering?»

«Eg skal levere lam til slakt kommande veke. Det er ikkje med heilt lett hjarte, skreiv han. Ein gjer sitt beste heile lamma sine liv for at dei skal ha det så bra som muleg. Så sender ein dei med ein bil til slakteri. “Berre” ein times transport. Det er vel snart mellom Norvegs kortaste vegar til slakteriet: Ein må tenkje positivt!
I fjor blei berre halvparten av lamma mine slakta som økologiske, sjølv om dei alle var merka som økologiske like før dei reiste herifrå. Eg ringte Nortura og spurte kvifor det var slik.
- Det skjer at desse øko-merka er borte når vi slaktar, var Nortura sitt svar.
- Borte? Korleis kan det skje? Lamma vart merka like før henting, og merka sat jo bra!
- Det er mykje hardhendt handtering før dei kjem til slakt, var svaret, beint fram og ærleg. Så ærleg at eg ikkje veit om eg heller ville vore spart for det. Men no har eg høyrt det svaret, og det gneg i samvitet. Men kva kan eg gjere med det?» bloggar Eggen Mundal.

Skal transporterast pent

Punkt ein. Hardhendt handtering av dyr på slaktebilen er i strid med lova. I forskrift om transport av levande dyr kan vi i paragraf ein lese at dyr skal behandlast godt og beskyttast best mogeleg. Dette var Norturas kontaktperson tydelegvis ikkje klar over.

Bloggposten vekte mykje reaksjonar. Nina Sundqvist, kommunikasjonsdirektør i Nortura, skreiv i ein kommentar at det var tvilsomt om dyra var blitt dregne etter øyra slik at merka fall av.
Eg var overraska over svaret. Vi er nok mange som har problem med å forestille oss at ein slaktebilsjåfør faktisk kan finne på å handtere dyr så klønete. 

Transportforskriftas paragraf elleve tydeleggjer også at det også er forbode å trekke dyr etter øyra. «Dyr skal ikke heises/løftes eller trekkes etter hode, horn, ører, ben, hale eller pels eller håndteres på en slik måte at det forårsaker smerte eller lidelse. Forbudet mot å trekke dyr etter gevir/horn gjelder ikke for hjortedyr/geit.» Dette kunne det fort verke som om Norturas kommunikasjonsdirektør ikkje var klar over.

«Derimot kan jo også ørelapper bli satt feil på eller at det faktisk er noe konkrete feil med selve merkelapene og dermed ramle av», fortset Sundqvist.

Underleg transportforskrift

Altså ligg skulda hos dyreeigar. Men ein kvar som har sett i eit øyremerke, veit at sit det, så sit det. Logikken hos Nortura er motsett av den vanlege kunden har alltid rett-logikken i handelsbransjen. Dette er også ein grunnleggande mediestrategisk kunnskap, berre ikkje i landbrukssamvirka. Der har kunden alltid feil. Norsk landbruk forsøker å halde fasaden som noko nær det perfekte. Dette er i seg sjølv ei imponerande improvisasjonsøving som nødvendigvis må mislukkast ved ei rekke anleidningar. Men når det gjeld transport til slakteri, ligg lite ansvar hos dyreeigar.

Lat oss ta ein kikk på transportforskrifta: «Paragraf 12: Enhver transportør skal inneha gyldig godkjenningsbevis for dyretransport utstedet av kompetent myndighet i det land virksomheten etableres.» Og: «Paragraf 13: Dyretransportsjåfører skal på tilfredsstillende måte ha gjennomgått et teoretisk og praktisk utdanningsopplegg godkjent av Mattilsynet.»

Rein på reinskinn

Det er ei rekke underlege forbod i forskrifta. Blant anna er det skrive her at ein ikkje kan transportere dyr med samanbundne bein. Dette gjeld derimot ikkje for reinsdyr som ligg på ein slede trekt av snøscooter. Forskrifta presiserar også, absurd nok, at reinsdyret gjerne må ligge på eit mjukt reinsdyrskinn.
Dersom det ligg tilstrekkeleg mjukt og godt, kan reinsdyret transporterast med samanbundne bein i inntil to timar utan avbrot, men rein er eit spesielt husdyr. Ein har også, i Norge, anleidning til å kastrere reinsbukkar med tennene. Dette for å sikre kastrering, men hindre tap av maskuline trekk. Ved normal kastrering forsvinn nemleg både fruktbarheit og maskulinitet.
Ein har heller ikkje lov til å trekke dyr etter motorkøyretøy. Unntatt rein, sjølvsagt, som ein kan føre i gangfart etter ein snøscooter. Kyr på veg til beite kan ein også føre med traktor over korte avstandar. Dette er for øvrig litt av eit show.

Men det er ikkje korvidt reinsdyr skal ligge på reinsdyrskinn eller ikkje, som er det store temaet innanfor transport av levande dyr. Det er transporttida. Denne verkar for mange vere ugudeleg lang. Eit anna problem er at transporttidene er fastsett på bakgrunn av EUs krav. Det store spørsmålet blir dermed: kan vi, i Norge, med våre smale, slyngete vegar ha same transporttider som EU der reisene foregår på strake, flate motorvegar der dyra står plant og stille som på eit stovegolv? Ein kan levande forestille seg korleis dyra set sjøbein opp og ned bratte bakkar, rundt skarpe svingar, ved nedbremsing før forbikøyringar på fjellhylleliknande vegar.

Mislukka kyllinghald

Men vi har definitivt bruk for transportforskrifter. Dyr er fortsatt berre dyr for enkelte. Eg hugsar då eg var ti år og bestilte ein kasse kyllingar frå Trøndelag. Selgar sende kyllingane i ein pappkasse i lasterommet på ein nattbuss i tolv timar. Det var midt på vinteren og eg betrakta skrekkslagen dei ihjelfrosne kyllingane som låg i pappkassa eg fekk frå bussjåføren. Eg ringde då busselskapet og spurde om dei ikkje tok med seg kyllingar i passasjersete. Dama i informasjonsskranken lo høgt og gjorde narr av spørsmåla mine. Eg vart sterkt kritisk til bussing av fjørfe etter dette og kjøpte seinare kun kyllingar viss mødre budde nær flyplass.
Min neste kyllingforendelse kom med fly. Åtte godt utvalgte rasekyllingar på spon i ein pappkasse. Flyturen hadde tatt ein time. Eg innstallerte dei i eit fuglebur, lufta dei på tunet, og ei veke seinare hadde dei søte små lagt ut på ein ny flygetur. Denne gongen i nebbet på kråker. Forskrifta seier ingenting om kråketransport. Mine kyllingprosjekt var ikkje alltid like vellukka. Det er heller ikkje dei norske transportforskriftene. Her er høner eit verdilaust krek. Dei lever verdilause liv i små bur, og når dei endeleg skal dø, kan du transportere dei så langt du omtrent orkar.

Rettslause høner
Slaktedyr, (sjølvsagt med unntak av fjørfe som kan transporterast i tolv timar samt sparkast fotball med på slakteri før ein dreper dei, fjørfe blir behandla som skrot i stort sett alle forskrifter), skal ikkje transporterast lenger enn åtte timar. På denne tida kjem dei 640 kilometer om ein køyrer i åtti, eller 480 kilometer om ein køyrer i seksti. I Sverige, der ein kan køyre i 120, kjem ein 960 kilometer. Altså kan ein ha langt større avstandar mellom slakteria her, utan å bryte forskriftene, enn vi kan i Norge. Dyra har på denne reisa ikkje krav på mat og drikke. Dei skal trass alt slaktast.
I enkeltståande tilfeller, som ved dårleg ver, kan ein godta at transporttida blir forlenga med tre timar. Dette betyr i praksis, om ein skal tolke forskrifta, at om reisetida sommarstid er åtte timar, er den garantert lenger om vinteren. Særleg langt nord, og dette opnar forskrifta sjølvsagt for. Ein kan trass alt ikkje påtvinge Nortura å ha eit slakteri på kvart nes.

Dispensasjon, ja visst

Difor kan Mattilsynet gi generell tillatelse til transport av slaktedyr i inntil elleve timar frå områder i Nordland, Troms og Finnmark der transporten til nærmaste slakteri på det tidspunktet denne forskrifta trer i kraft, ikkje kan gjennomførast på åtte timar. Altså får dei slakteria som hentar dyr som står lenger borte enn åtte timar, fritak frå krava. Dermed slepp ein bygge nye slakteri og slakteria slepp forhalde seg til åttetimerskravet forskrifta. Vi vil vel ikkje at distriktslandbruket i Norge skal bli lagt ned, vil vi vel? Vil ein strupe ei næring, gjer ein det lett med eit regelverk som er så dyrt å iverksette at det umogeleggjer all levedyktig produksjon.
Og så var det reinsdyra. Dei kan ein transportere i inntil tolv timar, og det er ingen krav om at ein skal ha reinsdyrskinn i køyretøyet. Forskriftene er, ved første augekast, skreddarsydd for deg som skal transportere, ikkje for dyra og spesielt gjeld dette for mitt favorittdyr, stakkars fjørfe.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb