Gå til hovedinnhold

Kvifor blir enkelte bøker gitt ut? Kvifor gir folk ut bøker på små forlag? Og kvifor er så mange baksidetekstar så kjedelege?

Eg les ganske mykje. Eg les ganske variert, unntatt poesi. Det greier eg ikkje. Kanskje fordi poesi går så til dei grader rundt grauten. Ingenting er rett på sak, unntatt Beat-poesien og Stor stygge dikt, boka til Ruth Lillegraven som kom for nokre år tilbake. Dei er rett på sak. Det kan eg like.

Når du skriv og skal fange lesaren er det tre moment som må kome i denne rekkefølgen:

Handling
Dialog
Beskrivelsar.

Då kan du mekke gode drivande tekstar med trøkk. Dette kan eg like. Den dårlegaste boka eg nokon sinne har lese, den mest meiningslause, svevande pjattete fjortisnivåprega var vel debyboka til Janne Camilla Lyster. Den vart forøvrig brukt som eksempel på kor gale det stod til med norsk samtidslitteratur. Forståeleg.

Ei anna bok eg har spekulert ein del på, er Fange 59.Taterpige av Aina Basso, Samlaget 2010. Det var ei bok med totalt flate karakterar i første halvdel. I andre halvdel tek boka seg betrakteleg opp. Denne boka har irritert meg. Kvifor? Fordi den er så ekstremt lett å gløyme. Den tilbyr deg eigentleg ingenting. Eg trur dette er den mest ordinære boka eg har lese på mange år. Det vil sei den mest ordinære boka som eg har makta å kome meg gjennom på mange år. Oftast klappar eg dei saman på side tretti-førti om det blir for tregt. Men denne boka klarte på eit eller anna vis å slepe meg gjennom sidene, trass sin grunnleggande mållausheit. Kvifor eksisterer denne boka? Kva er poenget med den? Kvifor er den gitt ut? Spørsmålet sveiva i skallen på meg lenge og vel.

No har eg kome fram til at denne boka nok kanskje hadde passa best som ungdomsroman. Men det er kanskje litt frekt: å sei at bøker som ikkje burde vore gitt ut, hadde passa best som ungdomsbøker. Greit nok. No skal eg ikkje sei at boka ikkje skulle ha vore gitt ut.

Men mitt spørsmål er dette: skal det vere eit poeng med alle bøker? Skal bøker ha noko å fortelle deg, ein bodskap, ein lærdom, ei erfaring, noko interessant å bidra med for å forsvare sin rett til å vere trykt? Og kva slags bøker inngår i såfall i denne kategorien? Er det ei smakssak? Eller er det berre slik at enkelte bøker, trass godt språk, ikkje maktar å fange opp og vidareformidle nokon som helst form for essens, ingenting i grunn, utanom ord? Reinspikka lett underhaldning? Ja, eg vil kanskje påstå det. Og i denne kategorien har eg endt opp med å plassere Fange 59.Taterpige. Og så lurer eg på , frekt nok, kvifor den er utgitt. Og så lurer eg på kvifor eg las heile..

Det begynte med at eg skulle sjå på sceneskifta, som i starten var heilt kaotiske mellom notid og minner. Og fordi eg følte at baksideteksten ikkje stemte med innhaldet. Dessutan irriterte boka meg med sin tilstedeværelse i bokrommet. Etterkvart vart den også realtivt grei underhaldning. Så nei, eg skjønar det ikkje.

Og når du då går over til å lese Edvard Hoems bok "Mor og fars historie", som forøvrig fekk mykje medieomtale, sikkert fordi det var Hoem og fordi det var sjølvbiografisk om foreldra, ein slags smugkikk inn i forfattarens liv, noko som er stadig viktigare for folk: mennesket bak bøkene, så ser ein at også denne boka fell fullstendig gjennom. Den litterære kvaliteten er grei. Den går an å lese, om ein ikkje er for trøtt. Språket er uredigert kosepreikprega. Og kvifor er så denne gitt ut? Tja, sikkert fordi det er ei god historie i boka, i bunn og grunn. Men den er såpass dårleg eller slepphendt redigert, kanskje fekk Hoem skrive så muntleg som han ville, at historia blir ødelagt og bekjedelega, altså påført kjedeleg form. Eit nytt ord eg kom på no.

Så skal du skrive bok.

Ha noko å fortelle.
Ha eit godt språk.

Jepp. Og så var det dette med cliffhangers og kapittelskifte og dramaturgi og karakterar med fleire enn ein eigenskap, men det kjem seinare. Kan forøvrig anbefale den danske tv-serien Krøniken. Glitrande dramaturgi, spekka med cliffhangers, gode karakterar. Dessutan har den ei god historie, godt innhald og levande tidsbilete. Kva meir kan ein då ønske seg. Og ja, eg er ikkje så nøyen på om bøker er bestselgarar eller smale, godkjente eller stempla som dårlige. Eg kjøper mine bøker på tips, lesing av omtaler og forfattarnamn, men i stor grad plukkar eg dei ut der og då i butikken. Og ein ting forlaga kan bli flinkare på er: baksidetekstar. Den siste pocketutgivelsen av Trygve Gulbranssens bøker om folket på Bjørndal, Bakom synger skogene, Det blåser fra Dauingfjell og Ingen vei går utenom, har forferdelege klisjeprega baksidetekstar. Eg hadde garantert ikkje kjøpt dei om eg kun las baksida. Den får bøkene til å høyrast ut som skikkelig skrap frå billigbokhylla, skrivne av ein eller anna forfattar som skriv ei bok i veka, pocket only, og pris 39 per stk osv..

Det er mange ting eg lurer på angåande bokbransjen. Eg har også vanskar med å  forstå kvifor folk vil gi ut på små forlag. Det er stor nivåskilnad i bøker utgitt på store versus små forlag. Men det kan ein tenke på ein annan dag. Kanskje fordi det ikkje er sant som folk seier: at dei små forlaga er meir seriøse og gir ut kvalitetsprega nisje. Kanskje er sanninga at dei store forlaga kan velge seg dei beste skribentane og dei beste bøkene, medan dei små må ta til takke med resten. Og no definerer eg små forlag som små, lokale. Alle over ein kam. Beklager folkens.

Ja det var alt eg lurte på i kveld. Om nokon har nokre vettige betraktningar er det interessant å lese.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb