Gå til hovedinnhold

Og bakom synger skogene

Trygve Gulbranssen er ein mann som hittil har gått meg hus forbi. Eller hus forbi. Eg har visst at bøkene låg der. Eg har kjent til mannen. Eg har berre ikkje lese han. Difor las eg i jula. "Og bakom synger skogene", "Det blåser fra Dauingfjell" og "Ingen vei går utenom".

Dette er fantastisk historisk drama med karakterar som eg sjeldan finn makan til. Stive, steile etterkomarar av høvdingætter lever i skogsbygda på garden Bjørndal ein stad på Østlandet seint på 1700-talet. Når dei svarte hingstane frå Bjørndal dundrar gjennom langs vegane mot byen med bjørneskinn, gyser folket i flatbygdene. Det ligg noko mørkt over skogsbygda i nord. Noko skremmande. Det ligg eit mørke over bøkene. Folk lever i spennet mellom liv og død, og begge er alltid tett innpå.

Folk blir ryggstukne, dei vert tekne av steinsprang, troll herjar i steinurene og gjenferd ferdast langs vegane. Bjørnar riv hundar og folk i filler, segner og tussar følgjer dei, hestar vert tett av isen og synske koner vaker over deg. Folketrua er over alt. Karakterane er røft skisserte, som grovt utskorne figurar i ein tre. Skarp profil, blondt hår, brei bringe, hard karakter. Her er det mykje bjørneblod og ulv rundt husnovene, men også kompliserte mellommenneskelege forhold, og eit ekteskap fullt av den mest og best beskrivne distanse eg har lese om på lenge. Dette er fantastisk lektyre, lite anna.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...