Gå til hovedinnhold

Gøsta Berlings saga - trolldom og segner


Eg har lese Gøsta Berlings saga av Selma Lagerlöf og kan ikkje skjøne at eg ikkje har lese dette før. Og ein kan spørre seg: kva skal vi eigentleg med alle våre dagars sjølvhjelpslitteratur eller bøker om frustrerte sjeler på jakt etter meininga med livet når det berre er å bla opp i den litt eldre litteraturen der klokskap og vett er godt bevart?


Hovedpersonen er Gøsta Berling. Han er avsett frå sitt presteembete fordi han drikk. Boka er basert på gamle segner og historier frå tidleg attenhundre i Värmland. Den vonde kjem ut av peisen på julekvelden og lever som bonde midt blant menneska. Midtsommars køyrar han i sin galskap slede til kyrkja iført ulveskinnspels. Bjørnen som herjar i sauefjøsane må skytast med ei sølvkule. Det er fagre jomfruer, avsette prestar, trolldom og kjemper til menn. Ikkje som i billig pocket, men som i sagaen. I den mørke värmlandske skogen vert hestar og folk jaga av ulveflokkar, trollkjerringar kjem til bygds og nedkallar forbannelsar over baronessa som ikkje vil gi henne kjøtet ho legg si hand på. Etter dette kan ikkje baronessa forlate huset utan å bli angripen av flokkar av skjærer. Ho flyktar til slutt landet i ei lukka vogn.





Gøsta Berlings saga er debutromanen til Selma Lagerlöf og er ein av svensk litteraturs største klassikarar. Eg synest det er fantastisk at det er mulig å skrive ei slik bok. Atten år seinare, i 1909, fekk Lagerlöf Nobelprisen i litteratur.

Boka er spekka med historier og alle heng dei saman, men det er ikkje som i ein "vanleg roman". Her har vi kapittel som står så og sei lausrive, av og til hengir forfattaren seg til naturbeskrivelsar der blomar og tre snakkar saman. Her er inga rett handlingssnor. Forfattaren har hengt segner og fantastiske historier på enkeltkarakterar. Til saman blir det eit gigantisk lappeteppe eller puslespel. Vi får kartlagt kvar krik og krok av mystiske hendingar, skjebne og trolldom som dei ulike har vore borti gjennom eventyrlege skildringar.

Eg lurer på om det er mulig å fortelle slike historier lenger. I våre tider er den muntlige fortellertradisjonen nesten borte og eg vil tru at Lagerlöf i likheit med Trygve Gulbranssen, har brukt historier ho har fått fortalt når ho skulle skrive dette verket. Og når ein skal gjengi det så bra, så godt skildra, så eventyrleg levande beskrivingar av natur og ikkje minst hestar og dyr, må ein ha denne erfaringa sjølv. Ellers greier ein det neppe.

Gøsta Berlings saga er ei oppvisning i svært sjelden fortellerkunst.

Les.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...