Gå til hovedinnhold

Eg skal bli verdsarv! Idag fekk eg 33 millionar kroner av Gaular kommune og fem mil med høyballesnøre: ekstremdassturisme

Sidan Gaular kommune ikkje kan fikse nettet mitt, Telenor har tilbode meg eit handhogd modem i stein etter at dei brukte fem veker på å ikkje finne ut at det var modemet det var noko gale med, så har dei valgt å gi meg ein kompensasjon. Idag mottok eg frå Gaular kommune 33 millionar kroner for å rehabilitere ein antikvarisk utedass fem mil inne på fjellet. Då eg spurde om eg fekk breiband på utedasssen, var svaret frå det lokale sjefstulle-Telenor ganske klart.

Nei, sa Stubhaug, den luringen. Han er ansvarleg for Gaular kommune sitt nett og han liker ikkje fiber. Det kan skade dassen. Kanskje også rassen på den som sit seg på den.

Ingen er overraska. Det som derimot overraskar, er at Gaular kommune i samarbeid med Telenor no tilbyr meg fem mil med høyballesnøre. Dette skal eg dra ut mellom dassen og huset mitt, og ein antek at det i løpet av kanskje tretten fjorten år vil omdanne seg til fiber. Vel og merke om temperaturane ikkje blir for høge dei komande åra. Dette er sjølvsagt noko vi ser fram til.

På spørsmål om når ein kan få normalt internett til huset, greier ikkje Telenor å forstå spørsmålet. Dei snakker veldig om dette modemet av stein og at det må kun plasserast i kjellaren. Ellers går det visst gjennom golvet. Eg er sjølvsagt litt skeptisk til å få ødelagt golvet.

Men no har eg fått min utedass og vi er sjølvsagt veldig stolte over å no ha eit slikt topp-dass-tilbud her i Bygstad

Det ser altså ut til at mine nettproblem er i ferd med å betre seg. Eg er sjølvsagt svært takknemlig for at Telenor og Gaular kommune har valgt denne ekstremdassløysinga  med høyballesnøre-deluxe tilkopling.

Dassen er ein femtentusen år gamal opp ned sjølvroterande dass med romersk møkkahole under, ein reell investeringsdass, og Innovasjon Norge har lova meg topp-dass-grunder-støtte i ei årrekke framover dersom eg lærer meg å strikke Selbu-vottar utan lys på. Dette er sjølvsagt noko eg har sagt ja. Eg er trass alt ganske tilpasningsdyktig og digger å gjere litt kreisi ting som kan få meg på trykk i eit turistmagasin.

No er det på tide å kome seg på verdsarvslista. Vi har nok fiber. Kommunen har bestemt seg for å sette foten ned. Nok er faktisk nok, og det må vi alle forstå. No skal alle som ønsker seg det få ei steinaldertoalettpapirpresse i ringbarka eik handsaga med sleiv på storehesten.

Merkevara vil bli omtrent slik: ekte, eldgamal møkk. Merkevara blir "Skyskiting", og prisen blir sjølvsagt drithøg.

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...