2. feb. 2011

Om turismevanvidd, frå mi innleiing på Frp sitt fylkespartimøe 30.januar 2011

så kva er det vi har her i Sogn og Fjordane?


Sogn og Fjordane er eit ressurssterkt fylke med eit naturgrunnlag for framtida. Korleis kan vi utnytte dette?

Korleis skal Sogn og Fjordane overleve i ei global utvikling med sterke sentraliseringstendensar?

Vi har naturressursane, vi har beitemarkene, vi har innovasjon, teknologi og landbruk. Det er vi, her i Sogn og Fjordane, som kan vere eit av matkammera i verda dersom klimaendringane slår til og sidan Frp har høge ambisjonar på landbruksfronten tenker seg sei ein del om landbruket sjølv om landbruk blir ansett som ei stadig mindre viktig næring i store delar av distrikts-Norge.

I år 2011 er vi nødt til å spørre oss: Kven vil vi vere? Kva kan vi tillby? Og om vi ikkje maktar få fram ein sterk eigenart, kva skal vi satse på å utvikle?

For eksempel meiner National Geographic at det er eit godt poeng at vi har minst mulig folk her på Vestlandet, all den tid området då blir best mulig konservert for framtidige generasjonar.

I dag er vi globale.

Eg trur ikkje ein vil vinne på å halde horisonten fri for vindmøller. Framtida ligg ikkje i produksjon av landskap for turistbrosjyrer uansett kor mykje National Geographic messar om kor fin naturen er her. I mange av verdas mest spektakulære naturområder bur der knapt folk.

Framtida for eit fylke som Sogn og Fjordane, vel og merke om det skal bu folk her, er satsing på næringslivet.



Men det er ikkje berre lett å få folk til å flytte hit.

"Ein dropper analysen. Går det gale, veit ein kvar skulda ligg. Den ligg i sør", skriv Per Svelle under den talande avsnittstittelen «Den tilslørande nord-sør tenkinga» i boka «Nordområdepolitikken sett frå nord». Tilsløringa fører til at ein i andre omgang ikkje gjer vidare analyser av maktforhalda. Dette kan også seiast om Vestlandet. Ein grip til påstanden «vi er overkøyrde», og sentraliseringa er sterk, og let dermed vere å tenke sjølv.

På same tid som mang plasserer skulda for utviklingsproblema i sentrum, søker ein i utkantane etter nye fokus og nye tankar. Toppturar, seier ein og kastar seg på naturfokuset. Ein har sett i trollspegelen, media, og sett at friluftsliv er i vinden. Ein forsøker å vere det den urbane middelklassen ønsker seg: eit friluftsinnramma paradis for deg med frittståande arbeidsplass.

Problem: toppturar er ein forbigåande trend. Om få år er det andre ting enn Birken og skitur som er greia, skal ein tru trendanalytikar Ole Petter Nyhaug. Ein må med andre ord ikkje kaste seg på første og beste greie som susar forbi, men halde hovudet kaldt. Men folketalet går ned. Noko må gjerast, og det må skje fort! Nye tal frå SSB viser at Sogn og Fjordanes befolkning vil auke med 1905 innbyggarar fram mot år 2030. Det er dramatisk.

Greit. Vi må berre innsjå det. Nokre lokalsamfunn kjem til å vinne. Andre kjem til å tape. Dei som vil tenke nytt, kan overleve, medan dei som ikkje vil, må godta rolla som ein stad som langsamt svinn bort, finansiert av offentlige løyvingar enn så lenge, som eit gamalt menneske i respirator.
Mange kommunar er alt på hælane. Kva kan ein gjere?

Gi vekk gratis tomter?
Nei. Det viser seg at ein stad som annonserer med gratis tomter, framstår som tapande, og lite attraktivt.

Får ein i tillegg penger for å flytte dit, kjem folk i allefall ikkje.

Nedbetaling av lån for tilflyttarar i tiltakssoner i nord har hatt forbigåande og høgst diskutabel effekt. Best fungerte tiltaka i tider med nedadgåande konjunkturar, men det er ikkje nok.

Så skal ein mekke arbeidsplassar til ufaglærte, middelaldrande arbeidskrafta som blei ledig då industrien tok helga? Skal ein bannlyse vindmøller?

Kultursjefar i kommunane seier dei skal satse på kafear og diskotek, fordi dette er urbant. Urbanitet er ein sterk verdi hos dei som er unge. Dette hindrar dei i å flytte ruralt. Men stopp ein halv. Er kafear og diskotek urbant eller er det misforstått urbanitet? Det siste, utan tvil. Urbanitet handlar om ein mentalitet og om verdiar, ikkje om kaffe latte. Kaffe latte er dessutan så 1990.

Så arrangerer ein konferansar. Innovasjon Norge er på offansiven med sine masseproduksjonstiltak av trendbaserte tiltak der korvidt du er god på å treffe med dine formuleringsevner avgjer om du får støtte. Og det blir arrangert «forstå seg på distriktsutviklingskonferansar» der gjennomsnittsalderen er dobbelt så høg som på den målgruppa ein ønsker å tiltrekke seg. Eg har aldri vore med på noko meir meiningslaust enn distriktsforskarkonferansar. Masse preik og kaffe, lite handling.

Men dette gjer ikkje saka lettare å løyse. Det er svært stor avstand i verdiorientering mellom ulike aldersgrupper. Særlig er spriket stort til dei unge som i langt sterkare grad enn eldre har urbane verdiar. Korleis kan då konferanser stappfulle av folk på førti femti seksti pluss vite korleis dei skal få folk på pluss minus tretti til å flytte ut av byen? Antalet konferansar kan vel tyde på at dei ikkje har knekt koden. Regjeringsutvalget Utval for kompetansearbeidsplassar ser på kva som skal til for å få unge til å flytte.

Neste spørsmål. Korleis går det når dei som bur på bygda skal prøve å tiltrekke seg dei som bur i byen? Bygda er langt meir tradisjonelt orienter. Dette har UiO-professor Ottar Hellevik vist oss i artikkelen «Har vi en sentrum-periferi motsetning i Norge?»

Distriktsforskninga som kunne ha vore kreativ, produserer i stor grad rapportar som bidreg til å forsteine inntrykket av utkant-Norge. Når fekk vi eksempelvis behov for ein forskningsrapport som fortel oss at «Florø har identitet som ein kystby»?

Etter litt tenkning har eg kome fram til det. I tider der det er billigare å fyre med distriktsforskningsrapportpapir enn god gammaldags ved.

Likevel betalar ein i søkk og kave for denne typen selvfølgeligheter.

Men no er det på tide å ta føre seg Senterpartiet.

«Det kunne vore ei meir negativ utvikling om ein ikkje hadde hatt eit parti som meiner det er viktig med desentralisering». Jenny Følling, gruppeleiar for Sp i Sogn og Fjordane viser at ho ikkje har fantasi. «Det (folketalsutviklinga) berre understrekar at sentraliseringskreftene er sterke,» sa fylkesordførar Nils R. Sandal og avslører at han tenker som før.


Sandal er ein munter kis men han er ikkje den kisen Sogn og Fjordane treng om vi fortsatt skal bu her om hundre år. Vi treng nokon som kan sei at ja, sentraliseringskreftene er sterke, men vi har tenkt å skape eit samfunn som er eksistensdyktig til trass for desse kraftene. Dermed kan ein starte jakta på nye forklaringar på kvifor folk flyttar.


I boka «Nord-Norge møter fremtiden» peikar Arne Rydningen på at det finst godt dokumentert internasjonalt materiale på at det er ein klar negativ samanheng mellom rike naturressursar og økonomisk vekst. Regionar med naturbasert økonomi blir rekna for å ha brukt opp sitt vekstpotensiale. Fortsett vekst må komme frå heilt andre kjelder enn disse naturressursane. Eksempel på stadar som har lukkast, er nord-finske Oulu (IT-sentrum). Eit anna er Silicon Valley som før var eit område for dyrking av epler. Dei har foretatt ei total kuvending og hoppa på eit fullstendig nytt næringsliv.

Storstila ”satsing” på turisme er i dag ikkje anna enn eit ord for tilbakegang, skreiv Georg Arnestad i Sogn Avis for eit par månader sidan. Han har heilt rett.

Om få år vil mange norske utkantbygder ligge daude under baugen på eit cruiseskip om ein ikkje snart går vekk frå den massive turistsatsinga. Dette er ein spådom og er ganske sikker på at den vil slå til. Å satse på turisme er for mange småsamfunn einsbetydande med å gå i grava. Det finst faktisk ei grense, tru det eller ei, for kor mange turistar vi kan ta oss av og kor mange turistar som vil kome hit. Den norske turistnæringa har overfor ei rekke grupper effektivt utkonkurrert seg sjølv prismessig.