Gå til hovedinnhold

Bruk av humbugmedisin i økologisk landbruk: ein trussel mot dyrevelferden

Interessant artikkel om faren ved å velge alternativ, udokumentert behandling ved sjukdom hos menneske.

– Jeg har selv hatt tre kreftpasienter som har dødd av det vi kaller ubehandlet sykdom. Alle var intelligente og kunnskapsrike mennesker, men de valgte å tro på alternative behandlingsformer fremfor helsevesenets tilbud, forteller lege Terje Risberg.

Les.

Foreldre som forgiftar ungar med naturpreparat. Dette ser ein også på dyr. Alternativ behandling og alternative såkalte naturlige behandlingsformer som endar opp i hestar med alvorleg sinkforgiftning, hestar utan høver og dyr utan behandling. Såkalt ubehandla sjukdom.

Likevel anbefaler Debio alternativmedisin som førstevalg ved behandling av økologiske dyr. Useriøst eller useriøst?


Reglane finn ein blant anna i veileder B, Utfyllende informasjon om økologisk landbruksproduksjoni. Under punkt 4.7. Sykdomsforebygging og veterinærbehandling, kan ein lese om dyrehelsetiltak. «Naturlige terapeutiske midler og metoder bør vektlegges, og følgende type produkter foretrekkes:
Fytoterapeutiske produkter (for eksempel planteekstrakter (unntatt antibiotika), essenser)
Homeopatiske produkter (for eksempel vegetabilske, animalske eller mineralske stoffer)
Mikronæringsstoffer.»

Problem 1: Det finst ingen dokumentasjon på at desse behandlingsformene verkar på dyr. Det finst derimot dokumentasjon på at bruk av homeopatiske preparat gir same behandling som om ein let vere å behandle. Effekten er altså lik placebo. Problem 2: Placeboeffekt finst ikkje hos dyr.


Det strir mot økologisk tankegang om dyrevelferd å anvende homeopati og alternativmedisin til dyr. Det strir også mot Lov om dyrevelferd :

§ 9. Medisinsk og kirurgisk behandling
       Medisinsk og kirurgisk behandling skal utføres på en dyrevelferdsmessig forsvarlig måte og ivareta dyrets funksjonsevne og livskvalitet.

 Det er på tide at økolandbruket går bort frå dei useriøse anbefalingane om bruk av alternativ, uverksam medisin på dyr.
.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl...

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys...