Gå til hovedinnhold

Bildens orientalisme

Kaare Bildens kronikk er eit gufs frå fortida. Ein orientalisme i synet på utviklingsland som høflige leverandørar, ventande ved døra på at vi skal importere deira kjøt. Det er underlig, at vi i 2011 må lese ein slik kronikk, det kjem til og med ei heil bok om tema. Slik går det når teori fjernes frå praksis, og når utviklingsland blir betrakta som stakkarar ved vår dørstokk.

For utviklingsland satsar ikkje berre på rolla som råvareproduksjon, slik Bilden virkar tru. Landbruk er ikkje den næringa som får folk flest ut av fattigdom. Vi veit at i ei rekke utviklingsland forlet folk landsbygda, og ein har dei same sentraliseringstrendane som det vi ser i Norge.

Vi veit også at mange utviklingsland evnar å skape andre produkt enn råvarer. Vi veit også at ingen økonomi har kome seg ut av fattigdom som råvareprodusent. Formelen Bilden legg fram, er eit gufs frå fortida.

Idag er det ein attraktiv tanke for ei rekke utviklingsland å eksportere til Vesten. Betre prisar, store markander. På same tid har ein veksande middelklassar i utviklingland, dei får aukande kjøpekraft som etterkvart vil kunne kjøpe opp maten sin sjølv. Og kvifor skal då desse landa eksportere til oss, om dei får like god betaling, utan like stor investering, heime? Dette er markedslogikk, ikkje godhetstankegang, men det er virkeligheten i praksis. Men retorisk unyansert teori er å foretrekke framfor fakta i ein debatt om handel. Det er interessant.

Uganda.

Det er ikkje realistisk for Uganda å eksporere kjøt til EU i overskueleg framtid. Investeringane dei må gjere for å oppnå den kvaliteten vi krev i Europa, er så store at dei aldri vil tjene dei inn att. Dei er avhengig av Verdsbanken, bistand og ekstern kompetanse. Kvifor? Fordi dei må lære seg korleis vi gjer det. Uganda må tilpassast våre behov.

Les reportasje frå Uganda om utfordringar knytt til eksporttilpasning.

Praktiske eksempel.

India har ingen målsetning om å eksportere til Europa, men til nærliggande naboland. I India 20120 kan vi lese at .

Vi veit også at av dei land som har kome seg ut av fattigdom, så er det ikkje landbruk som har vore deira nøkkel. Landbruksprodukt er lågt prisa, i Norge som internasjonalt, samanlikna med andre produkt. Og kvifor skal i grunnen utviklingsland høflig tilpasse seg våre eksportstandarder for kjøt gjennom inngrep som har store sosiale og økonomiske konsekvensar, dersom det ikkje er denne næringa som er framtidsretta, og dersom dei kan tjene like gode pengar, utan investering om omlegging av infrastruktur, på eksport av kjøt til omliggande region?

Det er anslått at det vil ta Uganda 25 år å oppnå den kvaliteten på sitt kjøt som gjer at vi kan importere det til EU. Dette er mulig å få til gjennom lån og finansiering via bistand, Verdsbanken. Men kvifor skal dei ta dette løftet, og gjer dei det for oss eller for dei? I løpet av denne tida kan Uganda gjere suksess og satse på andre bransjar. Om 25 år er det ikkje sikkert landbrukssektoren er like attraktiv, og det bør den heller ikkje vere, om Uganda skal bli eit utvikla land. Då må dei satse på andre bein.

Uganda er eit land med nok kjøt til å halde landet gåande. Skal det eksporterast, må mengdene auke. Då er vegen kort til kunstgjødsel og kraftfôr og europeiske kjøtproduserande rasar som effektivt kan levere biff til ditt bord. Brått er ikkje maten så økologisk lenger, og bruken av medisinar aukar kraftig då vestlige dyr i Afrika har eit heilt anna behov for helsehjelp enn lokalt tilpassa rasar som er resistente mot lokale sjukdommar, blant anna. Dette har vi sett i India. Dette er effektiv landbrukt i praksis. Det kreves vestlig tankegang for å produsere kjøt for Europa til Vesten.

Sjå på Kenya. Alle dei store farmane her er drive av europearar som investerer. - Den einaste måten vi kan forbetre vår produkstandard på, er at europearar kjem hit og investerer. Sitatet kjem frå innehavarane av det største slakterbutikken i Kampala, Uganda. Difor må Nortura sende sine folk til Uganda for å lære dei om vår tenkemåte og våre metodar.

Dette er spørsmål vi må stille oss, ikkje fornekte. Å ha eksport til Vesten, som mantra for vegen inn i himmelen, slik Bilden har, er eit utdatert og orientalistisk syn på utvikling og bistand. Derimot er det eit syn som samsvarer med vår betraktning av oss sjølv som suverene på toppen av ein godhetskjede. Det er i grunnen latterlig og minnar litt om misjonstankegangen, eller City upon a hill-retorikken til amerikanske neokonservative: spre våre gode amerikanske verdiar til resten av verda.

Men dette er ikkje det vi driv med i bistand i praksis, iallefall ikkje bistand som tar hensyn til virkeligheten.

Det er heller ingen skilnad mellom oss og utviklingsland når det kjem til behov for høgt utdanna kompetansearbeidskraft for å utvikle eit lands økonomi. Regionar som satsar på råvarer, har som regel utbrukt sitt utviklingspotensiale, eller dei er heilt i startgropa, ei grop dei må ut av om dei vil vidare.


Eit land som satser på råvarer, er anten i ei startgrop (A) dvs er eit utviklinglsand (dei har ikkje komt lenger, kort sagt), eller er eit land som er i ferd med å forsvinne (B). Dette siste ser vi i vesten, der områder som er råvareleverandører slit i motbakke. Råvarer er lågt prisa, stadig høgare andelar av befolkningen har høg utdanning og dei trekk mot byane. 

For både regionar og land i kategori A vil det vere viktig å kome seg vidare til produksjon av andre tjenester og produkt enn råvarer. For regionar og land i kategori B vil det vere viktig å omstille seg frå rolla som råvareleverandør til rolla som tilbyder av andre varer og tjenester.

Det finst godt dokumentert internasjonalt materiale på at det er ein klar negativ samanheng mellom rike naturressursar og økonomisk vekst. Regionar med naturbasert økonomi blir rekna for å ha brukt opp sitt vekstpotensiale. Fortsett vekst må komme frå heilt andre kjelder enn disse naturressursane. Eksempel på stadar som har lukkast, er nord-finske Oulu (IT-sentrum). Eit anna er Silicon Valley som før var eit område for dyrking av epler.

Eg foreslår at Bilden følger same utvikling.

 På slutten av kronikken, skriv han dette: "Om et par uker skal regjeringen for første gang på ti år legge fram en landbruksmelding. Samtidig bør den lansere et internasjonalt initiativ for å gå bort fra produksjonsstøtte. Etter en slik omlegging finnes det en rekke støtteordninger Norge kan beholde sier FN, forutsatt at vi garanterer at subsidiert mat ikke eksporteres. Eksempler er støtte øremerket til kulturlandskap, distriktsbosetting, biologisk mangfold og økologisk drift. En slik omlegging kan også bedre dyrevelferden og få ned klimautslippene, altså en vinn-vinn-situasjon. "

Kvar er dokumentasjonen på påstanden? Den er av stor interesse å få sjå. Og stemmer det ut frå teori eller virkelighet? Teori ja, men det stopper vel der.


Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys