Gå til hovedinnhold

Bryt landbruksforhandlingane: om kvifor eg ikkje vil bli bonde! Fordi eg er eit menneske som vil ha eit verdig liv. Og om kvifor vi bør ha norsk matproduksjon: etikk versus industri

Oppdatering: Småbrukarlaget har brote forhandlingane. RESPEKT! Signerer Bondelaget no på ein sum langt lågare enn kravet (2,6mrd), signerer dei på fortsatt nedlegging av norsk landbruk.

Eg har odelsrett på ein gard i Sogn og Fjordane. No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje bli bonde og kvifor ein må behalde norsk landbruk.

Først av alt. Eg ha eit verdig liv som menneske. Det høyrest banalt ut, men det er i stor grad dette det handlar om. 
 
Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Kva andre yrker er det som må akseptere slike levekår?

Det finst eit alternativ. Garden har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde.
Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande med to jobbar. Eg ønsker ikkje å måtte jobber i alle feriar, på kveldstid og i helger. Det slit på familie og sosialt liv. Eg vil ha eit normalt sosialt liv og normale muligheter til å ha ein familie. Er dette for mykje å be om?

Folk har yrkesstoltheit. Kvifor skal dette gjelde for alle andre grupper enn bønder? Kvifor skal næringa vere prioritert på nivå med ein dyr og tidkrevande hobby? For det er dyrt og det er tidkrevande å vere bonde. For mange blir landbruk til ein dyr og tidkrevande hobby, når dei er tvinga ut i jobb ved sida av.
Er dette måten vi ønsker å produsere maten vår på i verdas rikaste land? Har staten Norge inga sjølvrespekt? Og så synest ein det er rart at det vanskeleg å rekruttere nye bønder?

Ein snakkar om kulturlandskap.
Dette ønsker ein å behalde. Ein seier ingenting om luselønna som blir utbetalt for den jobben det er å rydde dette kulturlandskapet, korleis staten let folk oppretthalde kulturlandskapet i kompensasjon for slavelønn. Eg har opp gjennom mitt liv brukt eit ukjent antal timar på å fjerne kratt i kulturlandskap. Lønnsutbetalar var staten. Underbetaling avslørt i andre bransjar bleiknar i forhold til dei lusne kronene ein får utbetalt for å halde Norge vakkert. 
 
Har staten Norge ingen sjølvrespekt? Og kor lenge skal ein akseptere dette? Kvifor er det ingen som set foten ned og forlangar skikkeleg kompensasjon for å oppretthalde kulturlandskapet? Og kva skal vi vel med kulturlandskap etter når ein ikkje er villige til å betale for det?
Så lat det gro att. Prisen ein er villege til å betale for å få arbeidet utført, er ikkje kompatibelt med vestens menneskesyn.

Sosial dumping er eit ord vi må bruke i finansieringa av norsk landbruk, og betalinga som dei fire store matvarekjedane tilbyr bøndene for produkta dei sel.

Om Bondelaget signerer på ein avtale, langt under krav (eit krav som i utgangspunktet var altfor lågt), signerer dei på at ei rekke nye bønder må ut av landbruket. Då kan dei i ettertid ikkje klage på at norske bønder legg ned. Fakta er klare. Den største fagorganisasjonen i norsk landbruk, Bondelaget, har gjort seg sjølv irrelevante i utforminga av framtidas landbrukspolitikk. Det seier litt om kor dårleg jobb dei gjer for sine medlemmar. Bondelaget må bryte forhandlingane og signalisere at ein treng eit nytt system der bøndene må tilstrebe makt, heller enn signere på avmakt. 

Signerer Bondelaget no på ein sum langt lågare enn kravet (2,6mrd), signerer dei på fortsatt nedlegging av norsk landbruk. Då kan dei ikkje kome her og klage seinare på at det går den vegen dei sjølv har signert på.

Det handlar om vår helse

Resultatet av politikken vi fører idag, er eit race mot bigger, faster, cheaper. Industrilandbruket mange fryktar, er resultatet av denne typen utvikling: bøndene som blir pressa ned i inntektsspiralen. Til slutt blir dei pressa ut. Dei store blir større, dei små blir borte. Det skuldast markedsmekanismar. Industrialisering blir på sikt eit faktum. Norge ligg tjue tretti år bak denne utviklinga om vi samanliknar oss internasjonalt, men vi følger på. Å påstå noko anna, er løgn.

Ein kan ikkje forvente seg at ein får oppretthalde eit småskala og naturnært landbruk, om ein ikkje er villege til å betale for det via statlege overføringar og betre prising av råvarene. Då får ein industri, og med industrien følger helsetruslar både mot menneske og dyr. Etikken går med i sluken. 

Eventuelt, om vi ikkje produserer eigen mat i framtida, må den importerast frå eit landbruk der den som snakkar om dyrevelferd, blir ledd av. Ordet eksisterer ikkje lenger. Det er erstatta med profitt. 

Og å tru at vi, Europa, på sikt vil vere ein attraktiv marknad for eksport av mat frå Afrika og Asia, om vi bygger ned vårt eige landbruk, er langt frå sikkert. Dei får etterkvart eigne marknadar med veksande middeklassar. Dessutan er Europas hygienekrav til mat vi skal importere, så tøffe at det ikkje lønnar seg for ei rekke land, blant anna MUL-landet Uganda, å eksportere til oss. Årsaka er, blant anna, at investeringane ein må gjere for å oppnå eksportstandard, vanskeleg kan forsvarast økonomisk.

Medan folk i Norge oppgir at dei blir stadig meir opptekne av kortreist, etisk og økologisk mat, vil det vere det motsette dei då får. Inntektsutviklinga i norsk landbruk er på sikt ikkje kompatibel med målet om rein, norsk mat. Utviklinga internasjonalt går mot ein stadig tøffare industri sjølv om det er historiene om nisjematen og ekslusiv vin media serverer oss. Media speglar ikkje røynda. Dei speglar små, små bitar av virkeligheten, og den historia vi skulle ønske var sann. Men å tru at melka vi får frå EU den dagen vi ikkje lenger produserer den sjølv, er produsert av ei ku på grøne enger, er jamstilt med å tru på nissen.

Mange liker ikkje at vi er så sjølvgode når vi pratar om kvaliteten på norsk mat. Men i eit etisk perspektiv, er denne så godt som udiskutabel. Ein snakkar om at småskala landbruk slepp ut meir forureinsing per ku, men ein må også tenke på at storskala landbruk har eit vesentleg høgare sjukdomsfrekvensar og høgare medisinforbruk og slit i større grad med resistens, problem som i sin tur forflyttar seg til menneske. Bonden kjøper og bruker medisinar sjølv. Alt anna kostar for mykje i eit landbruk der profitt er alt som tel. Vi har det slik i Sverige, England, Norge. Utviklinga kan nå Norge. Og no snakkar eg om ein skala vi ikkje har i Norge: fleire hundre eller fleire tusen kyr.

Skal vi kvitte oss med alle våre konkurransefortrinn: smått, reint og fritt for ei rekke smittsame sjukdomar som herjar landbruksnæringane i Europa som eit mareritt? Tuberkolose, salmonella, paratuberkolose. Dette er enkle fakta, ingenting eg skriv for å hype norsk landbruk, men vi må snart ta den internasjonale konteksten innover oss. 

Forbrukarane har krav på å vite kva som er alternativet til norsk mat. Det trur eg per dags dato ikkje dei veit. Vi har medier som manglar grunnleggande kunnskap om matproduksjon, ikkje overraskande, folk flest lever langt frå ein gard, og mytene rundt mat florerer. Det er vanskeleg å kome gjennom med fakta, og mytene sit hardt.

Vi må snart velge. Kva vil vi ha? Vil vi ha etisk mat eller vil vi ha profittdriven industri? Vi har ikkje kome dit i Norge enda, men utviklinga er klar. Dei store blir større. Om sjølvforsyningsgraden vår går ned, vil dette resultere i import. Eg er ikkje motstandar av import, men eg motstandar av etisk og sosial dumping og eg fryktar konsekvensane av den storskala industrilandbruket vi ser på det europeiske kontinentet. Vi kan heller ikkje, i framtida, lite på import frå andre verdsdelar. 

Etikk er eit framandord. Her er det profitt som gjeld. Då er alle midlar lov. Dyr er ikkje lenger dyr, men maskiner og dei blir behandla deretter. Som søppel der dei ligg i driten og daudar. Og dette er ingen overdrivelse. Dette er industrilandbrukets brutale bakside. Er det slike kyr du vil skal produsere maten for ditt bord? Dette forklarer blant anna kvifor mat er billegare i ei rekke land, men ingen snakkar om dette openbare fakta: etikken er skrella vekk. Ordet kan ikkje brukast, det har mista alt innhald. Tilbake har vi konsentrasjonsleirar for kyr. Er dette noko folk er klar over? 

Vi må slutte og snakke om at norsk landbruk er viktig kun utfrå eit sjølvforsyningsperspektiv. Det er også viktig i eit etisk perspektiv. Det handlar om kva mat vi ønsker å ete, kva etikk og menneskesyn vi ønsker å legge til grunn. Det handlar om kva helsemessige konsekvensar maten skal ha for deg som forbrukar. 

Det handlar om kva du ønsker på ditt fat: melk frå ei halt ku med tuberkolose som levde eit liv i angst på betongen saman med 25 000 andre kyr, eller melk frå ei frisk ku som fekk gå ute. Vil ein ete søppel eller mat? 

Vi kjenner ikkje framtida og vi må tenke langsiktig no. Forbrukarane må få vite kva slags valg det er våre politikarar tek for oss.

Å skaffe norske bønder levelege kår, handlar om å skaffe forbrukarane mat som er produsert under best mogelege forhald. Debatten må vere basert på kunnskap, den må vere basert på framtida. Vi kan ikkje snakke om norsk landbruk som om det eksisterer i ei boble. 

Vi må tenke langsiktig og vi må tenke internasjonalt. Difor må vi betre bøndenes levevilkår i Norge. Det handlar ikkje om gårdagens myter frå gamle, dårleg informerte gubbar i kunnskapens grøft ved NHH, men om harde fakta og internasjonal kontekst. Vi må ta inn andre parameter enn økonomi og sjølvforsyning. Debatten om norsk landbruks kår og finansiering krev saksinnsikt langt utover det ein kan lese utfrå økonomiske tabellar. Vi må sjå oss sjølv i ein konkret, internasjonal kontekst.

Vi må snakke om etikk. Og om menneskesyn. For kva slags respekt har vi for forbrukaren om vi serverer han melk frå ei ku med tuberkolose som har stått på halte bein eit heilt liv, og til slutt ligg og sjølvdaudar over fleire dagar og ein ikkje vil bruke femti kroner på å gi henne smertelindring, sjølv om bonden kan gjere det sjølv? Eg skal ikkje gå i detalj her, men poenget er dette: er det respekt for deg som konsument å servere deg slik mat? 

Etikk. Det er i stor grad dette det handlar om om vi på sikt vel å køyre norsk matproduksjon vidare nedover i grøfta. Den dagen maten vår kjem frå industri basert på sosial dumping og profitt har vi fått det vi bad om i landbruksforhandlingane.

Bondelaget og Bonde og Småbrukarlaget kan starte med å bryte landbruksforhandlingane. Om dei atter eit år signerer på at dei godtek sosial dumping av norske bønder, er det eit svik. Ikkje berre mot norske bønder, men mot norske forbrukarar, vår helse og ei etisk berekraftig framtid. 

Bondelaget med sine signaturar treng ikkje halde fram som fremste forsvarar av sosial dumping i landbruket. Dei bør kjenne si besøkelsestid.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb