Gå til hovedinnhold

Pels: Anten må næringa tåle at vi meiner noko om dei, ellers må dei gi avkall på statsstøtte og trekke seg ut av Norge

Farleg pelsdebatt

Når Unge Høgre no har gått inn for å kutte statsstøtta til pels med støtte frå mange fylkeslag, er det i tråd med pelsnæringas eigen argumentasjon. Når næringa ikkje tåler allmennheitas syn på pels, kan dei heller ikkje kreve økonomisk støtte frå denne.

I debatten rundt pels denne våren har pelsdyroppdrettarane valgt ein interessant strategi: dei beskuldar i medieoppslag etter medieoppslag ein kvar kritikar av næringa for å vere kompetanselause. Politikarar, veterinærar, menigmann. Alle manglar, ifølge pelsforkjemparane kompetansen til å uttale seg om pels. Men pelsbøndene gløymer at dei er del av eit demokratisk samfunn som har legitim rett til å meine noko om pels.
Pelsdyroppdrettarane må forhalde seg til samfunnet, ikkje avvise det som kompetanselaust. Det er i avvisninga av pelsdyrmotstandarane som kunnskapslause at den virkelig kompetanseløysa ligg.

«Ap-politikarane som røysta for å avvikle pelsdyroppdrett let seg styre av aksjonistar og media, og veit ikkje kva dei snakkar om», sa pelsbonde Dan Ole Alme i Firda 12.april. Det er eit av eit utal eksempel frå fleire medier.
Her er berre eit stort problem. Å avvise pelskritikarane som kompetanselause, og ergo ikkje nokon ein kan lytte til, er ei demokratisk feilslutning.

Det er ikkje antal gonger du har løfta ein rev med nakketang som er av betydning for korvidt du har lov til å meine noko om pels eller ikkje. Det handlar for mange om verdiar og etikk. Mange er kort sagt motstandarar av å halde pelsdyr i bur. Det er ein legitim ståstad.

Pelsdyroppdrettar Finn Årdal svarer i Firda 28.april på eit lesarbrev der eg viser til fagfolks kritiske uttalelsar om pels siste ti åra i Norge, og eg skal bruke Årdals retorikk for å illustrere pelsnæringas syn på publikum.
Årdal meiner først og fremst at eg manglar fagkompetansen som skal til for å uttale seg om pels, på same måte som Årdal meiner at alle andre som uttaler seg om pels ikkje veit kva dei snakkar om. Han kommuniserer ut at det er alle oss andre det er noko gale med, ikkje pelsdyrnæringa. Dette fell nødvendigvis på si eiga urimeligheit.

Det er forståeleg at Årdal vil forsvare si eiga næring. Men Årdal og hans kollegaer gjer næringa ei bjørnetjeneste ved å avvise alle andre meiningsmotstandarar som kompetanselause. Det er ein farleg og isolert posisjon å innta for ei lita næring som kjempar for å rettferdiggjere sin eigen eksistens, og som ønsker å halde fast på statlege overføringar.

Men heller enn å vere audmjuke i møte med offentlegheita, hamrar han laus på alle som snakkar mot pels. Pelsoppdrett treng akutt krisehjelp på kommunikasjonsfronten.
Pelsbøndene blir stadig færre. Den evige hamringa på at alle andre ikkje har peiling på pelsdyr, ødelegg mest av alt for pelsnæringa sjølv. Gjennom retorikken sin bygger dei opp motstanden mot næringa, ikkje sympati. Dei definerer alle andre som kunnskapslause, støyter dei frå seg og undergrev effektivt sin eigen legitimitet som mottakar av offentleg støtte. Dei tek avstand frå demokratisk debatt, og seier at fellesskapet som støttar næringa øknomisk, ikkje har rett til å uttale seg. Vil dei kanskje også nekte folk som ikkje arbeider i oljenæringa å meine noko om utbygging i Lofoten? Nei. Det fell på si eiga urimeligheit.
Anten må næringa tåle at vi meiner noko om den sjølv om vi ikkje har lært oss å sette elektrodar i baken på ein rev, ellers får dei gi avkall på statsstøtta og trekke seg ut av Norge, til eit land som harmonerer betre med pelsnæringas motstand mot å bli meint noko om. For eksempel til Kina.

Pelsnæringa kan ikkje kreve at folk flest har detaljkunnskap om rev, på same måte som ein ikkje kan kreve at mann i gata har detaljkunnskap om korleis Fylkesbåtane set opp rutene sine. Vi kan meine noko om rutene likevel. Eksempelet er banalt, men det illustrerer eit grunnleggande prinsipp i eit demokratisk samfunn, og det illustrerer idiotien i pelsnæringas argumentasjon. Den heng ikkje på greip.

Pelsbonde Årdal lovar å slutte med pels til høsten om han får framlagt eintydig forskningsbasert dokumentasjon på at pelsdyrhald ikkje er dyrevelferdsmessig forsvarleg. Ein treng dermed å vite kva Årdal legg i begrepet dyrevelferd: korleis definerer han dyrevelferd? Utfrå dyr eller utfrå økonomi?
Dyrevelferdskrava i pelsnæringa er definert utfrå næringas økonomiske rammer: I dyrevernsmeldinga står det at velferda for pelsdyr må betrast vesentleg i eit framtidig pelsdyrhald samanlikna med dagens driftsform. Om den nye pelsforskrifta, kan vi i siste nummer av veterinærtidsskriftet lese: «Vi mener at den forventede dyrevelfersmessige gevinsten står i rimelig forhold til de beregnede økonomiske konsekvensene for pelsdyrnæringen (...)»

«Voksne rever i revehus som er bygget før 1. mai 2011 (altså alle revehus som er oppført i Norge til no, journ.anm), skal ha et gulvareal på minst 0,8 m2 per dyr» (paragraf 44 i den nye forskrifta for hald av pelsdyr). Inntil paragraf 29 trer i kraft: «Voksne rever som er lettere enn 20 kg, skal ha et gulvareal på minst 1,2 m2 per dyr. Voksne rever som er 20 kg eller mer, skal ha et gulvareal på minst 2,0 m2 per dyr.»

Eg antar at Årdal meiner det er dyrevelferd å halde ein rev på 0,8 m2. Då har vi eit vanskeleg utgangspunkt for debatt all den tid Årdal avviser all uenighete som utslag av kompetansemangel. Men det er ingen som har rett til å kalle deg for kunnskapslaus fordi du meiner at rev ikkje høyrer heime på 0,8 m2 bur.

Mange vil meine dette: «Ein treng ikkje vise fram avbitne føter for å påvise mishald av pelsdyr. Det held å vise fram reven i buret på inntil vidare 0,8 m2.»

Kompetanse på pels, eller praktisk kunnskap i bruk av nakketang og elektrodar for avliving, er ikkje eit kriterie for å meine noko om pelsdyr i bur. Det held å sei nei av etiske årsaker utan at ein nokon sinne har vore nær ein pelsdyrgard. Om ikkje pelsbøndene greier å godta at mange seier nei til pels av etiske årsaker, risikerer dei å bli sittande på sidelinja når næringas framtid skal avgjerast. Den vil då bli avgjort av oss utan greie på pels og langt frå ein pelsdyrgard. Dette er demokrati i praksis. Lik det eller ei.

Årdal inviterer meg til å besøke hans pelsdyrgard fordi han meiner at eg mangler fagkompetanse (!!!) på pelsdyr. Eg på mi side takkar ja til å kome om Årdal greier å vise at han aksepterer ein heilt vanleg, demokratisk debatt utan å avvise alle som har andre standpunkt som kompetanselause. 
 
Viss ikkje Årdal kan utvise dette, anbefaler eg at han legg ned pelsdyrgarden sin til høsten, då han ikkje lenger kan forvente at vi, som kollektiv, skal støtte noko vi ikkje får lov til å meine noko om. Eventuelt at han flyttar farmen sin til Kina, eit land med eit debattklima tilpassa pelsnæringas intoleranse mot etiske innfallsvinklar. Vil dei vere pelsbønder i Norge, får dei tåle steiken. Det har næringa tydeleg vist oss at den ikkje maktar.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys