2. jul. 2011

Sommar! I Sverige!

Som enkelte sikkert har merka seg, er eg treg med å oppdatere bloggen no i sommar. Det har seg slik at eg er i vårt vakre naboland Sverige og arbeider som veterinär. Då blir det litt mindre tid til blogging. Dessutan er det finare å vere ute no i kokande sol enn å sitte inn framfor ein pc. Og eg likar betre praktisk arbeid og sosialt liv enn kontorarbeid. Men eg kjem sterkare tilbake.

Og så har eg klart meg ca eit par veker utan Facebook, og det kjennes digg. Sosiale medier er greit å ha, men dei kan også bli stressande, og eg merker at eg savner ikkje Facebook eit dugg. Ei heller Twitter.

No for tida bur eg på eit stabbur ved ein stor sjö med flott utsikt, gröne marker og fiskevatn. Utan innlagt vatn, utan dusj, men med kran like ved. Utan internett, men med ström. Det er skikkelig digg. Stilt og roleg. Stor hage, kaffe, lokal pils, ei bra bok. Av og til haglar det hagl store som bordtennisballar, og av og til skin sola brennheit. Så drar vi på dans eller på travlöp (nei, ingen görrkjedelige hagefestar med fulle c-kjendisar), ein har god tid til å lese gode böker, sjå film, sjekke ut Kjartan Slettemark-utstilling i Östersund eller campe. Til helga skal eg vere med på fjellet her og merke reinsdyr.

Bokanbefaling: Harens år av Arto Paasillinna. Den er skambra. Ein mann, ein hare, eit utal episodar og hendingar. Med fokus på hendingar. Ingen indre monologar og lange tankebaner. Berre handling, handling og atter handling. Eg höyrer den på lydbok i bilen, og det er virkelig ein ny oppdagelse: lydböker. Har hört lite på det för, sikkert fordi eg aldri ellers köyrer bil. Höyrer på den på svensk. Svensk er eit vakkert språk, og no forsöker eg läre meg å snakke svensk. Svorsk i förste omgang, men på sikt skal det bli bra. Skrive også. Det er meir komplisert, men når ein har knekt eit par av dei ulogiske gåtene, går det straks ein smule lettare.

Omgitt av svenskar, med journalföring på svensk, svensk radio, svenske lydböker, svensk tekst på filmar og svenske böker.. Svensk er eit vakkert språk med masse fine ord, og det ein merkar seg er at svensk framleis har masse av dei orda som også finst på norsk, men som vi har slutta å bruke. Altså tilsynelatande gamle norske ord. Dei er i full sving her, og det er veldig vakkert. Nesten litt poetisk, slik som folk seier om nynorsk. Kjem ein til ei ny lita bygd er dialekten plutselig fullstendig annleis og minnar skikkelig om dialektar på Toten eller ein stad i Tröndelag.

Ei bok som er veldig vakker på svensk er Darling River av Sara Stridsberg. Her skriv ho blant anna om sommarfuglar, og ordet for sommarfugl på svensk er FJÄRIL. Det er eit utruleg vakkert ord, og mitt favorittord på svensk. Stridsberg kan ein anbefale uavhengig av språk. Drömmefakulteten er fabelaktig og storymessig mykje betre enn Darling River, sjölv om Darling River også er veldig spesiell, särlig på grunn av Stridsberg fantastiske fortellarstemme. Her om dagen la eg beslag på ein selgar i ein bokbutikk i Östersund og fekk med meg eit lass gode svenske böker i pocketformat heim. Det som er så fint her, er at pocket er billeg. 69 per bok, betalte eg denne gongen.

Kjartan Slettemark-utstillinga på Jamtli i Östersund var ganske bra. Den kan anbefales til alle nordmenn som farter hitover i sommar. Jamtli har forövrig live utstilling, Historieland, med utkledde folk som snakkar om tidstru saker og har inntatt roller i forskjellige tidsepokar og settingar. Banken i 1865, butikken i 1895, ein gard i Härjedalen, 1797, ein husstand i Jämtland 1942, ei tömmerhoggarkoie frå 1943 eller ei systue frå 1885 der damene les August Strindberg og blir forarga over kvinnesynet hans, men ikkje enda har hört om Selma Lagerlöf. I avisa frå 1865 stod det forresten at andelen analfabetar var högare i Norge enn i Sverige, og at den höge andelen ikkje-lesekunnige nordmenn trakk ned andelen lesekunnige i den svensk-norske unionen.

Länsmannen frå Härjedalen las forresten opp desse sitata frå Salomos böker i bibelen:

"Som ein gullring i eit grisetryne er skjönnhet hos ei kvinne som saknar vett".
"Ein mann må heller bu på taket enn i hus med ei kjerring som berre grälar/ kranglar."
Og i Härjedalen betalte dei osteskatt: all uskumma melk som bondens kyr gav på ein dag i beste melketida skulle ystast til ost. Osten blei så delt i tre like store delar: ein til kyrkja, ein til kruna (kongen) og ein til soknepresten. Den presten må ha fått mykje ost. Dessutan betalte dei skatt per vindauge, ein slags luksusskatt, samt per pipe på huset. Kvart år måtte også kvar husstand dyrke ti stengelar med humle, også dette til kongen/ kruna.

Ei lita historie eg la merke til var om dei sju soldatane som i 1719 fraus ihjel på eit stabbursloft fordi kvinnene i huset var aleine heime og ikkje våga sleppe dei inn. Ein fann dei dagen etter.

Dette var nokre få av mine observasjonar siste få dagane. Det kjem garantert fleire. Blant anna har eg klappa tamme elgar i Moose Garden. Dei lagar faktisk papir av elgskiten der. Ein lagar også papir av pandaskit i Kina som del i eit bevaringstiltak.

Det vil bli publisert kommentarartiklar og blogginnlegg framover, men ikkje like ofte og tett no i sommar som ellers.

Ha ein fin sommar!!