Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august, 2011

Minkfarm hadde levende mink i frysekonteiner/ Mattilsynet fant to levende mink i en frysekonteiner sammen med mange døde mink.

Når pelsböndene på farmen no påstår dei mistenker sabotasje på anlegget, fortel det oss ein ting: dei manglar oversikt over eigen farm, dei kjenner ikkje til forholda på eigen farm, dei veit ikkje kva som foregår der. Dei lyg til pressa og stiller seg sjölv i eit, om mogeleg, enda dårlegare lys. Uanmeldte besök frå Mattilsynet er effektive: då får ikkje pelsböndene göymt unna dårleg dyrehald, avliva sjuke dyr som dei held i live men ikkje vil bruke pengar på å veterinärbehandle. Dei får heller ikkje dumpa döde dyr som ligg og sleng. Ja til fleire uanmeldte besök. Det er einaste måte å få fram dritten i pelsnäringa på. Les saka hos Nationen. Sei nei til pels. Still pelsböndene til ansvar. Det er i Norge ingen som er tvinga til å hente inntektene sine frå dyreplageri. Dei som vel dette, bör svare for sine etikk i möte med forbrukarane.

Litterär LUX

Sigrid Combuchen ”Spill – en damroman”, Norstedts 2010 (svensk) Det er sjeldan ein kjem over böker alla ”Spill”. Dei mellommenneskelege relasjonane er litterär luksus, språkfölelsen sjeldan og det er lett å kaste seg på hylningsbölga som löfter fram Combuchen som ein av vår samtids mest avanserte forfattarar, stilistisk, teknisk og tematisk. Dama bedriv litterär utklassing. Hennar tematikk er kvinneroller, gode historiske skildringar, konflikter, mannsroller, yrke og utdanning, rolla som mor. I fascinerande miljömessig konstekst får ein presentert ein karakter bygd rundt konflikter og valg. Har ein kasta vekk livet eller tatt dei valga ein kunne? Den er så beint fram jävlig god at du får frysningar på ryggen, men dette er inga Linda Olsson-bok for deg som vil skru av hjernen. Her forflyttar vi oss mellom ulike tidsepokar, fiktive og relle personar, ein fortellar som sjölv er oppdikta, brevvekslingar og ein fiktiv roman. Men komposisjonen sit som eit skot. Det er tidvis komplisert, m...

Valgkamp oppdatering

Det er ikkje riktig, slik NRK pröver å formidle, at eg har trekt meg frå valgkampen. Eg befinn meg utomlands og har her fått fast arbeid. Eg vel fast arbeid utomlands framfor valgkamp ettersom desse to no har krasja. Dei gröne var på förehand informert om at dette kunne kome til å skje (at eg fekk jobb utomlands som krasja med valgkamp). Likevel önskte dei meg som listetopp. Det sa eg ja til. Så får vi sjå om media greier forholde seg til ein kandiat som er utomlands, eller om dei framleis trur eg har trekt meg. Eg kan delta via media, men kan ikkje möte opp fysisk på live debattar i fylket. NRK nekter meg iallefall å delta i utspörring av förstekandidatane for partia. Det er deira valg, eine og aleine. Eg har sagt eg kan stille, via telefon.

Bönder som vel fjörfe som inntekstkilde må stillast til ansvar for sitt valg

Kvifor önsker ein bonde å drive med fjörfe? Det er i dagens samfunn ikkje slik at ein er tvungen til å drive med fjörfehald for å overleve. Det er eit aktivt valg ein kvar kan ta. Ein kvar bonde kan ta eit aktivt valg med tanke på etikk i eigen produksjon. Ein fjörfebonde er ein bonde som har teke eit aktivt valg om hald av dyr som har elendige liv. Han har teke eit aktivt valg om å mishalde tusenvis av dyr. Det er ingen som har påtvunge han dette. Han har valgt det sjölv. Ein kan ikkje skulde dette på forbrukarar eller på myndigheter som tillet produksjonen. Det er for lettvint. Ein må også spörre seg om enkeltmenneskets etikk i dyrehald. Vi veterinärstudentar reagerte med avsky når vi besökte kalkunoppdrett. Skabbete fjörlause dyr i hallar der ein knapt får puste. Stöv. Luft som står stille. Kvelande varme. Hög varme gjer at dyra brukar mindre energi på å halde kroppstemperaturen oppe. Ergo bruker dei meir energi på å vekse og bli feite. Ergo bruker bonden mindre pengar på fô...

Om å ta eigne valg, eller om å flytte ut på bygda

Sverige er eit fint land. Dei svenske nordområda er vakre, og her treff eg mange svenskar som har evakuert frå sör. Ein evakuerte fordi kona elska garden högare enn mannen. Han krangla med svigerdottera, og pakka til slutt sekken. No bur han på småbruk i Jämtland. Ein annan sakna snö om vinteren. Det var så mörkt i sör. Han deppa, sa opp jobben og drog mot nord på jakt etter eit betre liv, men ting vart ikkje betre. No får han angst av jobben, angst av tanken på å sei opp jobben og går til psykolog. Så har du dei som ikkje vil snakke om årsakene til at dei forlot Stockholm, Malmö, Göteborg og flytta til Jämtland, Härjedalen, Norrbotten, Västerbotten. Eg spör heller kor mykje dei betalte for garden, kva rase er hesten, korleis fann dei denne staden som ligg vakkert med utsikt over Storsjöen, den raude solnedgangen, storsjöormen, kirka som Olav den Heilages frendar bygde. Det angår i grunnen ikkje meg kvifor dei bur her. Forklaringane er mange på kvifor dei har flytta mot nord. Eg ha...

Valgkamp - orientering

Eg har hört at både Firda og NRK har hatt saker på at eg ikkje kan delta i valgkampen i Sogn og Fjordane. Eg har ikkje lese eller sett sakene, men påstanden er, slik eg har oppfatta den, i og for seg riktig. Det som derimot er feil, er at ikkje skal drive valgkamp. Det er ikkje rett. Årsaken til at eg ikkje fysisk kan delta i valgkampen, er at eg har arbeid her i Sverige som veterinär. I valget mellom jobb og ein svärt begrensa valgkamp, var det ikkje så vanskelig å velge. Ettersom skulevalgkampen er avlyst, gjenstår det ganske få live debattar der De Grönne er invitert. Eg fann det då litt uaktuelt å velge ein veldig begrensa lokalvalgkamp framfor ein interessant jobb med gode kollegaer her i Sverige. Eg må også sei eg er ganske lei av flisespikkeriet i Sogn og Fjordane, det evige turistmaset og den grovt manglande sjölvinnsikten i utviklingstrekka som föreligg blant ein del forgubba lokalpolitikarar. Gubbefaktoren gjorde valget desto lettare. Eg ser ärleg talt ikkje på Sogn og ...

Luksuriöse lesetips, böker av sjelden litterär kvalitet

Kvinnemakt: slå ein mann, anmeld han så for å ha slått deg.

Ein gong sat eg på kjøkkenet hos ein kamerat og tok ein øl. Klokka var tolv på kvelden, ute var det mørkt. Vi brygga oss ein kopp te. Alt var stilt og roleg, men det varte ikkje lenge. Brått kom eksdama. Ho gjekk rett inn, utan å banke på. Først såg ho stygt på meg, så skjelte ho ut han etter notar fordi eg var der. Ho var rasande galen og alkoholpåverka. Så skubba ho til han. Så slo ho han med flat hand i hovudet så hardt ho klarte. Så slo ho ein gong til. Etterpå tok ho fleire store glasboksar frå kjøkkenet, fulle av kaffe og te, og kasta i veggen. Ho kasta for å treffe, men han dukka. Det var glas over alt. Så gjekk ho. Men først ein trussel: om han hengte med andre damer, skulle ho melde han til politiet for å ha slått henne. Ho skulle melde han uansett. Uflaks for henne at han hadde eit vitne. Meg. Eg såg jo kven som slo. Resten av natta ringde ho og trakassera både han og meg. Ho kom også tilbake og slo ned ein annan mann. Ved begge tilfella av vold vart poliet oppringt, ...

Ufrie kvinnevalg - Familie er feil, karriere er feil.

”Men så en dag fikk jeg barn. Morsinstinktet bråvåknet og jeg valgte rett og slett, og frekt nok, å hoppe av karusellen og heller være hjemme med familie og barn en periode av mitt liv.” Dette skriv Lill May Vestly i innlegget ”Kjäre feminister! Jeg er husmor på Sörlandet... ” på bloggen ”Skapt til mann og kvinne”. Innlegget stod på trykk i Fedrelandsvennen for eit år sidan og skapte mykje reaksjonar. Vestly skriv at ”det har vært en lang prosess å stå i mot den massive politisk korrekte tankegangen, holdningene og verdiene hvor man blir målt etter materialisme og titler, og føle et forklaringsbehov fordi man ønsker å være en tilstedeværende mamma for sine barn.” Teksten flyt over av mindreverdskompleksa ho ber på iforhold til det ho meiner er andre menneskers syn på hennar valg. Retorikken er i stor grad bygd på jantelovas punkt 3: ”Du skal ikkje tru at du er klokare enn oss”, samt punkt fire, fem, seks, åtte og ti. Vestly meiner at likestilling er ein parantes i me...

Blant rein og finhakka björnar

Denne sommaren har eg budd på eit toetasjes stabbur ved Storsjöen i Jämtland. Rundt stabburet, som er frå 1700-talet, går det hestar, solnedgangane er magiske og landskapet eventyrleg vakkert. Her jobbar eg som veterinär. Det er underbart. Sidan mange distriktspraktiserande veterinärar i Norge for det meste står med handa i rumpa på ei ku og inseminerer, fann eg ut at det var betre å forlate landet. Livet er for kort til å levast i ein kutarm. Dessutan hadde eg ingenting imot å krysse grensa. Sverige er eit flott land, språket poetisk vakkert, og ein del ville nok blitt paff over kor mykje töffare ein del reglar for hald av husdyr er i vårt blågule naboland. I Sverige er mange veterinärar, også eg, ansett i Jordbruksverket. Vi held til på veterinärstasjonar med alt utstyr, har mange kollegaer og köyrer raude veterinärbilar. Vi inseminerer ikkje. Bileta her er frå merking av reinsdyr i Härjedalen i juli. Vi måtte stå opp klokka to om natta for å drive reinane inn i dei runde gjerda...

Kle deg som eit mannfolk!

Ein veterinär vaska av seg neglelakken på jobb. ”Kvifor gjer du det,” spurde ein kollega. ”Fordi det ser useriöst ut at ein veterinär har neglelakk”, var svaret. ”Öyreringar, fine klede og sminke er også useriöst. Du får ingen respekt hos böndene om du sminkar deg”, sa ein annan kvinneleg veterinär. Ho brukte dette som forklaring, altså utsjånaden, på kvifor ein kvinneleg kollega fekk klager på seg frå böndene. Sminken hennar, ikkje kompetansen, var problemet. Vask trynet, dra på deg stövlane og kle deg som ein arbeidskar. Det er hardt å vere tjei. ”Som kvinne vil du för eller seinare få problemer ute i feltet. Du er blond, nyutdanna og utlending. Men först og fremst: du er dame.” Sitat mannleg veterinär. ”Som ung kvinne i felten, som også ser yngre ut enn alderen tilseier, er det vanskeleg å sette seg i respekt”. Sitat kvinneleg veterinär som snakkar av erfaring. Du skal tilpasse deg rolla som kvinne i eit yrke med maskulin kodex for korleis du skal sjå ut. Du skal altså gå i stö...

Godt lesetips, fersk bok av Hilde Buer

Denne boka kan eg på det varmaste anbefale. Lettlest, informativ og faglig sterk. Les meir her.