Gå til hovedinnhold

Lansering barnebok, eg gruer og gleder meg

No nærmar det seg med stormskritt. Folk får boka i postkassen før helga om dei har bestilt den på førehand. Torsdag klokka 11 er det pressekonferanse på Litteraturhuset for Samlagets høstliste og på kvelden er det fest på forlagets lokaler frå 17.

Min inspirasjon til boka: hestane, medisinske kasus, bygda og karakterane.

I all hovudsak er denne boka reell. Den ligg tett, tett på verkeligheita slik den artar seg i ein verkeleg veterinærpraksis. Mine eigne erfaringar som veterinær i praksis på landsbygda, og mine år som veterinærstudent ved Norges Veterinærhøgskole har vore heilt nødvendige for å skildre både medisinske kasus, livet i ein kombinert ku- og hestepraksis og møter med dyreeigarar på ein realistisk måte.

Les om boka i Dagsavisen.

Geografisk.

Tordenbygda er basert på ei verkeleg bygd der legendene og historia ligg som eit tett teppe over bygda. Det spøker i kyrkja, det knakar i kyrkjegarden og det går nokon over golvet i prestestova. I Storsjøen bur der ein sjøorm, bjørn tassar i liene saman med ulv og det er mange her som driv med trekkhundar, slik også Rakel i denne boka gjer.

Tordenkyrkja er basert på Sveriges eldste steinkyrkje. Den har ein avrettarplass, ein viking under golvet og vegen til Nidaros går dit. Etter å ha besøkt kyrkja, tok pilgrimane båten over Storsjøen.

foto

Hytta til Kalle og Elise er hytta eg sjølv budde i som veterinær. Den ligg rett ved kyrkja, pilgrimsvegen går like utanfor og avrettarplassen ser eg frå døra. I røynda er denne hytta eit stabbur frå 1700-talet utan innlagt vatn, dusj og toalett, men i boka er dette ei meir moderne feriehytte.


Karakterane.

Veterinær Kalle er ein ambisiøs og flink ung dyrlege. Du har heilt sikkert møtt ein slik. Han tenker masse, vil gjerne gjere alt rett og må, ofte med ein del frustrasjon, forhalde seg til alle slags dyreeigarar. Særleg kan dette vere krevande på hest. Andre dagar er han ein helt, nokre dagar føler han seg som ein dust, men det er slik det er å vere dyrlege. Det handlar om samspelet mellom folk og dyr, om personlige skjebnar, om liv, død, pengar og psykologi.

Kalle er heilt ny i praksis. Sånn som han fiklar og strevar, slik fiklar og strevar også ein del nye veterinærar i sin første jobb. Nokre meir enn andre. Kalles møte med praksis som nyutdanna dyrlege, er reelt. Hans møte med dyreeigarar er også basert på mine eigne møter med dyreeigarar. Nokre er sprette sprø, andre rivande koselege. Og nokre er svært skeptiske til ein ny veterinær som har lite praksis og erfaring. Og du veit aldri korleis livet i praksis er før du har prøvd det.

Gamle-Mathias er inspirert av ein dyrlege ved Norges Veterinærhøgskule.

Presten er fri fantasi. Det same er Martin, Sofia, Jonas, far hans og dei andre karakterane, men alle deltek dei i scener eg sjølv har vore med på, eller som ligg tett på. Alle pasientane som er beskrivne, har eg sjølv opplevd.

Mine artige veterinærkollegaer som syns det er verdas artigaste jobb å vere veterinær har vore ein inspirasjon. Frå dei har eg stjåle både gode historier, erfaringar og sitat. Alle historiene og anekdotene i boka er henta frå kollegaer, historier frå dyreeigarar eller mine eigne erfaringar.

Ideen til hestane:

Ideen til hesterasen Ivanhestar fekk eg frå den russiske hesterasen Akhal-Teke, og rasebeskrivingane og historia til hestane i boka er henta frå den faktiske historia om Akhal-Teke. Det har også, for lenge sidan, eksistert religiøse kultar som ofra hestar i Norden. Ein stad i Skåne fann dei fleire tonn hesteknoklar etter religiøs ofring av hest.


Tordenhestane er inspirert av dei svarte hestane i Trygve Gulbranssens bøker om folket på Bjørdal i Bakom synger skogene, Det blåser fra Daudingfjell og Ingen vei går utenom. Gardsnamnet Bjørndal er henta derifrå. Alle andre stadnamn er henta frå Gøsta Berlings saga.



Medisinske kasus.

Dei medisinske kasusa er enkelt gjengitt, dette er trass alt ei barnebok og inga lærebok i medisin. Ein vil sikkert kunne diskutere ulike behandlingsmetodar og Kalles dømmekraft, men både kasus og behandlingar gjengitt i denne boka er rimeleg enkle og standardiserte prosedyrer.

From hesteklinikken, 2009

Og så til slutt, men ikkje minst: Elise.

Elise er ikkje verkeleg, men hennar erfaringar er verkelege. Ein må hive seg uti ting. Av og til går det på trynet, av og til går det bra. Ein treng ikkje vere supermann for å vere ein helt. Av og til treng ein berre vise guts og pågangsmot, vere modig nok til å risikere og gå på trynet, ikkje berre halde seg på den sikre sida heile tida. Ekte heltar tar sjansar heile tida. Det handlar ikkje om å vente med å gjere saker til du kan gjere dei perfekt, men om å bykse uti det og lære undervegs. Tek du feil, innrøm det. Hald så fram som du stemnar. Det har inga hensikt at alle skal like deg. Du treng heller ikkje like alle. For kvifor skal du det?

Og grensa mellom liv og død er smal. Som Elise seier, det skal så lite til for å få livet til å forsvinne.

Snille jenter kjem til himmelen, tøffe jenter kjem dit dei vil og kan bli det dei vil. Eg gleder og gruer meg til å høyre responsen frå publikum. 


Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...