Gå til hovedinnhold

Rektor ved Norges Veterinærhøgskole har meldt boka om Elise, og eg melder rektors bokmelding!

Eg må sei eg synest denne meldinga var ei god lesning av boka, så eg gir bokomtalen ein anmeldelse og mulig tilbod om jobb.

Melding av Wastesons bokmelding:

Det som er gøy med slike omtaler som den veterinærprofessor og NVH-rektor Yngvil Wasteson leverer, er at den gir ein veldig god peikepinne på kva som funker og kva som kanskje ikkje funker like bra, samt at den set boka i ein kontekst: andre bøker om veterinærpraksis. Meldinga ligg nesten og vippar over mot sjangeren konsulentuttalelse. Og kvifor gjer den det? Jo fordi den er såpass god og konkret, kan ein dra innspela med seg vidare i ein skriveprosess med bok nummer to. Wasteson kjenner miljøet, konteksten, relevant litteratur ein kan samanlikne Elise med, har den faglege ballasten, samt kan lese ei bok kritisk og bra med fokus på målgruppa. Sånt liker eg. Eg skulle difor gjerne hatt Wasteson som manuskonsulent når eg forsøker meg på å skrive fleire bøker om Elise. Det er ikkje superlett, men eg håper det går bra, og når ein les slike meldingar som denne blir det ekstra moro. Eller ekstra utfordrande!

Eg synest det er interessant at Wasteson meiner eg slår eit slag mot fordommar mot homofile prestar. Dette er eg litt usikker på om eg eigentleg gjer. Eg har med ein prest, og let han leve som han vil eigentleg utan å uttale meg om det. Og om han er homofil eller ikkje, har eg eigentleg ikkje teke stilling til. Det blir kanskje opp til lesaren å vurdere.

Klikk og les omtalen her.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...