Gå til hovedinnhold

Senterungdommen vurderer kunst i Førde


- Ditta e norske potete. Eg er heilt sikker, seier Erlend Herstad, leiar i Senterungdommen i Sogn og Fjordane. No vil han på Stortinget. 

Her er eit eksklusivt intervju med Herstad medan han framleis går an å få booka i Førde utan at ein må slite seg til Oslo, krongle seg gjennom sikkerhetssjekken på Stortinget og sitte i ein sofa som ein anna løk og vente på audiens.

I eit intervju med Sogn Avis, eller kanskje Fjordaposten, eller Firdaposten, eg går i surr i dissa lokalavisene - beklager - går han inn for meir lokalpoliti, Herstad er også ukritsk til pels og diverse andre ting vi ikkje skal ta med her, men idag kik han på kunst! Og Herstad er svært positiv til det nye Kunstmuseet som har blitt hamra opp i Førde på rekordtid. Einaste han er kritisk til, er eit blinkande lys under ein kasse i første etasje, samt eit noko kort forheng framfor inngangen til lys- og lydinnstallasjonen. Eg prøvde presse han, men det gjekk ikkje. Han var og blei ganske positiv, trur eg, drakk kaffe og tok opp ein heil sofa i minst ein time. Kanskje ante unge Herstad at dette kom til å bli publisert utan at han fekk sitatsjekk på førehand.


- Ka er den dingsen i midten? Ein drage faktisk! seier Herstad.

Eg ante ikkje at der var ein drage, men ved nærmare ettersyn var det faktisk det! Det som plaga meg mest, var at Herstad her dreiv og oppdaga ting eg ikkje hadde sett sjølv først! Eg liker å sjå ting først!


- Skal vi sjå om eg greier klatre over her utan å rive hol i buksa. Eventuelt: sjekk om det er ein drage her også. Men nei, det var ein mann der! Ein ganske liten mann, innesperra i glas! - Kult, meiner Herstad, og det er eg einig i. Det er frykteleg irriterande å vere einig med nokon frå Senterpartiet, men eg kan liksom ikkje lage ei scene heller, inne på Kunstmuseet.


- Det her biletet hadde eg no aldri fått plass til heime, uttaler Herstad. (Ikkje eg heller). Eg skjønte ikkje poenget med dette biletet, men det gjorde Herstad. Situasjonen er for min del begynt å kome ut av kontroll. Senterpartiet har overtaket og ser meir, forstår meir og klatrar meir på kunsten enn meg! Herstad er til og med betre på å analysere brukt flugepapirkunst, og lanserer ein teori om at dei påklistra flugene er malt i ettertid, eller plassert der med pinsett. Det hadde eg aldri i livet kome på sjølv. #blondine #fail. Heldigvis har eg finare bil enn Herstad. Mecedes beats BMW.


- Hmm her burde det ha vore sett opp eit gjerde! Tenk om nokon kjem trakkande i sandalar! Nei det meiner eg ikkje, eg berre tuller, seier Herstad, men eg skjønar at han faktisk ville hatt eit gjerde her. Antageleg ein mur kanskje! HMS-tiltak på Kunstmuseet er herved lansert som ei sak frå Senterungdommen!


-Ka e det her for noko? Trur eg må klatre ned under bordet og sjekke!!

Herstad skjønte det ikkje, og ikkje eg heller. Vi skjønte ingenting faktisk og er for ein gongs skuld på omtrent same kunstinnsiktsnivå. Men Herstad hadde truleg tenkt å sitte under bordet og mekke på kunst i ein time om eg ikkje hadde gripe inn. Litt av ein oppførsel! Og så på eit kunstmuseum. Ditta Senterpartiet har eg aldri skjønt meg på! No forstår eg enda mindre!!


- Ditta kan eg like, seier Herstad.


- Her skal eg no stå idag.


- Vurderer faktisk å stå her heile natta! Ditta var så himla fint.
- Heile natta?
- Ja, du kan no gå på Coop og kjøpe deg eit eller anna om du blir svolten.
- ....???

Gentlemen ass. Dei fortjener faktisk å bli litt feilsitert!!!

Les også min reportasje frå opninga av Kunstmuseet i Førde.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...