Gå til hovedinnhold

Innlegg

Ghost in the machine

Åpning på Kunstnernes hus 8.februar.

Lokalavisstoff, miljøkatt et agurk.

Foto: Arne Stubhaug, Firda (bildet er henta her. I dag les eg som vanlig regionalavisa Firda frå Sunnfjord sidan eg er sunnfjording. Saka eg bit meg merke i på Firdas sider i dag er denne: Katten Raptus et berre frukt og grønt. Her er ein tilhøyrande biletserie av katten . Denne kattesaka er via tre sider inni papiravisa under tema Energi og Miljø. Eg lurer virkelig på kva ein agurketande katt har å gjere under tema Energi og Miljø. Bør miljøvennlige kattar ete agurkar? Overskrifta på saka var til alt overmål: Miljøkatten . Eg må innrømme eg trakk ganske godt på smilebandet. Miljøkatt?? I saka står det mellom anna (eg siterer direkte): "Gløymer Astrid å servere den miljøbevisste kattemannen grøntfôret, så tek han saka i eigne potar, hoppar på bordet og hentar maten sjølv. Det er ikkje få gonger dei har funne tomatar med merke etter tennene hans." Kva er dette slags sak? Er det a) ein slags miljøspøk? b) lett feature med ironisk miljøvri? c) misforstått og latterliggjera...

Rævsleikere som blir sjef

Vi har alle lest om alle dei som er sjef som ikkje burde ha vore sjef. Sjefar som burde ha vore det dei passer til, nemlig ansatte på gølvet med kun ansvar for seg sjølv. Det som gjer meg eitrande galen, for å sei det fint og vakkert, er middelmådighet. Middelmådige sjefer feks. No har eg kun hatt ein middelmådig sjef i mitt liv, eller det vil sei eg hadde to på ein gong, og eg er no fridd frå begge, men eg vel likevel å skrive om denne middelmådigheten som oppstår i systemet når dei som sleiker rumpehøl, men som ikkje nødvendigvis sit på anna kompetanse enn rette gener, denne genuine sleikeevnen, og ellers ein absurd evne til å gå i takt og gni seg på sjefens usexy kropp, rykker oppover. Det er ofte litt plagsomt for oss andre, og som oftest er dei fleste klar over kven som er sparka oppover, eller kven det er som er meir opptatt av å krampeaktig presentere seg med "sjef" og med "ledertitler", og meir opptatt av tittelen enn av å gjere jobben. Eller som prøver å gj...

I love Oslo om våren

Eg tok ein tur i byen, hundre meter frå der eg bur, for å sjå på sola og våren. For det føles som vår i Oslo no. Eg liker desse blokkene. Heisekrane og kirke. Eg møtte ein katt som vart litt skeptisk til meg. Kolonihagane ved Kuba. Telthusbakken er idyllisk, men her vart ei jente voldtatt i 2006. Ikkje like idyllisk.. Den tidligare kornsiloen som har blitt studentbustader. Blokker er fint.

Jobbe litt

På jobb igjen. Japp da er eg tilbake på nyhetskjøret, denne gangen som politisk reporter, politisk reporter i navnet, stillingsnavnet. Og her er min første sak: Ville gjerne bli Høyre-leder. Dagens oppslag.

Visdom på dass

Når ein sit på dass på SV-fakultetet ved Universitetet i Oslo kan ein lese ein heil del ulike ting. Eg tok med meg kamera på do. Denne under her liker eg. Dette er ein slager: Alt kan diskuteres. Så eg anbefaler dobesøk på SV.

Sjikane og fordomsfylket

No laurdag kunne vi lese i Firda at tre ekskluderte Senterparti-politikarar i Fjaler mottar anonyme truslar, oppringingar, sjikane og blir kalla for fascistar. Her før jul var det Klara Øberg som fekk gjennomgå med truslar og sjikane. Etter lokalvalet vart Håkon Myrvang utsett for rykteflaum frå folk som ikkje ville ha han som ordførar i Naustdal. Er sjikane blitt ein ny trend i Sogn og Fjordane? Eg veit ikkje om eg skal le eller grine. Kva slags jungellover og cowboy-retorikk er det som råder grunnen? Sjikane er ein lett metode å gripe til for folk som ikkje er kunnskapsrike nok til å debattere på saklege premissar, eller folk som er for feige til å stå fram med eigne meiningar. Kunnskap og posisjonar er makt. Ein del folk sit nødvendigvis på meir kompetanse og fleire verv enn andre. Vi treng desse folka. Vi treng folk som tar ansvar og politiske verv for felles beste. Det er dei som driv verda framover. Og skal verda gå framover, må desse folka få spelerom. Det er så sjølvsagt at ei...