Gå til hovedinnhold

Innlegg

Er det noko gale med norske universitet?

I innlegga Se til Tyskland og Husk navnet mitt! kritiserer studentar ved UiO opplegget for bachelorstudentar. Stikkord: Dårleg oppfølging på seminar med seminarledarar med elendig kunnskapsnivå (masterstudentar). Kven kjenner seg ikkje att? Eg har gått frå mang ein seminartime på blindern. Eg skal her ikkje kome med ein lang utdjupande kritikk av UiO og UiOs nivå, men eg tok ein bachelor i Internasjonale studier med venstrehanda og blikket festa på heilt andre ting, og eg har ikkje eit dårleg snitt i statsvitenskap. Stiller ein kort sagt for låge krav til norske studentar på bachelornivå? Eg tørr ikkje uttale meg om master sidan eg aldri har tatt ein mastergrad. Eg har derimot straks ein cand.med.vet-grad i veterinærmedisin , og det er ingen tvil om at krava til kva du må kunne på veterinærhøgskolen, er laangt høgare enn krava til same karakter ved UiO: Den innsatsen ein legg inn for ein B ved UiO, held kanskje til ein E ved NVH. Kvifor er det slik? Er veterinærmedisin så mykje vans...

Portrett av verdas rikaste og lukkelegaste land

Ingenting å trå etter. Eg er så lei av kultursjarlatanar og grøne drinkar at eg kan spy», seier Langeland til ei kvinne i Austevoll når ho spør kva bøker ein bør lese om ein tenker seg på «Kunstnernes hus.". Han skriv om meg! Eg, «Anne Nordmann», kjenner meg att. Bokmelding, Noreg, av Anne Viken. Ei bok ein må få med seg.

Ein hest for kongeriket

Dag og Tid.

yo eksamen, galskap og anna fjas

Om du er sprø nok til å lese denne bloggen, og les denne bloggen opp mot xx antall gongar om dagen slik enkelte ser ut til å gjere, om ein skal sjå på mitt elektroniske søkesystem, kan du iallefall slappe av dei neste to vekene. Eg har tenkt å ta litt eksamen. Ha det kjekt så lenge! Eg tek meg ein bloggepause. Det er på tide å få avlagt litt eksamener i medisin så eg kan ta meg sommarferie. Og det er på tide for intense lesarar å få tid til litt andre ting, kanksje få seg noko sol på kroppen eller ete ein is. Eg er ein livsnytar, det kan anbefales. Det er svært når folk sit oppe døgnet rundt og skriver, så eg får dessverre ikkje lese alt av innlegg og debattar, men har bråkete søkere ute;) Dei varsler/varsles, kan du sei. Når det kjem til nynorskfolk som leser denne bloggen, om de ikkje føler de har fått gode svar, som maalmannen, så er det litt å beklage altså for eg sit med ein kjempestor eksamen og ein del jobbing eg må levere (skriveoppdrag, blant anna frå nynorskmediene), så eg ha...

Fjøsbloggar Anne Viken får svar frå Grande Røys

Fjøs-bloggar Anne Viken hos Firda har fått svar på sitt spørsmål om å byte kontor med fornyingsminister Heidi Grande Røys. Ministeren vil ikkje byte kontor med meg, men kjem med mange råd om internett. Sjå her. og sak her. Det er mange slags saker ein skal få laga om seg sjølv før bloggen dett av. I gamle dagar fekk vi høyre at vi snakka fjøslatin, no har eg blitt fjøsbloggar. her er sitatsaker av saka på Firda: Her er same ANB-melding som er brukt av fleire: http://www.siste.no/Innenriks/article3536073.ece http://www.bygdeposten.no/innenriks/article3536073.ece http://www.oyene.no/innenriks/article3536073.ece http://www.oa.no/Innenriks/article3536073.ece http://www.ba.no/nyheter/irix/article3536073.ece Og ukeavisen ledelse. har også ei sak.

Verneverdige nynorskland, kommentar i Nationen

Gjestekommentar i dagens Nationen. Utdrag: Kanskje vi i det eksotiske ekskursjonsmålet «Nynorskland» bør avskjerast heilt frå kontakt med omverda. Til slutt vil vi sikkert også gå tilbake til å gjete kyr og grave i jorda. Folk frå Noregs Mållag kan kome på ekskursjon og nøgde konstatere at vi lever akkurat som Ivar Aasen. Ein mur rundt Sunnfjord er kanskje eit mål for Noregs Mållag på sikt.