Gå til hovedinnhold

Innlegg

FØL FRYKT, KAMERATER!

siterer Torbjørn Røe Isaksen i dagens blabla: "Norsk samfunnsdebatt vil også i nær fremtid domineres av venstresiden, men venstrekonsensusen slår sprekker. Debatten beveger seg. Nye stemmer kommer til. Som de sier i filmen The Fly fra 1986: Be afraid, be very afraid. Kompiskampen must go on!

Det måtte ein vestlending til..

for å heilt enkelt fortelle oss litt om kompiskampen. Bravo, Hilde Sandvik! Men kompiskamp-ordet er min patent. Beste ordpatent so fare idag. and the story continues: Samfunnsdebatten i Sogn og Fjordane skrik etter analyse og kompetanse medan lokalavisene overlet dei viktigaste nyhendene til BT og riksavisene skreiv eg i fjor sommar og debatten om lokalmediene raste i fleire veker. I år stille eg det same spørsmålet. Denne gongen spør eg riksmediene. Sommarens store agurk, kulturkampen er over oss og det er tid for å repetere grunnfagspensum i evolusjonsteori og sosiologi. Vi treng visstnok meir kjennskap til moderne evolusjonsteori, meiner Aslak Nore, men eg trur ikkje det er evolusjonsteori dette dreier seg om. Det dreier seg om medier i fritt fall. bip bip melder om intern uenighet i leiren. Funny funny

Kulturkampen fortsetter

Den eine halvkveda visa slår den andre ihjel, gammel kunnskap mikses på ny og hamres ut, tankane stoppar opp og vi går alle i ring. Det er iallefall veldig lett å peike på kven det er som ikkje kjem til å bringe verda eit steg vidare, og som ikkje kjem opp med ein einaste ny tanke. Men i andedam, stasjon Oslo, treng ein ikkje tenke nytt for å taste hardt. Her er det nok å ha lyst til å blafre litt med bjellene i spaltane. I andedam Oslo går vi alle på repeat, og hei kor det går. Det smartaste eg har lese idag er dette sitatet frå Jørgen Lorentzen og Wenche Mühleisen i Aftenposten: "det er ingen motsetning mellom evolusjonsteorien og humanistisk eller samfunnsvitenskapelig forskning på kjønn. Spørsmålet er grensene for de biologiske forklaringene i forhold til kvinner og menns intellekt, emosjonalitet og atferd." Men igjen: dette er svææært gammelt nytt. Kva blir det neste som presenteres i spaltane? At jorda er rund? Wiki om kulturkamp.

Sosialisme - eit romantisk alternativ for eliter

Sosialisme er fortsatt et romantisk alternativ for eliter, men i virkelig politikk er den plassert i periferien i land etter land, mens partier som plasserer seg i sentrum, og litt til høyre for sentrum, gjør det godt, skriver Torkel Brekke , og det ser ut som om sommarens store dueller skal gå hardt ut mot venstresida. Men dette argumentet er da vitterlig steingammalt? Vi har hørt det før, igjen og igjen. Når skal vi få ein ny argumentasjon mot sosialismen, heller enn den vi har blitt spent fulle av i fleire tiår allerede? Høgresida blir visst aldri lei av å gjenta seg sjølv.

Viktig, viktig: Ica-egg blei kylling!

Dagens mest interessante sak i norske nettmedier er denne om egget som blei til ein kylling. I denne forbindelse presenterer eg, som sjølvutnevnt tamfuglelsker, mine favoritthøneraser, svar Minorka From Anne Viken-blogg og fransk Mille fleur From Anne Viken-blogg Desse to rasane kan du ha om du vel å forlate byen for å flytte på landet, slik ein av tre Oslo-folk har lyst til. Årsaken til at du bør velge Minorka, er at dei er veldig gode til å fly, tar kjappe svinger, kan snu på ein femøring samt at dei gjerne sit på skuldra di. Mille Fleur er veldig små, får plass i ei skoeske, og kan erstatte hageblomster. Du får dermed både kjapp skulderpynt og lite hagearbeid på kjøpet om du vel å skaffe deg farm på bygda. For deg som er avansert og dedikert, anbefaler eg også påfugl . Sjølvdrivne, høglydte dyr som ikkje får plass eingong i ein skobutikk. Inch Allah

Korleis bli kjendis i ein fei: skriv barnebok! Not..

Det har no vore ein debatt i Aftenposten om barnebøker etter at Kagge forlag har spurt Kjell Magne Bondevik om å skrive ei barnebok om Aung San Suu Ky i. Forfattar Henrik Hovland meinte i same avis at dette kun var eit salgstriks frå Kagge forlag. Kagge på si side meinte at dette rett og slett var å be ein av landets mest kompetente personar på Aung San Suu Kyi om å skrive ei kvalitetsbok for barn. Same forlag gir no ut bok om Alexander Rybak og Abba, og kaller det teft. Ja, ein godt kalle det teft, men ikkje teft for god litteratur. Det er teft for salgstal og lettjente penger, noko Kagge er kjent for. Enkelte forfattarar seier endog at dei angrar på at dei har gitt ut bøker på Kagge, grunna forlagets rykte, men det er ei anna historie. Einaste boka eg kjem på i farta som eg har lese frå Kagge, var Gunhild Dahlbergs bok "Norge i dag", og den var noko av det plattast formulerte eg nokon sinne har lese mellom to permar. Ok, eg sit her med eit manus til ei barnebok. Det ...