Gå til hovedinnhold

Innlegg

Hundre år av Herbjørg Wassmo

Medan alle snakka om "Min kamp 1" av Karl Ove Knausgård, sat eg og las "Hundre år" av Herbjørg Wassmo. Wassmo er ein av mine norske favorittar, saman med Vigdis Hjorth. Eg kjem i farta ikkje på andre norske favorittar, bør eg skamme meg som ikkje seier Dag Solstad??, men av andre kvinnelige forfattarar, gud forby å kalle ein forfattar kvinnelig, som skriv om kvinners liv, kan eg nevne i fleng Doris Lessing . Dyktig dame. Eller kanskje eg skal sei klok forfattar. Ok. Ho er ikkje norsk. Men i klartekst: eg digger å lese om kvinners liv og det er kvinners liv Hundre år handlar om. Kvinner og kvinner og deira menn, kjærlighet, skjebnen, ulykker, livet, regnet, døden, skispor, måneskinn, livet. Alt dette finn ein flust av i Hundre år. Mi absolutte favorittbok frå Wassmo, er Dinas bok. Den er fabelaktig. Det er ei slik bok der du blir aldeles frå deg ved tanken på at den snart er lesen ut. I "Hundre år" møter vi att Dinas son som ho fekk med mannen ho blei ...

Ufrivillig mannlig selskap i Markveien nattestid ..

Det er av og til ganske irriterande å vere kvinne. Du blir plystra etter og ropt etter og du blir ufrivillig fulgt heim av mørkhuda menn som står linja opp på begge sider av Markveien i Oslo og "wanna be your friend". Eg har blitt fotfulgt frå Akerselva til Birkelunden. Jadda, gutta. De er sikkert greie på bånn, innerst inne, langt borte og godt skjult under huden ein stad, men eg vil ikkje ha selskapet dåkas på vei heim frå byen. Likevel får eg det. Med mindre eg smeller til og ber dei ryke til helvete med god fart. Dette tørr eg vel å merke ikkje om eg går aleine, då risikerer eg å måtte bruke ein kilomter vei på at typen går ved siden av og seier "I just wanna be your friend, why you say fuck you????" Og så må du stoppe og vente til nokon andre kjem forbi som du kan henge på deg, og sjølv då gir ikkje dei verste av dei gutta her opp masinga si. Dei følger etter på andre sida av gata, eller like bak deg. Det hjelper knapt å oversjå dei. Då blir dei gåande ved sida...

Perverse landsmenn rider igjen

Den einaste saka som er interessant å følge i dei store trashmediene er sakene om Ari Behn. Mannen har blitt eit fritt vilt for dei konforme trashmediene som anser mannen som eit sært utskot. Kor straite er dei egentlig i Akersgata/ Havnelageret? Dette spørsmålet er ofte stilt. Svært streite, ser svaret ut til å vere. Dei maktar til og med lage ei sak på at nordmenn har sex i bilen. For ein overraskelse, dere. Perverse landsmenn rider igjen. Akersgata og Havnelageret har kun sex i ekte senga, og kun i misjonær.

Vi treng meir gravejournalistikk og vi treng medier med sjølvrespekt.

Idag tidlig klokka halv åtte stod eg på Storo T-banestasjon og heldt på å fryse ræva av meg. For å trøste meg sjølv litt mot den fryktelige kulden som har ramma Oslo, hørte eg på radioen. Det var skuffande greier. Nyhetene var av typen: så og så mange nordmenn er no sjuke av svineinfluensa, så og så mange medlemmer av transportkomiteen på Stortinget har fått fartsbot. Deretter kom eit intervju med Knut Arild Hareide, Krf som sa han hadde fått parkeringsbot! Kjære vakre vene. Dei stortingsvalgte er folkevalgte, representanter av folket. Vi har alle fått p-bot eller fartsbot eller ei eller anna anna form for bot. Eg har fartsbot. Fy flat for ein galning Trond Giske er som har site på i ein bil som kjørte i 140 kilometer i timen. Saka hadde vore ca uinteressant om det ikkje hadde lagt nokre journalistar på hjul bak, som i desperasjon noterte ned farten og tenke hurra no får vi ei siteringssak. Stakkars ubrukelige journalister som ikkje greier grave opp meir saftige saker enn som så. Stak...

Å skrive ei bok er heilt uvirkelig

.. er svinaktig morsomt. Heilt sidan eg var lita har eg tenkt at eg skulle bli forfattar. Når eg no sit lysekruna på Sehestedsplass og er ein av dei heldig jævlane som får lov til å skrive bok, tenker eg at dette egentlig er heilt vanvittig. Å få penger for å skrive dei villaste historier, mekke dei mest sinnsyke plott, spikre nutcases frå virkeligheten til bokmanus og gjere dei udødelige. Det går egentlig ikkje an å skrive om å skrive. Eg skriver og eg nyter det kvar dag, kvar veke, kvar time, at eg har klart det: å komme inn på eit forlag med mine fandenivoldske manus. Det skal ikkje vere enkelt, men det skal heller ikkje vere for vanskelig. Ein høyrer alltid om at berre ei promille av manus som blir sendt inn til forlaga, blir til bøker. Dette stemmer. Eg sende mitt manus til ein redaktør, og så var vi i gang. Det var faktisk ganske enkelt, i fare for å høyrest ut som ein arrogant jævel. Til trøst for dykk som meiner dette blir for enkle påstander: det første eg deretter foretok me...

Dagens overskrifter

Coca-Cola stanser falsk reklame for voldtektsdrikk Akevitt og avfrelsning Nå er hun ikke lenger landets hotteste Derfor bør du aldri irritere en hest Beklager at jeg kalte rumpa hennes enorm Emma (16) er nær to meter høy og vokser... alle er seff henta frå Dagbladet.no