Gå til hovedinnhold

Innlegg

Å skrive bok etter Hollywood-metoden er ittnokult

Å skrive bok er eit sant helvete. Iallefall når du må skrive slik forlaget vil, og når forlaget skal legge seg oppi alt og du berre må sei ja og amen og motta den eine motstridande beskjeden etter den andre. Kva oppnår dei med det? Total forvirrelse. Eg innbilte meg at eg var heldig som får skrive bok, men ser no at eg er maks uheldig og fanga i den kommersielle skriv etter hollywood-malen-kverna. Flaks det finst forlag der ute som ikkje har kvern som mal for god litteratur. Antagonist, protagonist. u name it, lag sammenheng, bygg kapittel, men i helvete? Eg vekje ha sammenheng på den måten de vil ha sammenheng. Eg går i vranglås. Dette vil eg ikkje. Eg skjønar ikkje kva de meiner og kva de vil ha meg til å gjere og kva som er greia her. Så eg står dønn fast og skriv heller andre tekstar. Neste gong, om eg skal skrive fleire bøker - det føles som eit mareritt - skal det vere dundrande klart avklart på førehand kva dette er slags prosjekt. Eventuelt inngår eg ingen avtaler før manus er ...

Tester nytt design på bloggen

Tja, er litt redd eg no "ser ut til å vere nærmare rosablogger" enn anna blogger, men dette er da eit meir "reelt bilde", ikkje eit oppstilt raddisbilde med fake briller, alla det gamle bloggbildet. TJA. Særs spekulativt om blondiner, i tråd med god gammaldags spekulasjonsvitenskap: Natural blonds are likely to be extinct within 200 years. .

Dyrisk psykologi

I mars kjem boka «The Male Brain » avden amerikanske nevropsykiateren Louanne Brizendine . Dette er ei bok alle kvinner besett av tanken på ein spesiell mann, må lese, står det i omtalen på Brizendines heimeside. Det står også at mannens hjerne er ei radmager, simpel problemløysingsmaskin. Ein manns hjerne er besett av rang og hierarki, skriv Brizendine. Eg er svært spent på å sjå kva dokumentasjon Brizendine kjem til å nytte. Mykje av evolusjonspsykologiens dokumentasjon for forklaring av menneskets åtferd kan nemleg seiast å vere særdeles spekulativ. Les kvifor evolusjonspsykologien er spekulativ, og heile signert-artikkelen min i helgas Klassekampen , side tre.

Feminisme er eit akademisk elitefenomen, og Lysbakkens likestilingsutvalg like så

Les Bjørgulf Braanens ledar i dagens Klassekampen her Mine refleksjonar: Kvinnebevegelsen, eller feminisme idag, framstå ikkje som ein inkluderande arena, men som monopolisert og ekskluderande, i stor grad som ein akademisk disiplin monopolisert av nokre få stemmer som vaktar om og definerer rammer og tema utfrå ein definert virkelighetsoppfatning. Dette fører i sin tur til at dei same innfallsvinklane og problemstillingane gjentek seg, med det resultat at ei rekke tema og problemstillingar aldri kjem i fokus. Ikkje minst er det ei rekke stemmer som aldri kjem fram. Dei vågar kanskje ikkje. Feminisme, eller kvinnebevegelse, framstår nemlig ikkje som eit reiskap for alle kvinner, men som eit redskap for enkeltfeministar og spesielt interesserte, gjerne kjønnsforskarar. Det har, i kraft av seg sjølv, blitt ein marginal bevegelse. Det kan også sjå ut til at ein ønsker å vere marginale og for dei få. Slik kan ein også halde på eit "eksklusivt stempel" der ein må "vere eksper...

Kvifor ein ikkje kan kalle bloggplakaten for ein "plakat"

No skal eg forklare kvifor eg reagerer på at Bloggplakaten blir kalt for "plakat". ( Første utkast til plakaten, oppdatert utkast ). Det er på grunn av Ver varsom plakaten. Det er ein plakat som pressa forheld seg til. Det er ein plakat som journalistar kan, og køyrereglar som skal beskytte både journalistar og dei som blir omtalt av pressa. Brot kan medføre dom i PFU, Pressens faglige utvalg . Der finst altså sanksjonsmuligheter, og det kan det også gjere fordi reglane blir ansett å vere felles køyrereglar. Å bli dømt i PFU, er pinlig. Dei fleste journalistar kan og følger VV-plakaten. Den består av ei rekke etiske normer journalistar forheld seg til. Ein aksepterer VV-plakaten og PFU fordi dei er demokraisk fundert i pressas eigne organ. Dette står i sterk motsetning til Bloggplakaten som er eit tomannsprosjekt som ikkje er valgt eller representerer bloggarar. Bak VV-plakaten står Norsk Presseforbund , som i sin tur er eit fellesorgan for Norsk Journalistlag , Norsk Reda...

Kokkvold og Norsk Presseforbund stiller seg ikkje bak bloggplakaten

slik mange let til og tru, og slik Thomas Moen og co ønsker å gi inntrykk av. Eg ringte dei og spurte idag. Bloggplakatens førsteutkast ligg her. Norsk Presseforbund stiller seg ikkje bak bloggplakaten, slik mange let til å tru. Dette er viktig å klare opp i, all den tid mange har trudd at dei gjorde nett dette. Red: Sjå feks denne bloggposten som uttrykker bekymring for at Presseforbundet skal stå bak. Vidare: (dette er ikkje sitater frå NP, men mine eigne). Plakaten er mynta på rosabloggarar/ kommersielle bloggarar, og er ikkje passande å tre nedover hodet på alle som ein generell bloggplakat. Det må tydelig presiserast kva slags bloggarar plakaten gjeld for. Det er betenkelig at Moen og co prøver å få det til å framstå som om dei har Norsk Presseforbund og Kokkvold i ryggen for å gi legitimitet til eit produkt dei fleste seriøse bloggarar tek avstand frå. Var det ikkje bloggplakaten som oppfordra til "redelighet" og "folkeskikk"? Moen og co kan jo starte med seg ...