Gå til hovedinnhold

Innlegg

Bestialsk praksis

Om bønder som ikkje har råd å ringe dyrlegen. Denne artikkelen har vore trykt i Klassekampen som Signert-artikkel. Den er basert på Sverige. - Eg har ei kyr som er i ferd med å blåse opp på venstre sida. Den ligg og reiser seg, den sparkar seg mot buken, legg seg igjen, rullar seg, reiser seg. Det er ein bonde som er på telefonen. Klokka er fem om ettermiddagen. Det er vakttid. Vakttid er dyrare. Eg sit i veterinærbilen på veg heim. - Skal eg komme ut og sjå på kua di? spør eg. Dette høyrest ut som ein akuttpasient. - Nei, nei nei nei nei, ropar bonden oppkava. Ikkje kom! Eg vil ikkje at du kjem ut. Det har eg ikkje råd til. Eg vil berre ha nokre råd frå deg. Råd er gratis. Er det noko eg kan gjere sjølv for å behandle kua? Han er stressa. Ei ku med trommesjuke, som det kan høyrast ut som om denne kua har, kan stryke med ganske kjapt om ikkje rett behandling blir iverksett. Gassen drep dyret om den ikkje slepp ut. I verste fall set eit hol gjennom vomveggen så gassen vert evakuert...

SafetyFAIL?? Eller blondinePOWER

driv og testar SAS sine innsjekkingsrutiner. Sende gjennom scanningen pc og full vassflaske nedpakka i ryggsekk. Ingen sa eit kvekk. Begynte så å sende gjennom toalettsaker i div storleikar pakka i posar. Fekk først beskjed om at desse er FOR store, men ok du får dei med denne gongen, men neste gong du har dei med deg, må du IKKJE legge dei i plastpose men gøyme dei i sekken ellers kjem nokon til å ta dei frå deg (fordi dei er for store). Neste gong gøymde eg altså flaskene i sekken og sende sekken gjennom. Ingen sa noko då heller. SafetyFAIL?? Eller blondinePOWER

Våg å delta i offentleg ordskifte

Spalte i siste utgave av bladet til Naturvitarane. Kan lastast ned her. Eg er naturvitar, nærmare bestemt utdanna veterinær, og eg er journalist og skribent. Eg har i alle år vore ein einsam og svært sjeldsynt fugl. Det heile finst nesten ingen, om nokon, naturvitarar i pressa. Å vere veterinær er i seg sjølv kuriøst. Å vere veterinær i pressa er uberkuriøst. Det er ingen som forstår kva i hulaste eg driv med som journalist. Folk er ofte så overraska at dei skiftar både farge og fasong konfrontert med dette overveldande fakta. Kva i alle dagar? Er du veterinær? Og neste spørsmål: Kvifor kastar du vekk den lange, fine utdanninga di på å jobbe i media? Snork. Oppfatninga er gammaldags. Den er eigentleg ganske latterleg. Kva med alle dei som har fem års studier i statsvitskap frå Blindern? Dei brukar då også ei lang, fin utdanning til å jobbe i pressa. Det rekk å kaste eit skeivt augekast mot pressa for å bli klar over at langt fleire naturvitarar skulle ha funne vegen dit. Men de...

Den store kyllingdøden

Eg hugsar då eg var ti år og bestilte ein kasse kyllingar frå Trøndelag. Selgar sende kyllingane i ein pappkasse i lasterommet på ein nattbuss i tolv timar. Det var midt på vinteren og eg betrakta skrekkslagen dei ihjelfrosne kyllingane som låg i pappkassa eg fekk frå bussjåføren. Eg ringde då busselskapet og spurde om dei ikkje tok med seg kyllingar i passasjersete. Dama i informasjonsskranken lo høgt og gjorde narr av spørsmåla mine. Eg vart sterkt kritisk til bussing av fjørfe etter dette og kjøpte seinare kun kyllingar viss mødre budde nær flyplass. Min neste kyllingforendelse kom med fly. Åtte godt utvalgte rasekyllingar på spon i ein pappkasse. Flyturen hadde tatt ein time. Eg innstallerte dei i eit fuglebur, lufta dei på tunet, og ei veke seinare hadde dei søte små lagt ut på ein ny flygetur. Denne gongen i nebbet på kråker.

Mange stader vil ikkje endre seg og må godt at folk ikkje vil flytte dit

Denne kommentaren kom på bloggen. Den er god så eg legg den ut her som eigen bloggpost. Hei! Jeg bor selv i en liten kommune på Trøndelagskysten. Flytta hit etter å ha levd mine første 49 år i Oslo og Trondheim. Jeg reflekterer ofte over disse problemstillingene, som jeg vet at du også brenner for, men jeg har kommet til at problemet er at distriktsmenneskene rett og slett ikke ønsker forandring. De foretrekker status quo, til tross for at dette muligens innebærer en sakte død. I min kommune har de bl. a. fått arkitektstudenter fra NTNU til å skissere en alternativ urban (?) utvikling som etter mitt syn inneholder mange gode ideer, men det havner jo bare i en skuff. Jeg er selv ikke et sekund i tvil om at min kommune har potensiale til å tiltrekke seg en haug med framtidsretta jobber (les IT). Jeg har også selv mange ideer på "byutvikling" etc, men hvorfor skal jeg engasjere meg når viljen til forandring ikke er der? De liker godt konferanser og planer, men ma...

Fri prissetting i landbruket må til

NRK Søndagsavisa 31.oktober høyrde vi om gardseigaren på Sandalen i Jølster som ikkje får lov til å selge gardsbruket fordi prisen i budrunden vart for høg. Prisvurderinga var 520 000 kroner, men budrunden gjekk til 950 000. Kommunen seier ... no nei til salg av garden pga prisen er for høg, og ordførararen er bekymra for prisutviklinga i området. Virkelighetssjekk: Ein eigedomspris på 950 000 er ingenting for ein gard, uavhengig av størrelse. Min 26 kvadratmeters kåk i Oslo gjekk for det dobbelte. Bønder som sel må også få betalt for det dei gir frå seg. Det vil bli meir attraktivt å selge om ein får noko att for det. Ein gard der eg kjem frå, på 100 mål med nye hus og stor fjøs og maskinpark og dyr inkludert, gjekk for 1,7 mill, 10 min ... utt med bil frå Førde, 2 minutt med bil frå flyplass. Det er dumpingpris. Skal ein få opp verdien og sjølvrespekten, og få profesjonalisert landbruket, ikkje drive med denne småskala dumpingidyllen som kun er meint for hobbybønder, m...

Asfalter, NO!!

Den store folketalsquizen Og korleis kan gamlisar på distriktsutviklingskonferansar redde utkantane? Kvifor bestiller ein sjølvsagtheiter i rapportform? Og ein haug med andre spørsmål. "Ein dropper analysen. Går det gale, veit ein kvar skulda ligg. Den ligg i sør", skriv Per Svelle under den talande avsnittstittelen «Den tilslørande nord-sør tenkinga» i boka «Nordområdepolitikken sett frå nord». Tilsløringa fører til at ein i andre omgang ikkje gjer vidare analyser av maktforhalda. Dette kan også seiast om Vestlandet. Ein grip til påstanden «vi er overkøyrde», og sentraliseringa er sterk, og let dermed vere å tenke sjølv. På same tid som mang plasserer skulda for utviklingsproblema i sentrum, søker ein i utkantane etter nye fokus og nye tankar. Toppturar, seier ein og kastar seg på naturfokuset. Ein har sett i trollspegelen, media, og sett at friluftsliv er i vinden. Ein forsøker å vere det den urbane middelklassen ønsker seg: eit friluftsinnramma paradis for deg med fritt...