Gå til hovedinnhold

Innlegg

Leverte idag min mastergrad i statsvitenskap

Kort sagt. Det er ganske kult.

Den stolte hane bløffer om bur

Den stolte hane påstår dei ikkje sel egg frå høner i bur. Dette er ein bløff. Kikk på bura, som Den stolte hane omtaler som "ikkje eit bur": Jepp, som du ser er dette ein real forbrukerbløff frå Den stolte hane si side. For fleire fotos av bur som visstnok ikkje er bur, klikk her . Kikk også på videoer av bura og bedøm sjølv om Den stolte hane bløffer oss om bur eller ei. Cardinal Foods, som eig Den stolte hane, skriv i sin årsrapport for 2009 : "Vi er godt tilpasset morgendagens krav til produksjon og som eksempel har våre produsenter av egg allerede tilpasset seg forbudet mot burhøns som vil komme i 2012." Nei, kjære Cardinal Foods. Det er ikkje eit forbod mot burhøns, men eit forbod mot den gamle typen bur som har tredt i kraft. De bløffer forbruker. Lat oss sjekke kva Mattilsynet seier om saken: "Forbud mot bruk av tradisjonelle bur til verpehøns fra 1. januar 2012".   Dei seier ingenting om forbod mot bur. Det er det Den stolte ...

Bur for verpehøns framleis lov i Norge.

Nortura og Fjørfelaget påstår at bur ikkje lenger er lov i Norge . Det er ikkje riktig. Her kan du sjå video av den nye typen bur og bedømme sjølv om du meiner bur no er lovleg eller ulovleg i Norge. Slik omtaler Animalia den nye typen bur : •Miljøinnredning vil si romsligere bur for et begrenset antall individer, med vagle, strøbad og rede. Frittgående systemer kan i tillegg være økologiske. Kikk nøye på videoen etter korleis strøbad, rede og vagl ser ut og sjå om du greier assosiere fram at det er dette det skal forestille. Fjørfelaget er sjølvsagt kjempekritiske til at Rema 1000 merker egg fra burhøns med «egg fra burhøns». Eg foreslår at leder i Fjørfelaget, David Koht-Norbye, tar seg en synssjekk. Det koster 420 spenn hos Brilleland og gir godt bursyn. Også Den stolte hane, bløffer om bur . Dei påstår dei ikkje lenger sel egg frå burhøns, men det gjer dei. Dei sel egg frå same type bur som du kan sjå i videoen under, samt på linken mellom dei to videoane. Men dei omtaler d...

XXX - kortprosa om livet i Oslo

pause og jeg tar en sigg sier ok, kjekken jeg skjønner hva du sier du vil ikke være seriøs du vil ikke være seriøs, sier du og - jeg kjøper en øl til deg for jeg vil ikke at du skal gå bli, sier jeg ikke jeg sier: skål seff, baby, sier du ikke du ser bare bort og du bygger ned du sier, ja og rister på hodet ditt og du ser ned og sier hva er galt ikke si at - er det meg det er noe galt med ? - jeg skjønner ikke - du skjønner at det funker ikke ny sigg jeg sier skål, dere, ut i rommet: skål dere for i dag er jeg gal (av kjærlighet, tror jeg) gamle damer der ute med peishyllen full av nips og peisen full av overtente vedkubber liker dere å se oss som ikke har gjort som dere og giftet oss da vi var tyve, liker dere å se oss vandre i gatene i kalde frakker med skjerf og paraply, og syns dere det ser koselig ut å gå gatelangs i Oslos iskalde april-vind og syns dere vi ser glade ut på trikken med Prada-veskene v...

Eg kjem med barnebok på Samlaget til høsten

Livet i ein ekte veterinærpraksis med hest Då onkel Kalle får sommarjobb som veterinær i den avsidesliggande Tordenbygda, reiser tretten år gamle Elise frå byen for å vere med som assistent. Der treff ho den pensjonerte veterinæren Gamle-Mathias og verdas galnaste prest. Elise er forferdeleg glad i hestar, men dei kvite hestane i Tordenbygda er ikkje som andre hestar. Ingen veit kvar dei kjem frå. Og livet som veterinær er mykje farlegare enn Elise hadde førestilt seg. Hakket for farleg. Debutboka til Anne Viken er basert på livet i ein verkeleg veterinærpraksis med ekte pasientar, ekte dyreeigarar og ekte veterinærmysterier. Aldersgruppe 10 + Omslagsdesigner er Øystein Vidnes. Meir informasjon kjem til å bli lagt ut etterkvart i høgre hjørne oppe på denne bloggen. Følg med!

Er vi klar over kva det er vi ber om når vi ber om billeg mat?

Aldri før har verda produsert mat på ein så gjennomindustriell, samlebandsaktig og etisk betenkeleg måte som det vi gjer idag. Vi har aldri hatt høgare kompetanse, men heller aldri lågare etikk i matproduksjon. Dette medfører ei rekke risker for konsument. Les mitt innlegg i dagens Dagbladet. Er forbrukarane klar over kva dei ber om når dei ber om billeg mat? Mennesket har ei nøkkelrolle i matproduksjonen. Det er menneske som står bak regelverk, etikk og produksjonsmåtar. Det er mennesket som er nøkkelaktøren for med sine verdiar kunne få til endring og legg premissa for korleis mat skal produserast. Når ein kjenner til kva som er i ferd med å skje, kan ein lure på kva slags etikk og verdigrunnlag som råder grunnen hos dei som legg føringar for korleis norsk mat blir produsert i dag. Ein kan også stille seg spørsmål ved om det er slik den norske forbrukaren ønsker at billeg mat skal produserast. Det skal gjerast billeg. Vi kjenner til at Nortura køyrer kyllingtransportar d...