Gå til hovedinnhold

Innlegg

Den problematiske hundeavlen

NRK sende ein dokumentar om avl på rasehundar og alle problema mange av desse rasane blir avla fram med. Auger som sprett ut av skallen om du tek dei i nakkeskinnet, auger som er for store i forhold til augeloka slik at augeloket kun dekker deler av auget og hunden blir blind i ei stripe midt i synet fordi auget tørkar inn. Mange eigarar ønsker ikkje å få gjort noko med dette augeproblemet, sjølv om augeloka kan syast inn på sidene slik at dei dekker heile auget. Og kvifor ønsker dei å heller ha ein hund som er plaga av auga enn å fikse problemet? Jo, fordi om ein reparerer problemet på hunden, mister den sitt rasesærpreg. Dette er ikkje etisk dyrehald. Det er uetisk av oppdrettar, og det er uetisk av mange hundeeigarar som held desse rasehundane. Begge partar må ta sin del av ansvaret sidan dei driv opp etterspurnaden etter rasar med sjukelege, framavla trekk. Sjå dokumentaren her. Hunderasar med kroniske augebetennelsar, kroniske pusteproblem. Alt på grunn av menneskelege krav...

Kardemommeby er visstnok skadeleg for barn. Eg tek det hakket vidare og er sjølvsagt djupt sjokkert.

Vi har visst eit problem i barnelitteraturen. Det er lettare sjokkerande for ein stakkar som vaks opp på åtti og nittitalet å følge debatten om kva som er skadeleg eller ikkje for totusentalets barn. Kommentaren er trykt i Bergens Tidende 14.januar 2012 Eg melder meg herved på i debatten "Kardemommeby er skadelig for barn" og tek den eit hakk vidare sidan det trass alt er ei rekke eventyr vi etterkvart må ta “eit oppgjer med”. Eg nemner i fleng. Vi har Selma Lagerløfs fullstendig uansvarlege Nils Holgersson som sette seg på ei gås utan sikkerhetssele og flaug over halve Sverige. At han overlevde, er berre flaks, og gud forby at nokon ungar i vår generasjon skulle finne på det same.     Og kven tenker på gåsa? Kva meinte den om å bli brukt på denne måten? Å late ei einsleg gås flyge rundt på denne måten strir på alle måtar med gjess sitt flokkinstinkt. Det har antakeleg også klødd når Nils Holgersson sat på ryggen hennar. Kanskje var det tungt også...

Elise og mysteriet med dei døde hestane kjem i pocket

frå ca 17.februar, ifølge Haugenbok. Lansering av Elise i august 2012 Eg og Oddvar Torsheim utvekslar kunst Førsteopplaget i hardback er så og sei utsolgt! That is fun:)

Food Inc - sjå filmen gratis.

Som ei dame i Food Inc seier: ho har dårleg samvit for å gi maten til ungane sine. Det har eg også tenkt på. Korleis kan folk med godt samvit servere ungane sine slik mat? Folk flest er etterkvart klar over produksjonsforholda, også i Norge.   Når forbrukar går på butikken og handlar, stemmer han på produkt. Vel han industrikylling, stemmer han på dårleg dyrevelferd og tvilsame produksjonsforhold. Produkt som får mange stemmer, vil ein halde fram å tilby. Store delar av forbrukarsegmentet i dag er så godt opplyste at dei kan ansvarleggjerast for kva produkt dei vel å kjøpe. Vi har same problemstilling i Norge som det filmen viser: industrien ønsker ikkje å informere forbruker om produksjonsforhold. Det er eit fint gardin mellom forbruker og industri. Dette består av reklame og storytelling. Vi produserer ikkje mat slik idag som vi gjorde før industrilandbruket, men det er dei same bileta og imaget som blir nytta om bønder og produksjonsformer: natur, beite. S...

Det blir servert dårleg etikk på mange festbord rundt jul og nyttår

Når ein veit korleis produksjonen går føre seg, er det vanskeleg å forstå korleis kalkun kan kallast festmat. Bryr folk seg eigentleg? Kronikken er trykt i Bergens Tidende. * Folk veit nok om fjørfehald til å vite kva dei serverer når dei serverer kalkun. Å servere kalkun, er å bevisst nytte eit produkt ein veit har sitt utspring i betenkelege produksjonforhold. * Ein skulle legge litt energi i å servere gjestane sine festmat. Det er trass alt berre jul og nyttår ein gong i året. Spander på gjestene dine skikkelig mat neste gong. Det er dårleg stil å servere gjestane halt mat frå dyr med dårleg helse Hos mange står kalkun på festmenyen. På sine nettsider skriv Nortura dette: «- fra råvarer til merkevarer. Norges ledende aktør innen kjøtt og egg. Vi leverer landets fremste merkevarer. Nortura er en garantist for at forbrukeren får et mangfold av kvalitetsprodukter med likeverdige tilbud i hele landet». Merk deg «landets fremste merkevare». Slagord og biletbruk er...

ANNE VIKENS DEBUTBOK I NYTT OPPLAG

Førsteopplaget på 3000 av Anne Vikens debutbok Elise og mysteriet med dei døde hestane er snart utselt.   Boka kjem i nytt opplag over nyttår. På tide å trekke i kjole og ta seg ein fest!  Ønsker alle lesarar ei god jul !

Årets beste tips

ÅRETS BESTE TIPS til hestejenter og dyrlegespirar er boka Elise og mysteriet med dei døde hestane, skriv HaugenBok. Forfattar Anne Viken er sjølv dyrlege, og boka byr på store dosar med spenning, vitskap, humor og sjølvsagt, HEST.  No til MAKS RABATT! Bestill i dag - få boka i morgon! SJÅ HER: #julegavetips Det er ganske gøy med slike anbefalingar frå bokbutikkar ein veit har lese boka frå perm til perm, og som anbefaler den utfrå ei kvalitetsvurdering.