Gå til hovedinnhold

Innlegg

Elisefilm, kvit hest og ein bankmann oppkledd som dyrlege

Vi filma scener frå bøkene mine om hest og dyrlegepraksis, "Elise og mysteriet med dei døde hestane" og "Elise og mysteriet på hesteklinikken" på Grimsbø på Jølster igår. Her ser de foto av Elisabeth Solheim Brekke frå Bygstad, alias Elise, som undersøker melk frå ku. Det er nemleg også med fleire kyr i bøkene. Kofferten tilhøyrer veterinær Helge Njøsen frå Bygstad, og fjøsen er fjøsen til Torbjørg Grimsbø Eskeland og Dagfinn Grimsbø på Grimsbø i Jølster. NRK var med og filma. Etter å ha filma inne i fjøsen, slapp dei kyrne ut og vi fekk filma eit ekte kuslepp. Det er nemleg eit ekte kuslepp i "Elise og mysteriet med dei døde hestane", og der går det ganske vilt for seg. Kyrne spring gjennom gjerdet, nedover vegen med dunder og brak, og beint mot kyrkjegarden der presten kastar salmebøker og altervinsflakser på dei for å hindre galopp over kyrkjegarden. Opptak frå kuslepp og undersøking av ku vart sendt både på Vestlandsrevyen og Norg...

Elise går til filmen

No kjem det ny bok om Elise i midten av august. Den heiter Elise og mysteriet på hesteklinikken og er ein frittståande oppfølgar til bok ein, Elise og mysteriet med dei døde hestane (2012). Så sat eg her då, og lurte på kva eg skulle finne på. Når eg skriv tenker eg i film. Alt eg skriv ser eg føre meg i filmatiske scener. Kvar kjem folk inn i biletet frå, kvar går dei, korleis ser dei ut, korleis signaliserer dei sine mellommenneskelege relasjonar til kvarandre. Alt går i film i mitt hovud. Med musikk til, og med fortellarstemme. Så kva var vel meir naturleg enn å lage nokre korte filmar om Elise, basert på manusa til bok ein og bok to? Som sagt så gjort! Eg fekk med meg Jørn til å filme, og så begynte planlegginga. Først måtte eg finne Elise, og så måtte eg finne Kalle. Elise er hovudpersonen og Kalle er dyrlegeonkelen. Eg var kjempeheldig og fann to som var veldig positive, og som passa kjempebra til oppgavene. Det er berre heilt supert. Kalle ser du i neste bloggpost. Han var ik...

Vil du vere sikker på at melka di kjem frå kyr som har vore ute i sola? Då må du kjøpe økologisk.

Kyr i lausdriftsfjøs. Like bra som beite, meiner mange.. Sol og sommar i Norge, men norske konvensjonelle melkekyr i lausdrift har ingen krav på å få kome ut på beite, ikkje ein gong krav på å få kome ut i ein luftegard. Tines melkekartongar viser kyr på beite, sjølvsagt, dei frir til forbrukar, men fakta er at kun 10 prosent av norske kyrs fôrinntak kjem frå beite. Dette viser tal frå Tine Kukontrollen. Vil du vere sikker på at melka di kjem frå kyr som har vore ute i sola? Då må du kjøpe økologisk. Men det er denne tiprosenten med beite Tine bruker i si marknadsføring av melk og melkeprodukt: kyr på beite pregar melkekartongane saman med søte historier om ungar som steller dei. Norske kyr henta i 2012 43 prosent av matinntaket frå kraftfôr. Dette viser tal frå Tine Kukontrollen. Eit autentisk bilete av kva norske kyr et, ville ha vore eit foto av soyaproduksjon i Brasil på melkekartongane. Eller kanskje eit bilete frå aust-Europa?   Fakta er: norske lausdr...

Anne Viken taler 17.mai 2013 i Bygstad

Gratulerer med dagen og takk for invitasjonen! Det er ei ære. Det er flott å tale her i Bygstad, under Storehestens massive veggar. Du kan lese heile talen i denne bloggposten, eller sjå den på videoen under. Videoen tar 20 minutt . Anne Viken taler 17.mai 2013 i Bygstad from anne viken on Vimeo .   Når vi ser rundt oss, er det ikkje så grønt som vi skulle ønska det var i mai, men sjølv om bøane ligg gule og brune etter ein kald vinter finst der liv innimellom. Når ein ser utover bøane vil vi finne eit og anna grønt strå. Det er nesten som å sjå Sogn og Fjordane frå lufta. Ein ser for det meste natur, fjell og fjordar, men ser ein nøye etter oppdagar ein folka som bur her, langt inne mellom fjordar og under bratte fjellveggar. Her har vi klamra oss fast i uminnelege tider. På Kleppe, foto John Ole Kleppe Heilt frå steinalderen, då kysten var skogkledd og folk budde i steinholer, gjennom tida som del av Holmedal prestegjeld, seinare Indre Holmedal, til vi i...