Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november, 2006

Nattevandring (på trykk i Fett nr 3, 2006)

AnneViken-blog Anne Viken, Steder en ikke bør gå, menn en ikke bør gå foran, og taxi hjem når byen koker. Mange jenter føler seg ikke trygge på vei hjem. Det er sein juninatt i Oslo. Jenter i korte skjørt og utringa topper haster forbi Saga Kino på vei til konsert på Rådhusplassen. Bare brune bein på høye stiletthæler, tettsittende Levi’s, blondt hår, pupper og lår. Sommertid er sexytid. Fredag er utedag, og etter endt kveld på byen drar folk hver til sitt. Men hvor mange jenter er det egentlig som tar en omvei hjem eller brenner av noen lapper på taxi for å føle seg trygge? Ikke Akerselva – Når folk i byen er innmari aggressive og jeg ser at det koker skikkelig, tar jeg en taxi. Jeg kjenner folk som konsekvent tar drosje hjem fra byen. Sosionom Marianne Mobraaten (35) er i byen for å feire søsteren. De har nettopp vært på ferie i Berlin og nå er det bursdag som står på plakaten. Mobraaten tenker alltid over hvilken vei hun velger hjem. Helst liker hun å gå på steder der det er andre m

Innhenta av fortida (bokmelding Firda 2.oktober 2006)

AnneViken-blog Gunnar Staalesen Roman: Dødens drabanter Gyldendal Norsk Forlag AS 365 sider Anne Viken I 1859 forlet Trodals-Mads Angedalen for å sone Noregs lengste dom. 42 år seinare vende han tilbake frå Akershus festning. 136 år seinare vert privatetterforskar Varg Veum innhenta av fortida. Året er 1995 og Veum står på drapslista til ein etterlyst fengselsfugl i Oslo. Veum byrjar nøste opp ein tråd som tek oss tilbake til Bergen i 1970 då han som sosionom i barnevernet henta ein apatisk baby frå ein skiten leiligheit og ei alkoholisert mor. I Angedalen nesten femten år seinare smell rifleskota som piskeslag rundt øyra på Varg Veum der han balanserar på dei glatte steinane i Trodalen. Eit kaldblodig mord skal oppklarast, og historia om Trodals-Mads vert spunnen inn i handlinga. Etterkvart vert eit nettverk av uoppklarte drap, løgnar og ødelagde liv henta fram frå sjebnen sitt blodige arkiv. Sunnfjord er åstad for ein spritsmuglarliga med internasjonale kontaktar, og for

Spektakulært plott med ujamt driv (bokmelding Firda 5.oktober 2006)

AnneViken-blog Rune Timberlid Roman: Deadline Det Norsk Samlaget 286 sider Anne Viken I Rune Timberlid si fjerde bok om polititbetjent Rolf Randen dreiar handlinga seg rundt forsvinninga av ein kvinneleg NRK-journalist i Førde. Den sjølvstendige reporteren, kjend for hyppig bruk av anomyme kjelder og uortodokse metodar, har stige raskt i gradene frå sommarvikar til lokal stjernereporter med fast jobb. Etterkvart som etterforskningsprosessen skrir fram, dukkar det opp fleire kjelder frå Tonje Luster sitt liv som ”student” i Oslo. Er den 28 år gamle reporteren innhenta av fortida? Randen tar saka, og etterkvart er både KRIPOS, presten i Førde og distriktssjefen i NRK innblanda i ei kompleks og dyster sak ingen av dei kjenner konsekvensane av. Ei blodspakt er inngått på eit loft i Sogndal og fleire skal dø: Den som er ute etter hemn, må grave to graver. Ein barneheim i Litauen skaffar unge jenter til fylket: Den kar som ikkje har kjerring, kan betale i grå konvolutt. Ein tilsynelatande ue

Mareritt dynka i vodka, krigshistorie (Bokmelding Firda 15.november 2006)

AnneViken-blog KRIGSHISTORIE «Frå Svalbard til Odessa. På flukt gjennom krigen» Aud Elsa Grøneng Det Norsk Samlaget 150 sider Anne Viken Hestekjerrer lasta med vodka og fyllesjuke soldatar. Dungar av lik, dampande hjernemasse og opphakka penisar ligg i fotefara etter skrantne hestar og ein hevnlysten og krigsherda stalingradsarmè der dei drikk seg gjennom Polen og Tyskland på veg mot Berlin. Russarane avrettar for fote. Slaktar ned, gruppevoldtar og parterar tyske kvinner, soldatar, eldre og barn. Om kvelden festar dei blant ruinane. Det er 1945. Over seks månader har slaget om Stalingrad kreve ein halv million døde før tyskarane trakk seg tilbake. Den raude armè skal ha sin hevn. Med på felttoget er dei to norske soldatane Kåre Olset frå Sunnfjord og Mads-John Thyvold frå Oslo. Kvar dag er eit mareritt for dei to norske soldatane som må feste med russarane for å drukne dei gruvekkande opplevingane. Etter at dei to rømde frå ein tysk interneringsleir for offiserar sør i Polen, vart dei

Klimakrise i Nordsjøen (Klassekampen onsdag 8.november 2006)

AnneViken-blog Med andre ord Torskebestanden tar seg kanskje aldri opp igjen, og det blir meldt om total hekkesvikt for sjøfugl i heile Nordsjøområdet. I mellomtida stig temperaturen i takt med CO2-utsleppa. Dalsfjorden. Tom Johannessen står på Bakkeneset i Holmedal og fiskar i fjorden. Timane går. Ingenting nappar. Fjorden ligg dørgande stille. For ti år sidan var det sjeldan ein ikkje fekk fisk, no er det sjeldan at ein får fisk. Johannessen ruslar tilbake til hytta. Kvar er fisken blitt av? Henning Vik sit utanfor naustet og speidar utover fjorden, men ingen fisk hoppar. Naboen har slutta å sette garn. Sjølv på hundre meter garn får han ikkje nok fisk til å fylle ei gryte, eller fø opp ein katt, som han seier det. Vik sjølv reiser ti nautiske mil vest om Bulandet for å hente opp torsk til lutefisken som heng under taket i naustet. Han synest utviklinga er skremmande, og den går fort. Forskar Reidar Toresen ved Havforskningsinstituttet i Bergen seier observasjonane til Vik og Johann

Justismordet Hetle-saka (Filologens desembernummer 2006)

AnneViken-blog Hetle-saka: Ei slagmark for rettsmedisin og bygdesladder I haust er det hundre år sidan eit av Noregshistorias grovaste justismord fann stad på Viksdalen i Sunnfjord. Av Anne Viken Søndag 19.august 1906 vart Henrik Hetle funnen død på Hetlestølen i Viksdalen. Kort tid etter at Henrik Hetle vart meld sakna, spreidde mistanken seg som eld i tørt gras mot naboen Mikael Hetle og sønene Ole og Mateus. Få visste då at dette skulle bli starten på saka redaktør Oscar Pedersen i Bergens Arbeiderblad i 1907 omtalte som ”et av de forferdeligste justismord som er begått så lenge norsk rettsvesen har eksistert”, skriv forfattar Gaute Losnegård i dokumentaren Død og pine. Justismordet Hetlesaka som nyleg vart lansert på Selja forlag i Førde. Verken Storting eller høgsterettsadvokatar skulle klare å stanse snøballen av bygdesladder, bastante rettsmedisinarar og hypotesemakeri som her hadde starta å rulle. Mellommenneskelege forhald, dårlege ekteskap og nabokranglar vart rota saman i e

Integrer, ikke stempl (Dagbladet søndag 17.september 2006)

Integrering, ikke stempling Norsk offentlegheit stemplar polske arbeidarar som den nye underklassen. Anne Viken Redaktør i argument, student og journalist MIGRASJON: Arizona, USA. Skarpskyttarar kjem opp frå veigrøfta, speidar utover landskapet. Ørkenen strekker seg endelaust. Amerikanske militærkøyretøy med skarpladde maskingevær passerar min Ford. Eg køyrer gjennom slummen i bakgatene i Las Vegas, i New Orleans, gjennom den milelange slummen ved den meksikanske grensa i El Paso full av skur med tøyfiller framfor døra. Seks månader tidlegare. Eg ligg på alle fire å kravlar langt inni tarmsystemet på ei dau ku langt ute på prærien, flugene svirrar og termometeret passerar eit altfor høgt tal på Fahrenheit-skalaen. Etterpå sit eg på ei tom ølkasse, ser sola gå ned over prærien og får sendt over ei ny flaske Bud Light. Eg er mobil, har kryssa eit hav og havna på ei side der ølet er lysare, klasseskilla større og kyrne fleire. Eg jobbar på ein farm der statlige rassia prøver å avdekke dei