
Vi har alt sett det, og det kan komme meir: klimaendringar med stigande temperaturar kan føre til at villaksen får problemer med å overleve i vassdraga. Ein temperaturauke på berre eit par grader kan føre til at store mengder fisk omkommer i elvane. Vi har alt sett det. I tillegg utgjer den lite bærekraftige rømte oppdrettsfisken (det krevast fire fem kilo fisk frå Nordsjøen, såkalt industrifisk, for å produsere ein kilo oppdrettsfisk) ein trussel mot villfisken. Så strengt tatt er det berre å parkere bilen og boikotte oppdrettsfisk. Denne næringa er langt frå bærekraftig.