Gå til hovedinnhold

Eg vil ikkje ligge heime å skreve. Om menn og Frp

Reykjavik

Her om dagen, for eit par veker sidan ca, var det ei svær sak i den dønn seriøse avisa VG der ein Frp-politiker som kanskje, med litt flaks, blir vara i eit eller anna kommunestyre i Trøndelag, la ut om at norske kvinners jag etter karriere. Han sa mellom anna:

- Likestillingen har gått så langt at vi snart ender som intetkjønn.

- Mødre er best egnet til å oppdra barn fra naturens side.

- Selvopptatte karrierekvinner gjør Norge til et kaldt land fullt av frossenpizza og overvektige unger med dårlig nettverk.

I denne intelektuelle forbindelse, for dette er kort sagt eit imponerande sitat/ utspel som absolutt viser at Frp er partiet for folk flest, vil eg trekke ein parallell mellom menneske og påfugler.

Påfuglmenn er nokre egoistiske slampar som berre driv å heng ut med andre damer medan kjerringa må ligge fire veker å ruge på ein haug med ubrukelige egg. Når egga omsider klekker, kjem det ut ei mølje av bråkete minipåfuglar som påkallar mora si oppmerksomhet døgnet rundt i gud veit kor mange månader. Medan mora må ligge å varme desse hårete beista i eit eller anna reir i skogen, sit påfuglmannen på ei grein i eit tre å dinglar med den ubrukelige kjempestjerten sin. Eventuelt ligg den flatt ut på eit eller anna bord i nærheten å glor ut i lufta medan kjerringa, påfuglhokjønnet, må høre på evinnelig piping og kvekking frå kresne påfuglminidyr som ikkje ein gong et det dei får tilbudt men kun et kokt hønseegg eller opphakka kumjøl.

Her limer eg inn nokre fotos som beviser min påstand om ansvarsfordeling blant påfuglar.

Først dette bildet av tilsynelatande idyll. Påfulgkyllingar som står linja opp for fotografen. Tilsynelatande god oppdragelse, lite grandiosa og heimeverande foreldre av begge kjønn.

Påfuglkyllinger

Dette biletet viser den fulle sanninga. Hoa må pent sitte heime å vakte over dei tre små bråkete krypa som pip intenst og vedvarande stort sett heile døgnet. Sjekk kor små dei er. Tenk deg sjøl kor lenge det går før dei er like store som morra si. I mellomtida har ho ansvaret pitt mo aleine. kjedelig. Ingen kafebesøk, ingen festing, nada sex. Ho kan jo ikkje gå utandørs med ungane fordi dei kan bli spist av kråker.

Påfuglhoe som passer unga

Og i mellomtida, sit den late hannen i eit tre å ser dum ut heile natta, og ligg, som her, på bordet å latar seg heile dagen. Stemmer påfuglen Frp?

Lat påfuglhanne

No har eg gitt ei kort innføring i påfuglars familieliv. Det er, som de ser, litt som hos Frp. Einaste skilnaden er at desse påfuglane som du her har sett bilder av, har hushjelper frå Norge. Dvs dei får mat av fattern og muttern min, så dei treng ikkje hente seg ei kone frå Thailand. Oi. No glømte eg heilt at det er mannen som henter kone frå Thailand, og at det då vert mann (norsk) og kone (thailandsk) der mannen jobber og tener penga, mens dama skrever, vasker golvet og passer på at den feite mannen, for menn er ofte feite, vert enda feitare ved å lage tilstrekkelege mengder mat. For meg er det lett å tenke dette som hushjelp, ikkje kone. Difor min forsnakkelse om at påfuglparet må hente seg ei kone frå Thailand.

Påfulghoa på bilde kjem frå Svanøya. Eg trur ikkje sjølv ho er klar over at ho er totalt svikta av mannen. Ho er totalt dominert av sin natur. Og sjølv om eg diggar natur og dyr og alt sånt, inkludert menn, så ser eg ikkje fram til eit eventuelt regjeringsskifte der eit parti med påfuglens familiementalitet kjem te makta. Frp, framskrittets rampete påfugler. eg kvir meg allerede. Venstreside, foren eder!

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...