Gå til hovedinnhold

For folk eller elite?


Nynorsk for dei som vil eller dei som


Av Anne Viken, journalist

No ønsker Språkrådet å normere nynorsken. Enden dei startar i, er blant anna å ville fjerne sideformene (klammeformene). Det vil eksempelvis sei at i-endingane og ein del bokmålsnære bøyingar av verb vert fjerna.

For å sette dette litt i perspektiv, vil eg først ta eit tilbakeblikk på debatten rundt nynorsk i juni, kort sagt fordi ein del av reaksjonane eg fekk i etterkant av denne, er relevante for debatten språkrådet no reiser. Mange av reaksjonane har vore av typen: vi kjenner oss så godt att i det du skriv. Folk kjem bort i sosiale lag, eller sender mail og ringer. Der traff du spikaren, seier dei. Vi klarer heller ikkje skrive rett nynorsk, og vi kjenner oss heller ikkje att i retorikken rundt nynorsken eksemplifisert med dei politiske skillelinjene by-land, og den evige messinga om at nynorskfolk blir sett på som bønder av bokmålsfolka, for blir dei egentlig det?

Dette er engasjerte folk som skriv side på side om språkbruk på mail, eller snakkar timesvis over ein kaffekopp, og den essensen ein kan trekke ut av mange av innlegga, er ein følelse av at språket ikkje er for dei. Språket er ikkje til for desse språkbrukarane. Korleis har dei fått denne følelsen?

Ein kan ikkje stille politiske krav til språkbrukaren, var det ein som sa til meg. Samfunnet er no blitt så liberalt at folk ikkje aksepterer at dei ikkje får skrive ord dei brukar til dagleg, fortsette han. Eg trur han har eit svært godt poeng.


Og verken dei eller eg meiner at nynorsk er eit ubrukelig språk, (sjølv om enkelte vel å tolke meg i denne svært usaklege retningen), men dei hugsar blant anna ikkje kva ord med else-ending som er lov eller ikkje lov, og fordi det er så mange ord dei ikkje har lov til å bruke på nynorsk.

Fordi det alt er eit problem for nynorskbrukarane at det er for mange forbod, forundrar det meg at språkrådet no luftar eit forslag om å fjerne klammeformene, noko som vil innsnevre nynorsken ytterlegare. På den andre sida skjønar eg tiltaket sidan det vil gjere det enklare å vite kva ord som faktisk er lov eller ikkje. Ei sak har jo alltid som kjent, fleire sider. Spørsmålet er kva side ein skal sjå på for å behalde nynorsk i hevd som eit bruksspråk i det daglige.

Når ein skal gjere normendringar for nynorsken, trur eg det er fleire ting som er viktige å tenke på. Det eine er: kven vil ein endre norma med tanke på? Dei som ønsker å skrive nynorsk, eller dei som skrive nynorsk. Slik eg har skjønt det, er fjerning av klammeformene meint å gjere språket enklare i bruk, blant anna for dei som må nytte språket på jobb, som pliktar å skrive innanfor ei norm, samt elevar med nynorsk som sidemål. Altså dei som .

Eg skjønar at det kan verte enklare for desse å skrive nynorsk dersom det vert ei smalare norm med færre former å forhalde seg til, men eg trur også at ein ved å designe språket med utgangspunkt i grupper som ikkje har eit ”genuint” ønske om å skrive nynorsk (dei skrive nynorsk, dei syns det er vanskelig, vi må gjere det enklare) tek vekk noko av brukarvennligheten for mange av dei som ønsker å skrive språket: Ein tek vekk i-endinga for dei som ønsker å skrive dialektnært, og ein tek bort bokmålsnære former for dei som vil skrive bokmålsnært. Ergo kan ein risikere at argumenta for å byte til bokmål, vert stryka for denne brukargruppa. Eg trur ei smalare norm, kan føre til at ein mister mange brukarar som skriv a) dialektnært og b) bokmålsnært.

Ein treng heilt klart tiltak for nynorsken, men eg trur at språkrådet her begynner i feil ende. Kva med å starte med å gjere språket meir konsekvent? Eksempelvis gjere alle else-ord lov på nynorsk slik at ein slepp sitte å pugge at ein ikkje kan skrive begynnelse og begravelse, men at ein har lov til å skrive beskyttelse og beveglse.

Ei anna gruppe, i tillegg til journalistane og skribentane som har teke kontakt i etterkant av innlegget mitt i Syn og Segn, er elevar i vidaregåande skular på Vestlandet. Dei fortel meg om lærarar som rettar med rød penn i stilar og heimeoppgåver dersom elevane skriv bokmålsnære former av ord, sjølv om desse formene er lovlege. Lat meg ta eit enkelt eksempel. Ein har på nynorsk lov til å skrive både anbefale og tilrå. Kvifor rettar då læraren anbefale som om det var ein skrivefeil? Ingen av desse to orda er klammeformer. Dei er likestilte.

Nokre av desse elevane gir opp og skiftar til bokmål. Dei gidder ikkje å skrive eit språk dei får beskjed om at dei ikkje meistrar. Kvifor satsar ikkje språkrådet heller ressursane sine på arbeid i retning av å gi lærarar tilstrekkelig kompetanse til å undervise elevar med nynorsk hovudmål? Dette må jo vere ein av grunnpillarane med tanke på at språket skal overleve som bruksspråk. Solid undervisning i nynorsk sidemål må også vere eit steg på vegen. Dette er politisk, men det går an å kome med innspel.

Det er også, slik eg forstår det, etter normeringa, tenkt at forfattarar skal få skrive nynorsk utan hensyn til eventuelt bortfall av klammeformene. Dette understrekar inntrykket mange sit med av nynorsk som eit språk i ferd med å bli eit reiskap for ein liten språkinteressert elite, ikkje for folk flest.

Nynorsk er i ferd med å bli eit akademisk språk for Dag og tid-lesarar, skreiv ein utmeld målmann til meg på mail. Nettopp dette må ein til livs. Når ein begrunnar fjerning av klammeformer, med at språket må gjerast enklare for dei som bruke det, erklærar ein kort sagt at nynorsk i altfor stor grad har blitt eit kulturpolitisk prosjekt. Kva med å tenke på kvardagsbrukarane? Statestikken viser at ein av tre elevar i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane vurderer å byte til bokmål.


(Eg gjer oppmerksom på at forslaget frå språkrådet ikkje er ferdig, samt at det ikkje er klart kva klammeformer som skal ut. Eg tek utgangpunkt i noko av det som har vore ute i media i dette innlegget. Eg gjer også oppmerksom på at eg ikkje skriv i tråd med norma).

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys