Gå til hovedinnhold

Den ubrukelege nynorsken 3

Ein anna ting eg tenkte på, er at nynorskfolket ofte trekk fram folk i NRK som store førebilete for språkbukarar på nynorsk, medan dei rakkarned på oss som er i avis og beskuldar oss for å dumpe språket fordi vivil ha ei karriere. Det er svært motstridande,men bekreftar også minpåstand om at det er skriftspråket som er problemet. Vi som skriv bokmål snakkar jo oftast dialekt eller ganske nynorsknært. Vi klarer å snakke men ikkje nødvendigvis å skrive korrekt nynorsk. Dei som snakkar på lufta i NRK slepp tenke på rettskrivinga, og det mange ikkje veit, er at dei fleire gonger les opp frå bokmålsmanus. Det påpeika blant anna eit av ankera ein gong eg intervjua han. Eg spør meg igjen: kor mykje veit nynorskgeneralane om det praktiske liv??

Eg har motteke fleire mail og sms etter innlegget om nynorsk (sjå Den ubrukelege nynorsken 2 to bloggpostar lenger nede her). Blant anna frå ein professor som skriv dette: "alminnelige mennesker velger ikke skriftspråk ut fra ideologiske eller moralske overveielser -- de velger det skriftspråk som er lettest åhåndtere. Og da er valget klart: Bokmålet er lettere."

Realitetsorientering er flott.
Eg har sett meg svært lei på nynorskgeneralane sin, det eg vil kalle,virkelighetsfjerne, retorikk. Dei forstår jo ikkje kva som ligg tilgrunn for språkskifter. Eg lurer av og til på om det er gjort noko idet heile tatt for å finne ut kva som er fører til at folk går bort frå nynorsk. Eg føler at retorikken er kort sagt mytebasert, og myter er som skjent ikkje fakta. Det vert messa om og om att om at vi er omgitt av bokmål. Ja, det veit vi. Det er vi. Men det må vi også forhalde oss til, så kvifor ikkje ta tak i problemet og slutte å snakke om selvfølgeligheter.

Kvar gong nokon seier at nynorsken er for vanskeleg, kvar gong tal viser at nesten 80 prosent av unge i Sogn og FJordane vurderer å byte til bokmål, vert det forklart med at vi vil opp og fram, at vi kuttar røter og at vi forkastar identiteten vår. Det er snart på tide å høyre på kva vi faktisk seier: nemleg at dette handlar om praktiske skriveproblemer. Vi må skape eit språk som går an å bruke sjølv om vi er omgitt av bokmål.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...