Gå til hovedinnhold

Den ubrukelege nynorsken 4

Debatten går på Firda-bloggen i nettforumet og her på Firda-bloggen.

Eg for min del fortsetter å argumenter for at ein må høyre på praktiske utfordringar i bruken av nynorsk i media. Det er dette eg har mi erfaring frå, og eg meiner at problema vi møter på som skrivande journalistar ikkje kan overhøyrast. Her er nokre klipp frå mine innspel i Firda-debatten:

Joakim skriv: “Det er ikkje spesielt imponerande når dei som skal vere eliten av språkbrukarar klagar seg over at nivået på sitt eige fagfelt er for høgt. Då spør eg meg; kan det vere nivået på journalistane som er for lågt?”

Godt spørsmål. Rettskriving er eit generelt problem i aviser, og med kutt i økonomiske rammevilkår for redaksjonane, er det ofte korrekturlesarane som har blitt kutta bort. Dette ser ein godt på norske aviser. Dessverre. Om nivået på journalistane er for lågt. Eg vil sei at nokre journalistar kan ikkje skrive og har dårlig språk, akkurat som at enkelte lærarar er dårlege til å undervise. Det er ei vanleg yrkesgruppe, og når redskapet ei heil yrkesgruppe brukar, blir lagt bort av ein stor del av denne gruppa, er det då reiskapen eller gruppa som er problemet? Eg opplever at mange vil ha meg til å skrive. Dei kontaktar meg med oppdrag, og fleire spør meg spesifikt om eg kan skrive på nynorsk. Dvs at nynorsk aukar, ikkje senkar, min markedsverdi om ein kan kalle det det. Nynorsk hemmar altså ikkje mi karriere sjølv om som Jan-Erik påpeiker, ein får ikkje skrive nynorsk i DN der eg no jobbar. Uansett. Enkelte, som sjefsdama ved Nynorsk Mediesenter, var frampå i fjor sommar og briska seg med argumenter som at ein må kutte ut nynorsken for å få seg jobb i Oslo. Pisspreik frå ende til anna. Ho, av alle, burde vite betre. Så kvar befinn nynorskfolket seg? På Mars?

NYnorsk aukar min, og mange andre sin, blant anna Jung Tjønn sin marknadsverdi. Ergo må det vere andre ting som driv oss til å skrive bokmål. Kan det vere at vi kort sagt ikkje kun tenker karriere, men at vi beint fram er opptatt av formidling, og å få fram det vi skriv ved bruk av eit skriftspråk vi føler vi beherskar?


Ein kan sei at dette handlar om å vere god i sitt fag. Klart det gjer. Og då kan ein velge å skrive godt bokmål. Eg er ikkje programforplikta til å skrive nynorsk sjølv om eg kjem frå Bygstad. Det blir for enkelt å sei at dette kan forenklast ned til yrkesstoltheit. Ein kan vere ein sabla god journalist men skrive ræva nynorsk og glitrande bokmål, eller ræva bokmål og glitrande nynorsk. Og eg skriv nok betre nynorsk enn dei aller fleste sjølv om eg meiner sjølv eg ikkje skriv godt nok. Eg liker kvalitet. Lista ligg høgt for å vere ein god språkbrukar når du er i media. Ikkje berre skal du skrive korrekt, du skal også ha flyt osv. Flyten kan faktisk bli ganske forstyrra om ein må nytte ord og vendingar som er unaturlege for skribenten.

Det er nesten utelatande nisjeaviser og tidsskrift som ber meg skrive på nynorsk, altså ofte medier som er langt meir opptekne av språk enn dei store mediehusa som er mest opptekne av saker og salgstal. Her har ein ein jobb å gjere med å få nynorsken inn i større mediehus som feks DN og Dagbladet. Og korleis skal ein gjere det? Det er ikkje alle aviser som gidd skaffe til veie korrekturlesarar eller bruka mange timar ekstra på ei sak kun for å få den på nynorsk, for det er det som blir gjort i mange medier som er spesielt interesserte i at saker skal vere på nynorsk. Og skal eg skrive nynorsk, må eg ha ein korrekturlesar. Det finnast knapt korrekturlesarar i norske aviser, ergo vert det også enda verre vilkår for journalistar som skriv nynorsk. Desken kan ofte klare å rette bokmålsfeil, men ikkje nynorskfeil.

Men kven er det som får kjeft? Jo det er vi som signerer sakene som får kjeft for alle skrivefeila frå sure folk som ikkje forstår at rettskriving er ei bragd når klokka heng over deg og sjefen brøler frå desken. Den kjeften vil eg ikkje ha. Så kva skal vi gjere? Eg trur ein kan begynne med å høyre på oss som skriver i det offentlege rom feks. Om ein ikkje tar hensyn til den praktiske kvardagen språket skal brukast i, trur eg ikkje ein kjem langt med språkdebatten.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys