8. jun. 2008

Nyhetsambisjonane i Firda

er ca lik null. Her har dei tidenes ulykke i Gulen med Vest Tank, og så siterer dei Bergens Tidende heller enn å grave fram sakene sjølv. Firda har monopol i Sogn og Fjordane, saman med NRK, og dei to utgjer tilsaman eit nullnivå når det kjem til gravande nyhetsjournalistikk. Det burde vere eit minimumskrav at avisa greier dekke dei virkelig store nyhetssakene innanfor fylket. Då eg jobba i klassekampen ifjor, tok eg ledelse på Vest Tank-saken framfor både Firda og BT. Og eg sat i Oslo på kontor. Det seier ein heil del. Kvar er ambisjonane blant fjordane? Er dei nøgde med å skrive litt om bjørnen? Bjørnestoffet er svært enkelt og svært tabloid. Det kjem av seg sjølv utan at journalisten treng gjere anna enn å løfte av røyret. Gravesakene skil klinten frå kveiten blant aviser og reportere.

Laurdag stadfesta Statens Forureiningstilsyn (SFT) overfor Bergens Tidende at tankane på Vest Tank inneheldt dødeleg gift då dei eksploderte 24. mai i fjor.

Det talar for seg.