Gå til hovedinnhold

Dei sløve lokalmediene

Kvar er redaktørane?

Samfunnsdebatten i Sogn og Fjordane skrik etter analyse og kompetanse medan lokalavisene overlet dei viktigaste nyhendene til BT og riksavisene.

UNDERHALDNINGSKANINAR: Randi Førsund vil svømme Sognefjorden på langs. Terje Lyngstad vil burne. Stig Eikaas vil gi mange tusen kroner til den som spraya statuen av Gjest Baardsen i Sogndal rød. Der stoppar kulturdebatten i Sogn og Fjordane, meiner Anne Viken.



Screenprints av BTs saker i papiravisa.

Kronikken ligg på nett, og stod på trykk i Bergens Tidende 23.juli 2008, stod først på trykk som Med andre ord-artikkel i full lengde i Klassekampen 24.juli.

Her er BTs versjon:


Publisert: 23. jul. 2008, 06:00
Oppdatert: 23. jul. 2008, 09:52


Av Anne Viken, journalist og fri skrivande, Bygstad/Oslo

Eg køyrer av stad i eit attgrodd landskap, gjennom smale mørke tunnelar og møter ein ordførar frå Sogn og Fjordane. Ho er oppgitt. Det er for så vidt kjekt for ho at ho kan operere som ho vil langt unna medias kritiske søkjelys, men på den andre sida hadde det og vore behov for kritisk og avslørande journalistikk også her ute, meiner ho.

- Kvar er journalistane, spør ho oppgitt.

Journalistane er her. Men dei bryr seg ikkje om slikt.

Vest Tank-skandalen i Gulen er eit eksempel på ei av dei største skandalesakene i Sogn og Fjordane siste åra. Kvar var lokalmedia? Firdas dekning av Vest Tank-skandalen er i stor grad siteringssaker frå Bergens Tidende. (sjekk firda.no)

Også Sogn Avis baserer seg på siteringssaker og gjer lite arbeid sjølv for å dekke Vest Tank. Siteringssakene ligg, som på firda.no, på bokmål på nynorskavisas nettsider. Lokalavisene ser med andre ord ikkje ut til å ville vie ressursar til dei verkeleg viktige sakene i fylket, men overlet jobben til nasjonale medium eller Bergens Tidende.

Les også: Redaktørane slår tilbake

Kome her og kome her
- Kva er det med Sogn og Fjordane? Kvifor er redaktørane der meir bakstreverske og gnitne enn elles i landet? Er det fordi dei sjølve ikkje har røynsle med å drive god undersøkjande journalistikk, og ikkje ser verdien i å la journalistane sine bli gode på det, spurde SKUP-leiar Håkon Haugsbø («SKUP-leiar skuffa over Sogn og Fjordane», www.nj.no 1. april 2008), då NRK Sogn og Fjordane berre ville betale SKUP-seminaret i Tønsberg i 2008 for ein einaste journalist. (SKUP er forkorting av Stiftelsen for en Kritisk og Uavhengig Presse.)

- Haugsbø har alltid hatt eit godt og tydeleg sjølvbilete. No har han i tillegg budd fleire år i hovudstaden, og då kan vi ikkje forvente at han skal ha respekt for kollegaer i mindre redaksjonar i Utkant-Noreg, svarte redaksjonssjefen i NRK Sogn og Fjordane, Rolf Sanne-Gundersen.

Ein skal med andre ord ikkje kome her og kome her. Haugsbø kjem sjølv frå Sogn og Fjordane. Og han har eit poeng: Det er ingen kultur for gravejournalistikk i Sogn og Fjordane.

Journalistikken påverkar i sin tur debatten.

Underhaldningskaninar
Debatten i Sogn og Fjordane no er i stor grad prega av tre aktørar som alle frontar sine saker innanfor sine område både i form av saker og lesarbrev. Vi har filmskapar Randi Førsund som vil ha hundre millionar kroner til vikingfilmen «Hemnen», teatersjef Terje Lyngstad som kranglar med politiet om kor vidt han kan få lov til å burne med bil i teateroppsettet av «Burn baby burn», og kunstnar Stig Eikaas som heile tida snakkar om at han har sett opp nye statuar av stein.

Både film, teater og kunst er interessante tema i den allmenne samfunnsdebatten, men slik som desse tre og deira saker vert framstilt i fjordfylket, framstår dei nesten utan unntak som underhaldningskaninar: Førsund vil svømme Sognefjorden på langs om ho får pengar til filmatiseringa av Hemnen, Lyngstads mann i bil misser lappen når han burnar for BTs fotograf, og Eikaas vil gi mange tusen kroner til den som spraya statuen av Gjest Baardsen i Sogndal rød.

Uinteressante kulturaktørar
Det heile minner meir om såpeopera enn debatt, underhaldande men ikkje djupt. Eikås kjem på trykk med tallause lesarbrev i Firda, og firda.no lagar sak på Førsunds lesarbrev om fjordsvømming.

Desse tre kulturaktørane framstår som flate og uinteressante, og kven sin feil er dette?

Eg er einig med fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane, Ingebjørg Erikstad. Ho sa nyleg til Firda at journalistane ikkje alltid ser ut til å vere så godt skolerte. Når journalistens kompetanse sviktar, går det som kjent ut over intervjuobjektet, og i andre omgang lesaren. Eg trur nok Lyngstad har greie på teater sjølv om det ikkje kjem fram, Førsund kan sikkert mykje om historie og film sjølv om ein får inntrykk av det motsette gjennom media, og Eikås har sannsynlegvis også greie på kunst, men dei tre framstår i lokalmedia som overflatiske og tabloide.

Debatten sporar av
Men dette går ikkje berre på kunnskap om film og steinkunst hos journalisten, det går også på evna til å utføre research og grave fram kunnskap som set sakene i eit vidare perspektiv. No er det svømming heller enn filmprosjektet, og spraymåling heller enn om Eikås faktisk er ein dugande kunstnar. No er kunsten hans målt i talet på arge lesarbrev. Debatten har spora av for lenge sidan.

For å forhindre denne avsporinga i tilfellet Førsund, kunne ein eksempelvis ha ringt opp historikarane Førsund hevdar å ha i ryggen og spørje dei om filmmanuset hennar held vatn. Kva med å snakke med Nils Gaup om filmen? Han er med på Førsunds lass. Eg lurer framleis på kva det er slags historiske kvalitetar dette manuset har som får Nils Gaup til å tenne på prosjektet.

Stormannsgalne?
Forskar Georg Arnestad meinte i ein kommentar i lørdagens Sogn Avis at den stormannsgalne filmskaparen Randi Førsund har brukt opp taletida si. Firda-journalist Katrine Sele skreiv i ein kommentar i Firda 3. mai at ho ser det som eit symptom på noko ufriskt i Sogn og Fjordane at dei stormannsgalne kulturaktørane Eikås og Førsund får så mykje plass i media i fylket.

Eg vil ikkje bruke ordet stormannsgalne, men eg er einig med Sele i at det er teikn på noko ufriskt. Det ser ikkje ut til å spire og gro verken i den kritiske journalistikken, eller blant potensielle samfunnsdebattantar. Samfunns- og mediedebatten i Sogn og Fjordane skrik etter analyse og kompetanse. Den skrik også etter fleire stemmer.

Something is rotten...
Gode skribentar må også framelskast i eit gunstig klima som oppfordrar til kompetent debatt, ikkje i eit klima som lause kanonar på dekk. Debatten og journalistikken heng unekteleg saman, og ein treng ikkje operere nasjonalt for å halde nivå. Det handlar om grep og strategiar for kva ein vil ha på trykk i det offentlege rom. Ein må ta medvitne val for korleis debattnivået kan hevast, og desse grepa kan takast redaksjonelt.

Dei siste åra har Bergens Tidende satsa meir på debatt- og kronikksidene fordi avishuset ser den opne og informerte debatten som noko av det viktigaste huset kan halde på med, skreiv debattredaktør i Bergens Tidende (BT), Hilde Sandvik, på kommentarplass i april. Godt poeng.

Også redaktørane i lokalavisene har eit ansvar for å ta regi, og også for å framskaffe nye stemmer. Det bør vere ei økonomisk prioritering som også kan gi avkastning på andre samfunnsfrontar enn i medias spalter: Eit heva debattnivå i media kan vere med å heve nivået i lokalpolitikken. Her kan ein gi honnør til kanalsjef Arild Nybø og Fjordaglimt i Firda der sakleg debatt foregår på nett under fullt namn.

Om redaktørane hevar krava til saklegheit og analytisk debatt i media, kan det smitte over på analysen og kravet til kompetanse lokalpolitikken, noko Sogn og Fjordane sårt kunne trenge i kampen om gode og ressursar. Men lokalmedia her har, og vil truleg, dessverre, ha monopol i lang tid framover.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb