Gå til hovedinnhold

Norsk dekning av det amerikanske valget

  • Kvifor amerikanske valg får så stor merksemd i Norge:
  • Dette er mine stikkord til debatt om norsk dekning av det amerikanske valget på nrk p2.

Generelt om amerikansk valg:

Kvifor USA generelt og det amerikanske presidentvalget spesielt interesserer så sterkt:
- elsk/hat forhold til USA -- eit schizofrent forhold - sterk tradisjonell kulturell og sikkerhetspolitisk tilknytning. Norge omtales jo som den 51.staten i USA.
- Alle føler at dei kan USA, eller at dei kan masse om USA, pga sterke band og amerikansk massekultur.
- USA er svært sammensatt: Fasinasjon som vedvarer
- mykje av fasinasjonen og forhåpningene som rettes mot vårt USA, har sammenheng med ein sterk opplevd kulturell og politisk nærhet: eit opplevd felles idegrunnlag med demokrati i sentrum, parallelle utenrikspolitiske erfaringer og ønsker - sosiale og personlige band på grunn av migrasjonen til USA frå Europa, alliansefellesskapet under 2.verdenskrig og sidan gjennom NATO. Interessen for amerikanske presidentvalg genereres i stor grad fra denne generelle interessa.
- Vi opplever at demokratane ligg nærmare oss, og demokratanes kandidat tas til innntekt for det "sanne USA", og republikanarane for det falske. Og ved sida av kampen mellom "det sanne" og "det falske", har vi konkurransen om utvelgelsen av "det sannes kandidat".
- Ekstra spenning er det når Obama står for toleransens muligheter og et generasjonsskifte, mens McCain vurderes som ein som vidareførar av Bush si linje.
- Den amerikanske dominansen i massemedia generelt har også overføringsverdi til den amerikanske presidentvalgkampen.
- konkurranseelementet: to klart definerte parter der det produseres ein vinnar og ein tapar.
- stadig produksjon av meiningsmålingar og analysar og eit kobbel av kommentatorar: Det blir skapt eit bilde av ein kontinuerlig foranderlig prosess der ein må følge med heile tida - det blir ein følgetong i media der ein må følge med heile tida for å vere oppdatert.
- Nettmedier, bloggere, analytikere følger valgkampen og den voldsomme merksemda er dermed sjølvforsterkande.

Dette valget


- er historisk på mange måtar.
- tidens lengste valgkamp: 21 mnd

Clinton - første potensielle kvinnelige president
Obama- først afrikan-american president
McCain - eldste president valgt til sin første periode
finanskrisen som traff wall street i september akselererte spenningen.

Norsk medidekning:

Dagen etter seieren: (torsdag)

- norske medier følger etter amerikanske, men leverer dårligere. (her er eksempel frå Dagbladet sidan debattdeltakaren eigentleg skulle ha vore Anne Aasheim i Dagbladet).

Dagbladet.no: Dagbladet.no møtte Oprah Winfrey og Brad Pitt på valgfest for Obama i natt.
og: - McCain har gått ut på dato (intervju med fire oslo-fruer som meiner McCain er for gammal... )
Ein video med "Her skal Obama bo", interiør frå det kvite hus,
og "Norsk såpestjerne feiret Obama i NY i natt", om at Obama er kjendisenes favoritt.
og "Slik blir Obamas USA".. der vi får høyre alt vi har høyrt før om økonomien.
"Obama er ond og grusom" (frå McCains valgvake)
"Vil gi et kraftigere USA- Jonas Gahr STøre er fornøyd med valgresultatet" - Her har norske medier noko å kome med, norske syn, norske politikere, men når det kjem til dekning av sjølve valget i USA, fell dei klart gjennom på nivå samanlikna med amerikanske, kanskje ikkje så rart - vi er jo i Norge - men på same tid går det an å spørre seg kvifor det ser ut til å vere gjort så lettvint journalistikk ut av det,
"Obama er ingen kosebamse" - tabloide enkle sitater,

ein må rett og slett gå til amerikanske medier dersom ein er interessert i substans. eventuelt fagtidsskrifter, foreign policy, foreign affairs eller internasjonale politikk. washington post, ekspertkommentatorar, amerikanske skribentar.

Sakene i norske aviser på valgdagen (tirsdag)


Dagsavisen: USA er splittet
Klassekampen: USA øker antallet soldater i Afghanistan
VG: Hun var hjørnesteinen i vår familie (Obamas bestemor død)
Dagbladet: Obamas bestemor er død. Og ein kommentar om likhet mellom valgkampen no og serien Presidenten..
Aftenposten: Skjebnevalget

Sakene dagen før valgdagen (mandag)


Klassekampen: Folk i USA hamstrer inn våpen
Dagbladet: Tabber, rykter , skandaler
VG: Springsteen hyllet Obama som ny president - underhaldning.

Hvor mye har vi fått vite om politikken til kandidatene? Har Obama blitt overdekket? Er det riktig/galt?

Kanskje ei veldig naiv dekning av Obama - Obama er annleis og ber bod om endring, men Obama er berre ein mann, og skal han ha gjennomslag for sin politikk, må han ha Senatet med seg. USAs utenrikspolitikk etter 11.september innebar viktige avvik frå hovedlinja USA har først sidan 1940-åra - om endringen er situasjonsbetinga eller represetnerer innledning til varige endringar i amerikansk utenrikspolitikk, vil vere avgjerande for kva retning vi kan forvente at USA orienterar seg i åra som kjem. Jo meir kursendringa under Bush er resultat av endra grunnbetingelsear for am. utenrikspolitikk, jo større grad av kontinuitet kan ein forvente - uavhengig av kven som blir president - sidan dette vil begrense presidentens handlingsrom...

Er vår dekning veldig forskjellig fra amerikanske mediers dekning? For lik? Bra/dårlig?

Mykje meir nyansert i USA, fleire store tunge medier - fleire internasjonalt annerkjente kommentatorar med stor tyngde som norske medier siterar og hentar informasjon frå. Når Dagbladet og VG hadde "bestemor Obama død" på framsidene sine valgdagen, hadde amerikanske medier saker av typen: lange køer ved stemmelokala (Washington post, NY Times),

Hva kunne vi ha fått MER av og hva kunne vi fått MINDRE av?

MINDRE:

- MINDRE VALGDEKNING, kvalitet framfor kvantitet. No har det blitt kvantitet framfor kvalitet.

FORDI:

LETTLEST MEN IKKJE DIREKTE INFORMATIVT, er vel eit stikkord for norske mediers dekning.

- Mykje ganske like ON THE ROAD-REPORTASJER frå USA i mange norske papiraviser, småprat med velgarar, stemningsrapportar utan vidare kontekst enn her og no, enkel featureunderhaldning, følgetong, lettlest sofalesestoff frå journalistar som synest det er kjekt å følge valget, men ikkje nødvendigvis har så god kompetanse på det dei dekker. Feks at ein nordmann som sat fange i Hilton Hanoi ilag med McCain stilte opp for McCain i valgkampen vart stor sak på dagbladet.no.

- Norske kommentatorar skriv mykje det same, det blir enkelt. Ein må lese amerikanske aviser og kommentatorar om ein vil ha nye blikk og interessante stemmer. Det ser ut som om det er for få norske kommentatorar som monopoliserer kommentatorveldet, og dei gjentar seg sjølv og kvarandre. Alle vil sei sitt om valget og valgets ulike fasar, noko som fører til at dei gjentar kvarandre. I tillegg er ikkje norske kommentatorar spesialistar eller fagkompetente på valget, iallefall ikkje dei fleste som skriv for aviser - dei er vanlige folk som er interesserte i valget - noko som fører til at kommentarnivået i Norge blir vestenlig lågare enn i amerikanske medier som nyttar ekspertar, professorar, politiske toppfolk og rådgiverar både som kommentatorar og bloggarar.

Greit nok, USA sit nok med mest ekspertkompetanse på seg sjølv, men om ein først skal samanlikne norsk med amerikanske mediedekning av valget, kan dette trekkast fram som ein sentral forskjell.

- Mange norske lesarar er LEI av valget - kva vere MEDIENE synest SJØLV det er spanande og GLØYMER lesarane.

- MICHELLE OBAMA: Kvar sak om Michelle Obama har dei same poenga, gjentar det same, den same historia som vi har fått presentert gjennom Obamas valgkampmaskineri og lett tilgjengelige kilder på nettet som youtube og wikipedia. Avspeglar lettvint research. SAME GJELD SARAH PALIN.

- Valget gir antagelegvis mykje billig produsert sidefyll for avisene. Det seier også redaktørane.

MEIR:

- Kvalitetsreportasjer. Eventuelt meir bruk av amerikanske ekspertar, ikkje berre folk-flest reportasjer. Kanskje kjøpe inn stoff frå amerikanske medier.

Hvis McCain vinner, har mediene da grunn til å skamme seg over å ha skapt en forventning om at Obama blir president?

- meiningsmålingane har gått i favør av Obama. Om McCain hadde vunne, kan ein sjå på resultatet av primærvalget, der vann Obama med 15 prosent over Hillary, noko ingen andre enn Zogbys hadde klart å forutsei.

- Men det kan tenkes at medienes hype rundt Obama i USA, forsterkar hans sjansar til å vinne - og i USA som i Norge - blir mediene beskulda for å vere VENSTREVRIDDE. republikanarane klagar over det i USA, på same måte som høgresida klagar over venstrevridde journalistar i Norge..

- at norske medier heiar på Obama, er ikkje uventa, sidan demokratar står for det sanne, gode fine USA som vi ønsker oss. Skamme seg trenger ikkje media gjere, media i USA forventar også, slik eg har oppfatta det, at Obama vil vinne. Economist og andre seriøse medier var rimelig sikre i si sak på valgdagen, og amerikanske medier omtalar valget som historisk.

Andre usikkerhetsfaktorar:

- To kandidatar som skilte seg så klart frå den normale kvite mannlige presidentmalen, skapte ekstra stor usikkerhet blant velgarane, og uvanlig stor forskjell mellom velgarane--> ekstra store usikkerhetsmarginer i målingane.

- Forskjeller mellom dei enkelte statane i kven som kan stemme, og kven som faktisk stemmer, kven som seier dei skal stemme og som så ikkje gjer det, og dei som seier at dei vil stemme på ein bestemt kandidat, men så lar vere å stemme i det heile.

- Heterogen populasjon gir store usikkerhetsmarginar, usikkerheten er større for undergrupper av utvalget enn for sjølve utvalget: det vil sei at det kan vere svært vanskeleg å fastslå kva undergruppene faktisk stemmer på- feks unge eller afro-amerikanere, latinos. LIKEVEL FÅR VI PRESENTERT I MEDIA AT UNGE OG AFRO-AMERIKANERE STEMMER OBAMA.

- Mange amerikanske valgmålingar er utført på svært SPINKELT grunnlag med små utvalg, ned i 600 deltakarar. For undergrupper er dermed feilmarginane så store at det er UMULIG Å SEI noko om kva kandidat desse støttar med ein rimelig grad av sikkerhet: mediene brukar uansett desse tala, og gir ikkje lesarane/ lyttarane beskjed om kor stor usikkerhet som faktisk er knytt til målingane. Mediene ser heller ut til å utnytte at målingane går opp og ned som ein underhaldningsverdi i seg sjølv i følgjetongen om det amerikanske valget, og lagar i TILLEGG saker om at målingane er usikre.. Dobbel underhaldningsverdi med andre ord.

- Målingane er meir usikre jo lenger tid det er att til valget. Ergo er meiningsmålilngar interessante heile vegen - følgjetong - fordi dei kan endre seg - og kva betyr endringane? Godt stoff.

Mange store medier BESTILLER eigne meiningsmålingar for å ha EKSKLUSIVT stoff - noko som bidrar enda meir i følgjetongen om prosentane.

DET MEDIENE GJER FEIL, ER Å FRAMSTILLE MEININGSMÅLINGAR SOM SIKRE, ELLER EIN LET VERE Å OPPGI DEI SVÆÆRE FEILMARGINANE SOM OFTE ER, og som primærvalgets resultat med +15 prosent til Obama, klart fortel oss at eksisterar.. Ein har også sett store feilmarginar ved tidlegare amerikanske presidentvalg.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl...

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys...